Nomen nescio

KISTELISTE-ALARM!

Så, du trur du har smakt alt? Vel, det tenkte eg òg. Men så dukka det opp ei flaske med ukjend namn. I begge tydingane. Altså ein vin eg ikkje kjende namnet på, og som heiter Namnlaus. Det er ikkje eit marknadføringsstunt à la No Name, som du kan lese om her og her, eller kanskje det er det. Verdejo frå Segovia har uansett ikkje like mange følgjarar, likerklikk eller postingar på instagram som nebbiolo-vin frå Barolo.

Verdejo

Mannen bak vinen er Ismael Gozalo, som er oppteken av druesorten verdejo. Han lagar visst vin i alle moglege fasongar frå denne drua. Mykje pet-nat og greier. Denne som heiter Sin Nombre 2016, slo meg i bakken. Eg burde kanskje visst at dette er bra greier. Jau, dei kan le overberande, Vidar Kenneth, Chris, Roger, Jens og Christer. Dei veit mykje om spansk vin. No veit eg litt meir. Dette var godt. Dette er ikkje Saint-Aubin eller kvit Hermitage. Ei heller Vouvray eller riesling GG. Men det er ein kvalitet og særpreg som tangerer vinar frå desse områda. Men finst det andre verdejo-vinar i same liga, eller er dette ein einaugd konge i eit land av blinde?

Kvifor denne flaska

Nokre av dykk kjenner kanskje til blekka til Edward Behr, The Art of Eating, som kjem ut med fire nummer i året. Eg var abonnent eit par år rundt 2010. Ei av dei faste spaltene er vinmeldinga Why This Bottle, Really? I byrjinga vart det berre skrive om ein vin pr utgjeving, og då vart jo kvar vin ganske spesiell. I eit hav av nyheiter, smakingar og spesialslepp, er det av og til nokre flasker som fortener å sole seg solo i glansen.

842 moh

Vinmarkene til Ismael Gozalo ligg rundt landsbyen Nieva, som ligg 842 moh i provinsen Segovia, i regionen Castilla y Leon. Landsbyen hyser 264 sjeler og ei kyrkje. Eit kvart salmevers bortanfor kyrkja, gjer meisteren av verdejo druesaft til vin. Han har to presser. Han har gamle eikefat. Og han har ståltankar, demijohns og ei sterk tru på eit liv under jorda. Dei eldste vinstokkane vart planta medan røyken frå Bastillen enno ikkje hadde lagt seg. Gamle vinstokkar blir ei underdriving. Vinmarkene har vore i familien i fleire generasjonar og ikkje fått noko sprøytemiddel. For ei vinmaking med lite intervensjon krev druer av høg kvalitet. Ismael eig ei rekkje parsellar på til saman 27,5 hektar, men berre det beste går i eigen vin. Resten av druene vert seld til andre produsentar.

Ismael Gozalo Sin Nombre 2016

Så, kvifor denne flaska, då? Fordi den kom ut frå mørkret, så då blir det fort eit ekstra overraskingspoeng. Fordi den er lysande god, og fanga merksemda med ein gong. Er det fordi det manglar andre verdejo-prinsar på slottet? Gje Ismael Gozalo litt konkurranse! Eller kanskje det finst. I so fall, sei i frå. Det ser uansett ut som Ismael Gozalo står støtt på eigne bein.

Lys strågul, ikkje heilt klar men litt skya. Dette luktar seriøst og godt. Mogen gul frukt, sitrongras, steinstøv og gamle fat. På dag to kjenner eg litt lakris. Syrlig med men litt feit og konsentrert vin med eit fint salt steinpreg. Her er gamle fat og mogen sitron. Får lyst på eit nytt glas, når det fyrste er tomt. Det er jo eit godt teikn. 13,5 % alkohol, og vinen kostar 349,90. Smakt frå Zalto Burgundy. Importør Autentico stilte flaska til rådvelde.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *