Leflaive 2009

I november hadde eg gleda av å vere til stades på ei smaking med ti år gamal vin frå Domaine Leflaive. Kvit Burgund er ein vintype eg har vore lite innom sidan tida mi på Park Hotel Vossevangen. Dels fordi vinane har stige ganske mykje i pris.

Domaine Leflaive har 28,2 hektar vinmarker, hovudsakleg i Puligny-Montrachet. Dei har litt av alle fire Grand Cru-vinmarker i kommunen, og eigardelar i fire Premier Cru. Joseph Leflaive bygde opp eigedomen frå 1905, og sikra både vinmarker og bygningar. Frå 1990 styrte Anne Claude og Olivier Leflaive, med Pierre Morey som vinmakar sidan 1989. Olivier hadde eit negociant-selskap ved sida av og ville heller drive det. Frå 1994 styrte altså Anne Claude skuta på eigahand.

Saman med Pierre Morey implementerte Anne Claude ein biodynamisk modus for vinmarksarbeidet. Utover 1990-talet steig renoméet og merksemda til Leflaive. Vinmarkene er bunde opp med ein enkel guyot, og saman med grøn innhausting om sommaren vert det lågt utbytte. I ein varm årgang som 2009 vart det kanskje for mykje av det gode. To av dei fem flaskene vi prøvde har eg notert i margen, svak flaske? Det er diverre ikkje lett å skrive noko om kvit Burgund utan å nemne premox… Og eg kan ikkje la vere å påpeike at kvit Burgund er eit lotteri med dyre lodd.

Av dei fem vinane var Bourgogne Blanc og Bâtard-Montrachet strålande friske vinar med zest og mineralsnert. Chevalier-Montrachet var litt tyngre i sessen, men innafor. Puligny-Montrachet og Puligny-Montrachet 1. cru Clavoillon var skuffande. Visst kan ein vere uheldig med dårlege flasker, men prisen og renoméet til vinane teke i betraktning så burde ein kunne forvente betre.

Om ein kikkar på notat på vinane på Cellartracker, ser ein at det er mykje rart. Clavoillon 2009 har 42 smaksnotat og ti av dei skriv at dei anten er skuffa fordi vinen er for slapp og oksidert, eller at vinen har openberre feil som tidleg oksidering. Chevalier-Montrachet 2009 har 37 notat og 8 av dei er «flawed», medan 3 andre antyder premox eller liknande. Kommunevinen Puligny-Montrachet har berre 19 notat, og ingen dårlege. Men berre ein person har smakt/notert noko om vinen etter 2015. Det kan ein jo tolke i retning av at folk er skeptiske til framtida for vinen. Bâtard-Montrachet 2009 har berre fine notat, og her er det også ein del som har smakt vinen i 2019.

Er det ein kombinasjon av høg ph i vinen og litt lite svovel? Som kjem av varm årgang og godt mogne druer. Alkoholprosenten på dei fleste vinane var 13,5, og det er ikkje så uvanleg. Men syre-nivået er ukjend. Det blir berre spekulasjonar. Men eg skulle ønskje at spekulasjonane kunne handle om dei flotte vinmarkene i Puligny-Montrachet, og ikkje premox, kork, dårleg vinmaking etc.

Bourgogne Blanc 2009
Vinen er lys strågul med grønskjær. Lovar bra. Lekker og frisk detaljert nase med allehånde, lime og flint. Noko utvikla men frisk. Pen og noko utvikla chardonnay med fin (moderat) limesyre og lett krydra ettersmak. Overraskande god for appellasjonen. Og frisk stil i ein varm årgang.

Puligny-Montrachet 2009
Djup strågul på farge. Luktar litt flatt, lett oksidativ med nedfallseple og vanilje. Smaken går i same retning. Litt bitter, nedfallseple, mogen sitron og litt fat. Er nok ikkje optimal flaske/premox.

Puligny-Montrachet 1. cru Clavoillon 2009
Djup strågul+ Gjev lite. Litt gule eple, fat og vanilje. Noko grov munnkjensle, bitterheit, gule eple og alkoholstikk. Svak flaske?

Bâtard-Montrachet Grand Cru 2009
Strågul+ Vinen luktar friskt med flint, salt stein, popcorn og baconcrisp. Fin og intens lukt! Vinen er balansert, frisk og smakar av gule eple og sitron. Lekker vin!

Chevalier-Montrachet Grand Cru 2009
Gullgul. Luktar toffee og noko friskt steinete innslag. Her er også fat og hasselnøtter. Konsentrert, litt feit vin med underliggjande syre. Smak av nedfalseple og gamle fat. Litt udetaljert og grov. God vin, men noko skuffande. Passar heller ikkje til fasiten om korleis vin frå Chevalier-Montrachet skal vere. Litt over middagshøgda, eller berre ei dårleg flaske?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *