#notallspanishwine

Eg har nok min andel av iberisk gris på skogen når det gjeld vin. I tidleg vaksenalder var crianza frå Navarra go to-vinen, og eg har verdsvant kommentert «Kjenner du vaniljeduften» meir enn ein gong på middagsdate.

Etter kvart som erfaringa auka med vin frå resten av verda, så opplevde eg spansk vin oftare og oftare som overekstraherte eikebomber og dei gjekk til slutt i gløymeboka. Verda etterspør lettare vinar – kan ein ny generasjon spanske vinmakarar svare på utfordringa?

Ein times køyring sør for Barcelona driv den biodynamiske duoen Joan og Joseph Anguera vingarden Joan d’Anguera som sjuende generasjon på bruket. Brørne har tatt garden frå bulkvinprodusent til sjølvstendig aktør og produserer no over 70 000 flasker i året. Manuell hausting, fottråkking, spontanfermentering, allergi mot nye fat, minimal svovling, ufiltrert…

Joan d’Anguera Planella 2016

Kraftig duft frå nyskjenka glas. Blåplommer, Petterøe’s 3, blåbær, nellik, svart pepar, mjølkesjokolade. Høg sniffefaktor, glir mellom moreller og plommer. Innimellom antydning til bringebær i bakgrunnen. Delikat og herlig duft.

Friskt anslag, syrlegare enn snuten indikerer, rips, bringebær, morell i bakgrunnen, syrleg ripsavslutning som ikkje kjennes heilt integrert.  Luft gjer vinen godt – med tid i glaset kjem smaken av mørke plommer og ei avslutning som strammar seg opp.

Definitivt ein matvin – tanniner byggjer seg opp ganske fort – fungerte veldig bra til eit stykke hjort. Kul vin, som eg likte veldig godt, spanande og komplekse  duftar, frisk smak. Heile 14 prosent alkohol er godt integrert og ikkje merkbart på anna vis enn at eg set på Phil Collins tidlegare på kvelden enn vanleg…

Musikkbonus: Chris Opperman – Klavierstücke

These days it’s rare to hear a person squeeze the most out of the performance potential of a non-electronic instrument. On this album, Chris explores harmony, melody and virtuosity on the piano with a lofty and magnificent insight (Steve Vai)

Hausten er her, og då passer det bra med lett melankolsk pianomusikk frå komponist og musikar Chris Opperman. Utanom solokarriera har han mellom anna jobba med Steve Vai, Mike Keneally og L. Shankar. Som artist har han laga seg ei nisje i tussmørket mellom pop, jazz og klassisk, der han for det meste skriv for band og ensemble. På denne plata frå 2000 er han heilt åleine med flygelet.

Samtidsmusikk, men tilgjengeleg samtidsmusikk. Lett melankolsk, tydeleg inspirert av Zappa, Webern og – ikkje minst – Satie, men sjølv pling plong-tendensane har noko fint ved seg. Innimellom jazz. Innimellom cinematiske landskap. Melodisk og vakkert med ryggrad og intelligens nok til å stadig overraska.

Kjelder:
winesecretsbarcelona.com
chrisopperman.com

 

Leave a Reply