Perler for vin

«Velkomen tilbake, Jan Tore. Sist time vart vi einige om at du skulle øva på å kjøpa ordentleg vin, og ikkje dei rare tinga du vanlegvis bestiller. Korleis har det gått?»
«Ikkje så veldig bra…»
«Uff – vil du snakka om det? Kva kjøpte du?»
«Cabernet Sauvignon…»
«Flott, Flott. Klassisk drue og greier.»
«…frå Tyskland.»
«Jo, jo. Tyskarane har vist at dei kan laga god  vin utanom riesl…»
«…med bobler.»
«…»
«Og bruskork…»
«…»
«…»

No har eg ikkje noko mot at antroposofisk anlagde artisanarar skal ta betalt for handverket. Småskalaproduksjon, manuelt arbeid, lav avkastning, tid på å finna att det hersens nedgravne kuhornet, og biodynamisk havre til Aegidienbergeren er mellom faktorar som driv kostnadane oppover. Likevel er nok 345,- i overkant av kva eg er komfortabel med å betale for ei flaske med Pet-nat. Trur eg…  

Barth B-Nat 2018

Perlande vin, 100% Cabernet Sauvignon. Økologisk. Handplukka druer, spontanfermentering, ufiltrert, ikkje tilsett svovel.      

Grumsete rosa, heftig botnfall, fyrrige bobler ved opning. Kløvereng, jordbær, rips og gjærbakst. Behageleg duft.

Pilsbittert og prikkande anslag, fyldig midtparti med fersken og jordbær. Lang avslutning som er meir urtebitter enn syrleg. Medan ein allereie ‘sporco’ vin kjennes fyldigare nedover i flaska så kjem også hasselnøtt og ei herleg bringebærsyre snikande med litt tid i glaset.

Smooth luksus-pétillant som kanskje snublar litt i si eigen vellukka boble (pun intended). På den eine sida er dette imponerande handverk, og antakeleg den beste pet-naten eg har drukke. På den andre sida er dette så rundt & reint & ryddig at eg tar meg i å sakne litt motstand. Om eg skal distansera meg frå eigen kresen kokettering, så er dette – wein an sich – i seg sjølv ein veldig god vin som fungerte som aperitiff, til skinke-gnafsing, og til kvit pizza.      


Musikkbonus: David Gilmour – About Face

Den litt urettferdig gløymde åttitalsplata til Pink Floyd-gitaristen med eit stjerneband i studio som inkluderte Anne Dudley, Jeff Porcaro, Steve Winwood og Pino Palladino. Røffare lydbilete enn Pink Floyd – antakeleg eit kjærkomen kvileskjær mellom The Final Cut og A Momentary Lapse of Reason med eit meir leikent og songbasert materiale.

Her får instrumental-fansen sitt med lekker gitar, mykje høyrest ut som eit band heller enn ei stjerne med leigesoldatar i studio, og låtskrivinga er solid. Balladane er best. Høgdepunkt? Akustiske Murder med bassolo og pompøs blues-avslutning, Love on the Air (med tekst av Pete Townshend), og sentimentale Out of the Blue. Om Roger Waters er tekstforfattaren, så er David Gilmour sanneleg melodikaren.

Kjelder:
https://www.weingut-barth.de/
https://www.davidgilmour.com/


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *