Matthias Hager Vielfalt 2017

Grumsete oransjevin frå steinerskuleland i Kamptal, Austerrike. I Molland eksperimenterer Matthias Hager med ulike produksjonslinjer som skal ha med seg ulike typar energiar i flaska. Eller skilje lette og tunge vinar med eit fargekodesystem som ein mindre antroposofisk anlagt vinbonde antakeleg ville omtalt det…

Matthias Hager Vielfalt 2017

Muskateller 10%, Riesling 20%, Grüner Veltliner 60%, Sauvignon Blanc 10%

Handplukka druer, sertifisert biodynamisk, spontanfermentering, 5 til 8 dagar på skalet.

Appelsinblome, moden ananas, te og raude eple frå nyopna flaske. Søtsyrleg pickles i bakgrunnen. Delikat duft.

Hylleblomstsaft! Saftig anslag som glir over i eit konsentrert midtparti med tropisk nektar og eit grapefruktbittert sting. Fyldig og lang sitrus-avslutning med søtlege krydder og hasselnøtt.


Sjølvsikkert tok eg det for gitt at ein overdose umami skulle vera perfekt matfølgje, men steambuns med kimchi fungerte ikkje så bra – i møte med maten vart hyllebærsmaken overveldande – antakeleg er vinen betre til blåskjel eller kylling. Artig og annleis vin utan at eg vart heilt overbevist – trur eg saknar litt syre.

Musikkbonus: Atomic – Happy New Ears! / Theater Tilters Vol. 2 (live)

Tenk at Skandinavias einaste (halv)melodiske pønkefrijazzsupergruppe og verdas beste liveband fyller 20 år! Denne veka har dei over fem kveldar spelt alle(!) låtane sine live frå 12 plater på Kafe Hærverk i Oslo.

Eit gjenhør på platene frå Jazzland minner meg på kor intenst og samspelt energien er i denne gruppa  – både i studio og på konsert. Elegant blanding av melodi og kaos, av klangar og groove – og det tøffaste av alt: det lét som eit band og ikkje ei gruppe solistar.  

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *