Maury Me

Til liks med Rivesaltes og Banyjuls er Maury – vi er i Languedoc-Roussillon nær spanskegrensa til Catalonia – mest kjend for sterkvin. Frå 2011 har ting endra ting seg i Maury då dei fekk ein eigen appellasjon for raud vin – no kan dei rekna med å få litt meir for strevet om dei vil leggja sjela i noko anna enn dessertvin.     

Oppunder Pyreneane har Nicolas Dornier gifta seg til ein gard frå 1860 som han driv saman med kone, bror og svigerinne der dei produserer eit breitt utval – frå lett rosé til søt og sterk vin.

Clos des Vins d’Amour Maury Sec 1+1=3 2016

60% Grenache, 20% Carignan, 20% Syrah frå opptil 110 år gamle stokkar. Økologisk sertifisering, handplukka druer. 5 månader i ståltank før 1 år på flaske. 1+1=3 er tileigna trillingborna Charles, Max og Victor.

Kraftpakke! Intens duft med bålrøyk, tyttebær, lyng og hengt hjort. Kaffibønner og lysare ripstonar med tid i glaset.

Friskt anslag, lettare munnkjensle enn eg venta meg frå duften. Det vil sei – det er før vinen tar rennefart inn i eit fyldig midtparti med saftig blåbær og morell. Med luftetid kjem litt lakris.  Ei nydeleg balansert avslutning med litt kakao, litt nykverna pepar og mykje blåbær – blir syrlegare etter kvart som tida går.

Morosam vin med reine tonar og litt annleis smaksbilete. Treng litt luft for å visa seg fram. Lette tanniner lister seg rundt i bakgrunnen, noko som fungerte veldig bra til eit stykke lam. Kjempekjøp til 252,-   

Musikkbonus: Yusuf/Cat Stevens – Tea for the Tillerman²

«Though my songwriting adventures were never limited to Tillerman, the songs on that album certainly defined me and pointed the way for my mysterious life’s journey. Since those originative sessions in Morgan Studios, Willesden, in 1970, Tillerman has grown and developed its own gravitas and influence on music history and as the soundtrack to so many people’s lives. Like it was destiny waiting to happen, T4TT² feels like the timing of its message has arrived again.»

Tea for The Tillerman kom i 1970 og vart ein milepæl i folkrock- og papparock-sjangeren. For å markera 50 årsjubileet har Yusuf/Cat Stevens/ Steven Demetre Georgiou i ein alder av 72 spelt heile albumet inn på nytt saman med originalprodusenten.  

Det lét eigentleg ganske tøft, røysta heldt enno og han tuklar ikkje alt for mykje med originalane – i alle fall ikkje før han lagar jazzlounge av Wild World og rap-funkbreak på Longer Boats. On the Road to Find Out har fått eit intenst tøft Eric Clapton-bluespreg. Litt oppdaterte lydar her, litt fyldigare kor der – snedig klipp-og-lim på Father and Son der 72 år gamle Yusuf syng duett med 22 år gamle Cat frå originalinnspelinga. Triveleg og vellukka konsept med ei imponerande gjennomførd lita bilet-bok frå innspelinga inni coveret – så flott laga at eg nesten angrar på at eg ikkje valde vinyl denne gongen.

Kjelder:
https://www.closdesvinsdamour.fr/
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *