Mavrud, så Mavrud…

Bulgaria er nok eit land som tevlar om å ha verdas eldste vinproduksjon, og har gjennom heile historia vore eit storpolitisk vegkryss. På sitt mektigaste gjennom 600-talet kvalifiserer dei til å bli hugsa som det storbulgarske riket, i moderne tid har prosessen frå brutal sovjetsatelitt til demokrati vore strevsam, men ser etterkvart ut til å gå rette vegen.

På vinfronten har dei ein lang tradisjon – til og med omtalt i Iliaden – som først kollapsa under angrep frå phylloxera, vart kollektivisert under kommunismen og igjen kollapsa økonomisk på nittitalet etter å ha vore ein av verdas største eksportørar. Det meste var blitt enkel bordvin for den russiske (og norske) marknaden før Gorbatsjov sin anti-alkoholkampanje råka knallhardt. I dag er produksjonen langsamt på veg opp igjen i ei blanding av lokale og internasjonale drueslag..  

Halvannan times køyretur søraust for Sofia ligg nyleg rebranda Via Vinera som har dei fleste kjende franske druene i porteføljen, men også lokale Dimyat og Mavrud.

Via Vinera Bulgarian Heritage Dimyat 2017

Dimiat/Dimyat har eit ukjend opphav, men er antakeleg ei av fleire druesortar som stammer frå Gouais Blanc. Drua vert omtrent berre dyrka i Bulgaria, mognar tidleg og blir brukt til både dessertvinar, tørre vinar og til sprit.

Herleg sitrusaroma frå nyskjenkt glas. Får raskt selskap av vanilje og pære. Med tid i glaset kjem honning snikande. Endar opp i ein slags søt pæreduft.

Søtleg honninganslag. Pæreis og meir honning, sitron som kicker inn når sødmen er i ferd med å bli overveldande.Vanilje og nellik gøymer seg bak frukta. Fyldig avslutning med hasselnøtt og sylta sitron.

Artig vin med reine smakar. Blir litt spinkel i midtpartiet og litt for sødmefylt i avslutninga åleine. Saman med falafel gjekk det mykje betre. Drikk kjøleg. Verd 150-lappen.

Men, tenkjer du nok no. Kva med Mavrud, den blåsvarte seintmognande bulgarske drua med tjukt skal og lagringspotensiale?  

Via Vinera Bulgarian Heritage Mavrud 2015

Bestilte 2017, fekk 2015. 100% Mavrud. 9 månader på ny eik 6 månader på flaske.

Hagebær – rips, moreller, blåplommer i ei kaotisk og herleg blanding. Får raskt selskap av mjølkesjokolade og nykverna svart pepar. Med tid i glaset kjem eit parfymert fiolpreg. Veldig triveleg snute.

Saftig anslag. Midtparti med morell, bjørnebær og mørk, bitter sjokolade. Lite spor av treverk anna enn eit lett støvete krydderpreg. Mjuk og lang avslutning. Tanniner byggjer seg opp, går frå hyggjevin til vin som krev eit lammeoffer eller noko anna raudt kjøt før vi er midtvegs.

Enkel og rein – og skummelt tiltalande vin med nok ryggrad til å takla det meste av raudt kjøt. Klokkar inn som ein slags blanding av nebbiolo og syrah. Flott kjøp til 160 kroner.

Musikkbonus: Pixies – Beneath the Eyrie

Pixies er ute med ny plate, den tredje etter dei fann saman att, og denne gongen lukkast dei. Indierock-pionerane som aldri hadde ein ‘ordentleg’ hit, men som vart framsnakka til dei grader av Nirvana, Radiohead og PJ Harvey, har funne attende til formelen med sofistikert punk med melodisk teft og det verkar som – å bruka «gøy» i samband med Pixies er underleg – men, ja, det verkar som dei har det gøy saman.

Mørkt, eksentrisk og skummelt fengande.

Kjelder:
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://viavinera.bg

Ein tanke på “Mavrud, så Mavrud…

Leave a Reply