Nobody puts baby in the kerner


Ta ei vekes pause frå italiensk vin og du risikerer i mellomtida at det er oppdaga tre nye druevariantar, pluss kommen ein ny DOC-status i bakhagen til onkel Luigi. Italia er kaotisk på mange  -både sjarmerande og mindre sjarmerande- måtar, men nokon gonger er det heldigvis handfaste haldepunkt. Vindrua kerner vart avla fram i eit drivhus i Lauffen i 1929, og er ei krysning av riesling og trollinger. Planta i Tyskland, Sveits, Austerrike og – for kveldens vin –  heilt nord i Italia.

I Südtirol/Alto Adige har Manni Nössing pressa kerner hardt. Dyrking på opptil 800 meters høgde, næringsfattig kalkjord, varme dagar og kalde netter. Handplukka druer, naturgjær, minimalt med tukling i kjellaren.

Manni Nössing Kerner 2016

Våt stein og parfymert blomeduft frå nyopna flaske. Grøne eple og ditto epleskrell saman med høy og antydning til bitre urter.

Crispt anslag, konsentrert og sexylubbent midtparti med mykje eple. Fin lengde med fyldig – nesten sylta – sitron, utan å opplevast som veldig syrleg. Med tid kjem det spissare eplekart-tonar. Kul vin – som ein fyldig riesling parfymert med blomar.

Musikkbonus: Final Fantasy VII – Original Soundtrack

I 1997 kom «the game that sold the PlayStation», skapte ein verdsmarknad for japanske rollespel, og som har seld over 11 millionar eksemplar. Eit spel som skviste den første PS-maskina til det ytterste med ei gigantisk spelverd å utforske, og sjølvsagt dei vanlege klisjeane. Helt med ei mystisk fortid, haugevis av monstre, snål japansk humor, overkomplisert kampsystem og merkelege omsetjingar. Likevel var dette ei magisk oppleving og noko verda aldri hadde sett før. GameFan har omtalt Final Fantasy som «quite possibly the greatest game ever made».

Også musikken. Komponist Nobuo Uematsu skal ha mykje ære for at spelet er så bra – sjølv om han måtte gje seg med tanken om å laga cd-kvalitet (det var det rett og slett ikkje datakapasitet til) og heller bruka det interne lydkortet i maskina. Inspirert av alt frå Vårofferet til surfrock endte han opp med å laga stemningar i filmmusikkstil som følgjer dei ulike scenene. Til slutt vart det over 4 ½ timar med musikk.

Det originale soundtracket har hatt astronomiske prisar dei siste åra, men då det dukka opp eit eksemplar til under 20 Euro, lot eg nostalgien vinna og slo til utan å angra eit sekund. Lydbildet er sjølvsagt fullstendig utdatert men det gjer ingenting. Eg har ikkje spelt FF7 på 20 år, men når bossfight- eller enno verre – Sepiroth-motivet, One Winged Angel kjem, så fyrer amygdala framleis av stressresponsar.

 

Kjelder:
Div Wikipedia
https://finalfantasy.com/
vinarius.no

Ein tanke på “Nobody puts baby in the kerner

Leave a Reply