Niepoort Dao Rotulo Touriga Nacional 2015
Produsent (og drue) som er mest kjend for portvin, men som i aukande grad fokuserar på svakvinsegmentet og har ein enorm breidde i sortimentet sitt.
Tydelege duftar. Modne, blå plommer, fioler, mørk sjokolade, skinnjakke, litt vanilje,
Fyldig anslag, juicy og leskande; litt ‘tungt’ midtparti med plommer og urter, mykje syre i lang avslutning. Enkle, men reine smakar – behageleg, men eg saknar litt særpreg. Likevel mykje vin for pengane.
Musikkbonus: Førstevalet til Tom Waits og Elvis Costello, gjort veldig rare ting med John Zorn og veldig streite ting med Tanita Tikaram, Norah Jones og Diana Krall. Marc Ribot er ikkje akkurat sjangersky, og no fyller den første «cubaplata» hans The Prosthetic Cubans 20 år og lét like flott i dag. Komposisjonane er i hovudsak av Arsenio Rodriguez, bak seg har han eit perkusjonstungt lite latinband med røffe kantar. Å snakka med gitaren er ein klisje, men her er det på sin plass. Ribot pratar, pludrer og snakkar seg gjennom melodilinjene, nokre gonger spørjande og forsiktig, andre gonger med hissig aggresjon, og klarer heile vegen å låta både kubansk og som seg sjølv. Nydeleg plate!
Kjelde: niepoort-vinhos.com