Opp som ei boble..

Det er ikkje mykje å feire, om vi ser litt stort på det. Alle har vi bursdag, som vanlig, men noko stort lag kan vi ikkje ha. 2020 har passert, og det har vore ein nedgang på 18% i salet av Champagne, verda over. Trass i at promillen på heimekontoret er lett å skjule, vert det lite magnum og skåling og tjohei i kohorten. Det er tydelegvis heller ikkje like aktuelt å “vaske ei flaske DP” over teams, som når gutta jazzar på Stureplan, IRL.

Det er vel grunn til å tru at ein del av day traider-pojkarna, no sit å lurer på kor tid dei skal selje seg ut av GameStop, som er ei veksande boble for tida.*

Her kan du lese om ei anna boble, som sprakk for mange år sidan.

Om du er trygg lønsmottakar, permittert eller suksessfull børshai, så finst det trøystande bobler i alle priskategoriar. Her kjem nokre vinar som vart smakt i 2020, medan verda trudde på at i 2021 skulle alt snu, og verda snart skulle kome attende til eit boblande og sydande, livleg normale. Vel vel… Livet er for short til å drikke dårlege aksjebobler. Drikk handverk og lang investering i berekraftig jordbruk, og arbeidsfolk med savoir faire.

For permitterte (med litt flaks, stønad og/eller ektefeller i arbeid):

Diebolt-Vallois Blanc de blancs Brut. Ok, med trang økonomi er vel det aller meste frå AOC Champagne utanfor rekkjevidde. Men 350 spenn er jo slikt som kan liggje i innerlomma på findressen. Kanskje var det tiltenkt ein konfirmant, som grunna korona ikkje fekk ha så mange gjester. Dette er bra champagne for pengane. Lys strågul og fine bobler. Grei intensitet på lukta, eg finn brødbakst og gjær frå autolysen, kritt og hummarskal og noko sitrus. Fin tekstur på moussen. Litt uforløyst i smaken. Typisk smal Côtes des Blanc med kalk, syre og sitrus. I ettersmaken kjem autolyse-smakane.**

Pertois-Moriset Les Quatre Terroirs Blanc de Blancs Grand Cru Brut er laga på 2014-base med 30% reservevin. Gogga i juni 2019, noko som gjev nesten fire år på botnfallet i flaska. Frisk og smal lukt. Crispe grøne eple og sitronbrus. Ganske fruktig, men litt autolyse i form av hummarskal. Smaken er frisk og smal og ungdommeleg. Ikkje dei finaste boblene, men greit. Gode smakar av eple og kalk, før kinin kjem og kimer i midtpartiet. Fruktig og eplesyrefrisk ettersmak. Dette òg er vel verd prisen på 390 kr.

For lærarar som er lei av heimeskule og elevar som mjutar både lyd og bilete på teams, men som kan sjå AFP og trygg pensjon i det fjerne:

André Clouet Un Jour de 1911 Brut er djup strågul. Stråinnpakka flaske er jo litt sjeldan. Hugsar DRC frå Voss.. Det gjev kanskje for store forventningar. Nuvel. Lekker frisk lukt av raude eple, kinin og nedfallseple. Litt brei og feit lukt. Distingvert og passe fyldig champagne med frisk syre og pen mousse. Her både syrlege eple og gul frukt. Etter kvart kjem det smakar av autolyse. Fin, lett utvikla stil. Spanande, men hakket for dyr når prisen er 596 kr.

Diebolt-Vallois Prestige Blanc de blancs Brut har ein dosage på 5 g/l. Druene kjem frå Cramant, Chouilly og Mesnil-sur-Oger. Eg kjenner ikkje base-årgang her, men reservevinen er ein type solera med tre store foudre med vin tilbake til 2009-årgangen. Dette bidreg nok til at det er ei djup og seriøs lukt som stig opp frå glaset. Det luktar frisk, men her er òg ein eleganse som kjem med utvikling av vin over tid. Kjeks, sitron, kaffi og ein liten aning eik. Lovar godt. Krema fin mousse. Frisk syre og bra fylde. Ganske epleprega, som ikkje er så uvant for ein blanc de blancs. Fin avrunding med brødskorpe. 430 kr er prestige på budsjett, og vel verd pengane.**

For dei som sit på Gamestop-aksjar som vart kjøpt i fjor til ein slikk og ingenting, og som kan selje til astronomiske summar*:

Ulysse Collin Les Maillons Blanc de Noir Extra Brut. Lot 1/15 No 37, degorgert mars 2019. Collin held til i Congy. Druene til denne vinen kjem frå ei vinmark i Côte de Sézanne med kalkrik leire. Vinstokkane er om lag 40 år gamle. Gjæra i brukte fat, og sidan har vinen fått tre år på botnfallet. Denne flaska var kjøpt inn for om lag eitt år sidan. Det kan sjå ut som noverande batch er mad basevin frå 2016 og er degorgert i mars 2020. Lett og dansande lukt med vanilje, søtt bakverk og noko meir saltaktig i form av kalk. Lett i anslaget, elegant og uanstrengt flyt dei små boblene over tunga. Preg av mogne druer, litt gul frukt, snertne raude sogneeple og sexy eik. No kostar vinen 880 kr, og som med Gamestop-aksjen går det nok berre oppover. Men dette er inga boble, berre harde verdiar, så prisen kjem nok ikkje ned att nokon gong. Herlig champagne!

Krug Vintage 2006 er ei hedonistisk oppleving med ein pris som skil klinten frå kveiten. Denne vart smakt i ein vinklubb-samanheng og utgiftene delt på fleire. Strågul, og boblene i glaset er det ikkje noko å seie på. Lukta startar friskt og lekkert, før det blir rikare med rista hasselnøtter, smør og brødskorpe. Veldig intensitet i lukta. Pen og imponerande. Stor, men pent syrleg champagne med ein breidt anlagd palett. Konsentrert og feit vin deilig nøttepreg, smør, brødskorpe og nedfallseple. Noko utvikla, men framleis ung. Etterkvart kjem det fram kalk og finsleg smak av sitron. Dersom du ikkje shorta Gamestop, men følgjer Reddit-gjengen sin opptur og sel deg ut i tide, er 2800 kr lommerusk.

Bernard Arnault har nok til salt i grauten enno, sjølv LVMH-konsernet sin vin- og champagne-divisjon i 2020 òg fall med 15% mot 2019.

* Artikkelen er publisert ettermiddag 29.01.21, då Gamestop-aksjen låg på 325 dollar, etter ein liten opp- og nedtur fredag 28.01.21. Kva som er stoda når du les dette, er ikkje godt å seie.

**Flaska er stilt til rådvelde av importøren.

Leave a Reply