Moment of Silence

Pieter Walser, drop-out og surfeboms som byrja å laga vin på gøy, som har hatt meir kontakt med politiet enn med naboane, som syns det er mindre stress å laga 30 ulike vinar årleg fordi då har han fleire bein å stå på om noko ikkje blir så bra han skulle ønskje. Som syns det er mindre arbeid å kjøpa og hente druer frå meir enn 60 druebønder, enn å dyrka sjølv. Og som gjer alt dette kun med ein assistent i staben.

Det starta som eit eksperiment – Blankbottle. Namnet innebar eit ønske om at folk skulle drikka vinen utan å ana kva det var, for så eventuelt finna drueblanding og historia bak på heimesida og slik kunna smaka utan å vera prega av forventningar og fordomar – etter kvart så suksessrikt at han er pent nøydt til å bli meir strukturert framover.

Med Moment of Silence har den kvite entrylevel-vinen frå garasjen komen på norsk marknad for 230,- – eit par tiarar under resten av røkla.

Blankbottle Moment of Silence 2018

Chenin Blanc 76%, Grenache Blanc  18%, Viognier 6%

Sylta sitron, kalk og smoky flint. Frukt og krydder kan anast langt baki. Lukka duft frå nyopna flaske, medan vinen er meir umiddelbar på tunga med ei kremete munnkjensle og ei blanding av gule plommer og fersken. Får ein times strafferunde på karaffel før vi smakar på ordentleg.

Luft har stramma opp vinen. Fyldig sitron og gule eple, frisk pæreduft. Litt urter og yoghurt naturell langt baki. Ikkje noko powerhouse, men reine og behagelege duftar.

Kremete anslag, frisk og fin med kandisert sitron, oljete og sexylubben i midtpartiet, litt mango, litt fersken, litt ananas, litt appelsin – konsentrerte, varme smakar i ein slags tropisk fruktpai. Litt bitre urter mot slutten, mjuk og lang avslutning med mykje eple og sitron.

Seriøs vin til budsjettpris. Sjølv etter fleire timar på karaffel kjennes vinen enno litt knytt – trur denne kan profittere på kjellartid. Fungerte veldig bra saman med panert fisk og sprø poteter – ein rett som er så god at han burde ha eit eige namn.

Musikkbonus: Frank Zappa – Orchestral Favourites (40th Anniversary)

I 1975 hadde Frank Zappa saksøkt halve verda – inkludert MGM, Royal Albert Hall og tidlegare manager, og var i ein bitter konflikt med sitt eige plateselskap, Warner Bros. Samstundes var Don’t Eat The Yellow Snow uventa – ikkje minst for Zappa sjølv – blitt ein hit, noko som genererte nok inntekter til at han kunne konsentrera seg om dei orkesterarrangerte komposisjonane som kun eksisterte på papir og i hovudet på komponisten.

Med pengar på bok stifta han The Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra med 37 medlemmer, mellom anna Tery Bozzio og ein haug perkusjonistar, og øvde inn eit blanda repertoar av kjend og nytt stoff. Plata vart spelt inn ein ettermiddag i september 1975 med ein konsert dagen før og ein ny same kveld.

Konflikten med Warner vart stygg utover slutten av 70-talet og innspelinga vart brukt til å fullføra kontraktskyldnaden til plateselskapet, gjeve ut i 1979 og hurtig gløymd. 40 år etter har Zappa-familien funne att mastertapen, gjeve han ein skikkeleg lydvask og sloppe ein trippel-cd som inkluderer konserten i ein stappfull  Royce Hall i Los Angeles.   

Studiovarianten lét veldig fint og friskt, men det er konserten som tar merksemda her. Sjølv om det er tydeleg at orkesteret kunne hatt godt av meir øvingstid, budsjettet er så dårleg at Zappa sjølv må vera lydteknikar, og dei hadde ikkje råd til å trykka opp eit program, så verkar elles kyniske Zappa så genuint lukkeleg. Han pludrar, flørtar med publikum, forklarar bakgrunnen for stykka, og er sjarmerande sjølvironisk. Midtvegs brukar han to minutt på å spontaninstruera orkesteret Black Napkins fordi han har lyst å spela meir gitar.    

Ei herleg hulter-til-bulter-samling – utan å vere så kaotisk som Weasels Ripped my Flesh – som både syner komponistkvalitet, melodisk teft og scenetekke.

Kjelder:
http://www.blankbottle.co.za/
www.zappa.com
Liner notes
Michael Gray – Mother! The Frank Zappa Story

2 tankar på “Moment of Silence

Leave a Reply