Rimeleg pinot noir med stil

Du er kanskje ein av dei som drøymer deg attende til den gong du kunne kjøpe Vosne-Romanée-kommunevin til 300 kr. Eller du sit åleine heime, og vil så gjerne stikke ned på vinbaren og møte nokre veninner til eit glas leskande og uforpliktande amerikansk pinot noir. Men året er 2020, Vosne-Romanée er blitt Veblen-goods* og vinbaren er stengd av Raymond Johansen. Det får bli netflix, pledd og pinot i heimen.

Men om du elskar pinot noir, og har fått permitteringsvarsel heller enn bonus, så fortvil ikkje. For å sitere Forrest Gump; “Livet er nett som ei øskje med polsk konfekt – du veit aldri korleis det blir.” Når det gjeld pinot noir er det òg ein del fallgruver. Men om du ikkje kjøper det dyraste, har du heller ikkje kasta vekk 1500 kroner på ein overeika prestisje-pinot frå det som viser seg å vere ein katastrofe-årgang.

Det er heile 1852 varelinjer med raudvin på pinot noir på Vinmonopolet. Frå Uruguay i vest til Israel i aust. Men om du skal vere litt på den sikre sida, så kanskje du skal prøve noko frå litt nærare kjerneområda fyrst. Jan Tore kjem sikkert tilbake med ein artikkel om dei meir esoteriske vekststadane seinare.

Eg lurte på kva du kan få av vinoppleving for rundt 200-lappen i pinot-land. Og dei landa som vi drøymer om er Frankrike, USA og Tyskland. Og endå nærare Bourgogne, Santa Barbara County og Baden. Santa Barbara med underområde har nok sagt goodbye til 200-kroners vinar, så då fall augene på ein Sonoma-vin på mitt lokale pol i Førde.

Bourgogne

Domaine Chanson er eit av desse store husa, som i Burgund-krinsar ikkje har same mytiske klang som dei små kult-produsentane. Spiren til dagens konsern kom opp or jorda i 1750. Om du har vore i Beaune på ein litt travel dag og leita etter parkering, har du nok køyrd forbi hovudkvarteret til Chanson nokre gonger. Den indre ringvegen i Beaune går rett forbi “le Bastion”, eit tårn bygd mellom 1519 og 1524. Tårnet fekk fyrst namnet La Tour des Filles, grunna naboskapet med nokre unge kvinner med tvilsamt yrke. Etter revolusjonen kom tårnet i Chanson sitt eige, og dei åtte meter tjukke veggane gav god mogningstemperatur for vinen sommar som vinter. Her lagrar dei vin i fire etasjar.

Chanson Réserve du Bastion Bourgogne Pinot Noir 2019

Ungdommeleg farge, middels mørk burgundfarga, med mørk rosa kant. Fin, frisk lukt av ferske knuste syrlige bær. Rein og fruktig vin. Ein god dose med dette som vi likar så godt med pinot noir. Smaken er lett og fruktig. Godt burgundpreg. Syrlige bær, litt jordlege aroma og ein strek av søtleg varm frukt. Lett tørring i finish. God glugg-glugg-vin som drikk godt no. 13% alkohol. Vinen kostar 209,90. Flaska vart stilt til rådvelde av importøren.

Druene kjem frå både Côte de Nuits, det sørlege Côte de Beaune og frå Côte Chalonnaise. Heile klasar gjærar i tank, før 12 til 14 månader mogning i le Bastion på eikefat.

Russian River Valley

USA har ganske mykje areal planta med pinot noir. Filmen Sideways frå 2004 hadde ganske god effekt på populariteten til californisk pinot noir. Sonoma County har heile 5584 hektar med druesorten, som ikkje er langt unna arealet drua dekkjer i heimstaden Côte d´Or i Burgund (6579ha). Innafor Sonoma County er det heile 18 ulike AVA (American Viticultural Area), til dels overlappande og svært store i geografisk utstrekking. Det er difor litt vanskeleg å setje seg inn i kva som skil dei ulike AVA i stil og smak og karakteristikk.

Russian River Valley er ein AVA om lag midt i Sonoma. Som elles i California er det meso- og mikroklima som avgjer kva druesort som høver dei ulike stadane. Sørlige deler av Russian River Valley får effekten av morgon- og kveldståka som snik seg inn gjennom Petaluma Gap, ei opning i den kystnær fjellkjeda. Tåka seinkar temperaturen og gjev litt færre soltimar på druene. Det gjer at chardonnay og særskild pinot noir kan bli akkurat passe mogen.

Rancho Alexander Russian River Valley Pinot Noir 2019

Transparent og burgundfarga, som slik vin skal vere. Fersk og fruktig lukt. Gjenkjenneleg som pinot noir, med sursøte raude bær. Litt reduktiv, med bringebær, rips og eit knepp møkakjellar. I munnen er det ein lett og crisp pinot med god syre og tanninar som glir gjennom sensuren for barnefilm. Eit lite drag av dyrepels eller brett, men det er berre kult det. God pinot for pengane. 14% alkohol og vinen kostar 209,90.

Druene til denne vinen kjem frå vinmarkene til Dutton Ranch, som er ein storeigar i Sonoma med 450 hektar vinmarker. Dei har i tillegg ein del areal planta med epler. Vinifikasjonen er det kompaniet Lot18 som står for. Druene er hausta for hand, og vinen er spontangjæra på ståltank.

Baden

Eg hugsar ikkje korleis eg oppdaga Salwey frå Oberrotweil, Kaiserstuhl, Baden, Tyskland. Det kan ha vore på ein tur til Oslo, der eg måtte ha med ei flaske vin til verten, og stakk innom polet på Tveita. Det kan også vere at det ikkje var akkurat slik. Uansett smakte eg nokre flasker av den rimelegaste spätburgunder-en i årgang 2015 eller 2016, som fall i smak. No er 2018 her, og med Morten si anbefaling, slo eg til.

Vinmonopolet har i skrivande stund 33 spätburgunder-vinar frå Baden i til sals, i ein eller annan form. Prisane er på veg opp, men her er fleire gode kjøp. Dei to rimelegaste, frå Weingut Gleichenstein og Heger ligg no på rundt 150 kr, og er verd å kike på for nysgjerrige med trangt budsjett. Er du tjukk i peng og ikkje redd for biverknader, kan farmasøyten Henrik Møbitz sine hobby-vinar frå vinmarker nærare Basel gje deg ein litt meir fargerik vinoppleving.

Baden er langt, og langt frå homogent i sitt jordsmonn og uttrykk. Nokre stader, som kring Kaiserstuhl, er det utdøydde vulkanar og mykje vulkansk berggrunn og vulkansk materiale i jord og leire. Dette kan påverke vinen på ein interessant måte. Men mange stader er det tjukke lag med sand eller løss over den vulkanske grunnen, og her vil ikkje det vulkanske påverke vinen i like stor grad. Uansett er klima veldig gunstig for dei ulike druesortane i pinot-familien.

Konrad Salwey er tredje generasjon med ansvar for vingarden i Oberrotweil i Bereich Kaiserstuhl. Her lagar han vin frå 51 hektar. Mellom anna GG-vinar av pinot noir og pinot gris frå Oberrotweiler Henkenberg, Eichberg og Kirchberg. Etter at Konrad overtok i 2011, har det blitt meir eksperimentering på garden. Eikefata til mogning er frå 300 til 1700 liter.

Salwey Spätburgunder 2018

Meduim burgundraud på farge. “Mørk” og litt ekstrahert på lukt, med søte bringebær, eik og noko i retning nellikspiker, som kanskje kjem frå stilkar. Ein lett prikkete kjensle på tunga, god syre, men òg noko mørkt, søtt og stort. Syrlige bær, litt eik og noko som ein må tolke i retning av at det kjem frå det mineralriket. Spanande vin, og mykje smak for pengane. Vinen roar seg på dag to og framstår meir harmonisk. Om du likar det vilt, drikk utan for mykje luft. 13,5% alkohol, 218kr.

Ein god representant for Baden spätburgunder. 26 av 51 hektar er leigd mark, men det kjem ikkje heilt fram kvar druene til denne vinen kjem frå. Det er vel litt deklassifiserte druer frå dei betre vinmarkene og litt elles i grannelaget. Gjæra på stål og sidan mogna i 12 månader i brukte fat.

Desse tre viser til dels god typisitet for pinot noir frå dei tre områda, trass i at det er vin på innstegsnivå. Går ein opp 100-200 kroner får ein meir konsentrasjon og eleganse. I Tyskland får ein også mykje ny eik i den øvre prisklassen. Dette kjem delvis av at heimemarknaden likar slike vinar. Truleg vil dette kunne betre seg, men enno tykkjer eg tysk pinot er best på litt enklare nivå.

* Du kan lese meir om vin som Veblen-goods i denne slakten av framstillinga av Dom Perignon frå mars 2019.

2 tankar på “Rimeleg pinot noir med stil

  1. Hei. Jeg kjøpte både Rancho og Salwey tidligere i uken etter å ha leste denne. Glad i Pinot og begrenset budsjett før jul 😊.
    Du skriver at Salwey er “Mørk og litt ekstrahert på lukt” og at “den roer seg på dag 2”.
    Ved første sniff trodde jeg den var reduktiv (samboeren som er 0 vin-interessert synes den var helt forferdelig), så jeg ventet til dag 2, og synes den fortsatt er ganske skarp og ubehagelig på lukt. Nå har jeg begge vinene foran meg og sammenligner. Rancho er ganske “bløt og innbydende” på nesen, mens Salwey er “Aggresiv og stikkende”. Spørsmålet jeg sitter igjen med, er om det er noe feil med Salwey, eller om jeg bare ikke er noe glad i dette “mørke” du beskriver i artikkelen? Takk for veldig gode og informative artikkler.

    1. Hei Jon-Arne!
      Takk for tilbakemelding. Eg vurderte å skrive reduktiv om Salwey, men sidan den forsvann i tilstrekkeleg grad med luft, lot eg vere. Noko av det som du skildrar som “aggresiv og stikkende”, er nok knytta til reduktivitet. Men litt av det er kanskje dette som eg skriv om nellik og stilk, som eg finn i mange tyske spätburgunder-vinar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *