Riesling on The Fly

Grunnlagt i 1711 og mildt sagt ein veteran når det gjeld dyrking av riesling rundtomkring Forst og Deidesheim. Det er liksom ikkje mangel på legendariske vinmarker i Pfalz – Pechstein og Ungeheuer kjenner vi frå Mosbacher, Jesuitengarten frå tidlegare møter med Acham-Magin.

Skuffande nok har vinmarka Mäushöhle ingenting med Tom & Jerry å gjere, men kjem frå familienamnet ‘Maus’ saman med eit leksem av det tyske ordet for skråning. Familiegard heile vegen, økologisk sidan 2010, biodynamisk sidan 2012…

Acham-Magin Deidesheimer Mäushöhle Riesling Trocken 2016

Fersken, våt skifer, grøne druer(!), antydning til honning og litt salt sjø i bakgrunnen. Pen og behageleg snute…

Lett anslag, crisp midtparti med ananas, sitron og saftig granny smith. Sitronrik og syrleg avslutning med bitre urter. Legg på seg litt sexylubben fylde og får nokre søtlege honningtonar med ein times karaffeltid. Ukomplisert og rein, frisk og leskande vin som fungerte supert til 110-laks…

Musikkbonus: Jeff Goldblum & The Mildred Snitzer Orchestra – The Capitol Studios Sessions

Sjølvaste Jeff Goldblum var eit pianotalent i barndommen, og har tydelegvis haldt kunnskapen ved like innimellom nærgåande fluger og dinosaurangrep…

Han er ein anstendig pianist, som vokalist er timinga betre enn røyst, men han syng i det minste reint. Ikkje overraskande er det likevel uimotståeleg sjarmerande. Med publikum i studio og vokalgjestar flørtar han sjølvironisk i alle retningar. Som solist har han ein litt kantete stil, men som bandmedlem glir han nydeleg inn i rolla som smakfull akkompagnatør med god timing.

Ensemblejazz frå Herbie Hancock til Marvin Gaye til Mingus til Nat King Cole. Fin blanding av substans og teflon. Glatt nok til å ha i bakgrunnen i middagsselskap, nok kantar til at det er verd aktiv lytting. Trompetsoloar i verdsklasse frå Till Brönner, flott gjestevokal frå Haley Reinhart og Imelda May.

Kjelder:
https://www.acham-magin.de/

Leave a Reply