Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014

Norsk vinpresse sin kjæledegge i Pfalz, Mosbacher, har dei siste åra levert godt prisa kvalitet både til spesialsleppa, bestillingsutvalet og basis hjå Vinmonopolet. Og no er det sanneleg snikt seg ein musserande inn i BU også.

 

Kraftige bobler. Fruktig, sitron, druer, Granny Smith, stikkelsbær, litt flint, ureint gjærpreg rusker litt, men forsvinn etter nokre minutt lufting. Med tid i glaset kjem det fine toner av nybakt brød.

Kremete munnkjensle, fruktig midtparti, litt kantete overgang til ei forsåvidt lang sitronprega avslutning. Fin vin, men ikkje heilt integrerte smakar. Likevel, til 220,- er dette ein potensiell cremant-killer for fleire enn rieslingfans.

 

Musikkbonus: Bad Seeds er ute med Best of-samling kuratert av Nick Cave sjølv- Dobbelcd er å få til under hundrelappen inkludert porto.

 

Leave a Reply