Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014

Ribolla blir omtalt som ei italiensk drue – men truleg kom ho gjennom Slovenia frå Hellas. Ikkje særleg kjend i dag, men desto meir berømt og berykta gjennom historia. Giovanni Boccaccio (han med Decameronen) rekna vinar med ribolla som ei av syndane i fråtse-kategorien, medan Leopold III krevde 100 urner med ribolla-vin i året frå Trieste, og drua vart rekna for å laga den finaste kvite vinen i Friuli. Så kom phylloxera og øydela alt – ved gjenplantinga satsa ein heller på importerte druer som merlot og sauvignon blanc heller enn lokale slag. I kveld lar vi Venezia halda på med sitt og klatrer opp i åsane over grensa til Slovenia.

I Brda (i praksis ei vidareføring av Collio) blandar familien Simčič vitskap og tradisjon – i 1860 starta fetter Anton Simčič eventyret – i dag er det Marjan som regjerer som femte generasjon på bruket. Garden produserar 90 000 flasker i året frå 18 hektar med eigen vinmark.

Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014

Ribolla 60%, Pinot Grigio 20%, Tocai Friulano 20%

Blomstereng, fersken, våt stein og litt hasselnøtt frå nyopna flaske – med godvilje sylta sitron i bakgrunnen. Opplevd som litt innestengt duft – får ein times strafferunde på karaffel.

Forsiktig anslag. Slankt midtparti med mykje fersken, modne gule eple, yoghurt naturell i bakgrunnen – blir litt spinkel. Litt bitre urter før ei forsiktig avslutning dog med anstendig lengde. Må medgje at eg er skuffa over første glaset…

Prosjekt lufting utvida til tre timar på karaffel – noko som vinen profitterer mykje på. Syner no ein diskret eleganse – dempa ferskenduft, saman med flintrøyk, våt skifer, smør og ‘juraaktige’ nøtter. I munnen er det komen lag på lag med fyldig sitron og ei heilt anna intensitet og syre i avslutninga.

Fungerte tipp topp til kvit pizza – gjettar vinen også går godt til kyllingrettar eller skaldyr-risotto. Etter kvart ein super vin som krev litt planlegging før konsum – 3 år til før opning eller 3 timar på karaffel er antakeleg minimum…

 

Musikkbonus: Bryan Beller – Wednesday Night Live

Soloplater frå bassistar er oftare enn ikkje eit litt skamfullt hjørne i platesamlinga mi. Heldigvis finns det vedunderlege unntak, og denne plata frå Bryan Beller (Dweezil Zappa, Mike Keneally, Steve Vai, Joe Satriani, The Aristocrats) er eit av desse. To studioalbum – View (2003) og Thanks in Advance (2008) – som begge gjer nytte av ein overjordisk teknikk til å backa opp songar og andre solistar kom først. Taktskeiv progrock og melodisk gitar-rock, men kanskje ein smule glatt.

Kveldens plate er spelt inn live i intime Baked Potato, Los Angeles i 2010, og har eit mykje røffare lydbilete der du kjenner at publikum er tett på og det er trongt på scena.

Saman på scena har han Joe Travers (Zappa Plays Zappa), Rick Musalam, Griff Peters og Mike Keneally (Frank Zappa), så det er ikkje til å komma ifrå at ein bør lika gitarsoloar for å nyta denne plata. Ekstrem presisjon, melodisk teft og heftig jamming i påvente av ny plate i 2019.

Kjelder:

https://www.simcic.si/
Oz Clarke/Maragret Rand – Druer og Viner
Div Wikipedia

Home

Ein tanke på “Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014

Leave a Reply