Les Grandes Vignes Groslot 2018

Stakkars Groslot, ikkje berre gjort narr av og nedvurdert av Oz Clarke og Jancis Robinson, men har offisielt mista namnet sitt til Grolleau Noir, og fysisk plass til fordel for andre druer i Loire. Mest brukt til i rosevinar frå Anjou, men hallo – burde ikkje ei drue som lagar vinar med lav alkohol og høg syre passa perfekt i dagens vinmarknad?

Hjå Domaine Les Grandes Vignes har familien Vaillant haldt det gåande sidan 1600-talet, og er i dag Demeter-sertifisert. Filosofien er å halda druene så friske og nøgde at ein treng å gjera minst mogleg i kjellaren. Forutan Chenin Blanc, Cabernet Franc og Pineau d’Aunis(!), så har dei altså ein åkerlapp med Groslot…

Les Grandes Vignes Groslot 2018

100% Groslot, økologisk og biodynamisk sertifisering, fementert på fat, ufiltrert, ingen svovling.

Støvete blåbærsyltetøy på snute, litt skinnjakke bakom. Blåbær, morell og litt sødme i munn. Litt stutt – går ein strafferunde innom karaffel før vi smakar på ordentleg.  

Vinn på lufting. Blåbær, morell, lærjakke og knuste bringebær. Litt harpiks/furuskog.  Reine duftar.

Lett og juicy anslag. Midtparti med morell og søte bringebær, urtepreg – litt basilikum og noko grønt. Lang avslutning med heftig rips-syre. Tanniner byggjer seg langsamt opp, blir veldig merkbare i siste tredjedel av flaska.

Artig vin, som eg ikkje heilt blir klok på – minner undervegs mykje om Gamay, men har for mykje tanniner til å vera leskande. Fungerte fint med hjortebiff men eg sakna litt meir trøkk i møte med smør-generøst tilbehør. Best lett avkjølt, og uansett eit fint kjøp til 180,- Ta denne med på blindsmaking og vinvenane dine vil hata deg for evig…     

Musikkbonus: Chrissie Hynde – Valve Bone Woe

Vi lever i ei interessant tid der lite overraskar lenger – likevel var eg ikkje budd på at Chrissie Hynde skulle gje ut ei jazzplate. Og at det skulle låta så tøft.

 Rockedronninga frå The Pretenders tar for seg Mingus og Coltrane, men også Beach Boys og Nick Drake på ei plate som balanserer fint mellom tilbakelent jazz og kjøleg vokal – orkestreringa svøyper seg flott rundt røysta hennar, og ho går ikkje av vegen for å prøva å sabotera sitt eige prosjekt med bandekko og effektar.

Høgdepunkt? Nick Drake – River Man og Hello Young Lovers (Rodgers/Hammerstein).  

Kjelder:
http://chrissiehynde.com/
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
https://www.domainelesgrandesvignes.com/

Leave a Reply