Roddolo Dolcetto d’Alba Superiore 2013

Mytane om Flavio Roddolo er i ferd med å overskrida mannen. Å i det heile få tak i vinane hans skal vera vanskeleg sidan han ikkje har mobiltelefon eller epost, men kun fasttelefon, og stort sett er ute i åkrane heile tida. Han lagar ikkje naturvin sjølv om han driv biodynamisk, men kallar seg tradisjonalist. Han snakkar ikkje italiensk, men ein obskur piemontisk dialekt… Sanninga er vel at han er ein bonde med skit under neglene og sterke meiningar om korleis vin skal lagast. Og sluttproduktet gjev han jamt over rett…

Roddolo Dolcetto d’Alba Superiore 2013


Dolcetto – druenamnet som ruller så elegant av tunga, som mange har høyrd om, men som så få drikk. Tidlegmoden kvardagsvin i  Piemonte, bokstavleg talt dømd til eit liv i skuggen av nebbiolo og barbera der ho blir planta i åkrar som blir vurdert som mindre gunstige. Til liks med oss alle treng dolcetto berre litt kjærleik og merksemd for å skine…

Intens duft frå nyopna flaske – sursøte kirsebær, svart te og skinnjakke. Får litt karaffeltid før første glas.

Vin på vandring – glir mellom søte og sure kirsebærtoner, innimellom litt lakris, raudt epleskrell og lærjakke. Eit lite nøttepreg ligg bakom og dytter. Ryddigare duftbilete etter ein halvtime med lufting, reint og delikat.

Syrlegbittert anslag. Kirsebær, morell og plomestein. Litt mandel, litt lakris. Tanniner merkbare i første slurk. Bra lengde med søt blåplomme og syrleg kirsebær. Roddolo minutt for minutt – varierer med tid i glaset kva som er hovudsmak – glir mellom det syrlege og det søte. Etter nokre timar er vinen runda fint av med balanserte blåplommetoner – mjuk og behageleg med eit lite tanninbitt bakom.

Herlig og lett kaotisk Dolcetto som vinn på å luftast, samstundes som det er moro å følgje utviklinga i glaset. Fungerte perfekt til arrista med nyplukka sopp – latterleg bra kjøp til 260,-  

Musikkbonus: Bryan Beller – Scenes From The Flood

Symfonisk Rock er ikkje død! Etter å ha lytta gjennom plata eit par gonger innser eg kor eg har sakna den gode gamle konsept-dobbelplata der musikken er så oppslukande suiter at ein berre må høyre gjennom frå start til slutt.  

Første soloplate på 10 år, og ein modnare Bryan Beller enn sist – her er det låtskrivaren og arrangøren som har kommandoen. Han har stort sett vore på vegen kontinuerleg med Mike Keneally, Steve Vai, The Aristocrats og Joe Satriani dei siste åra – Beller er framleis bassisten du ringer til når du treng ei basslinje i 13/8 perfekt og smakfullt spelt same kveld, noko som har medførd at eigne ting har blitt dytta bak i køen – plata er spelt inn her og der over heile verda. 20 teknikarar og 14 gitaristar – frå John Petrucci til Janet Feder – har vore involvert, du kan høyre Joe Satriani spele banjo(!), og det er ikkje vanskeleg å merke at Beller har lytta mykje til Yes og Pink Floyd.

Høgdepunkta er mange, frå taktskiftmetall i Steiner in Elipses saman med Mike Keneally og Rick Mussalam til lydkulissane i The Flood til World Class der Nili Brosh og John Petrucci blir rent over av Paul Cartwright på fiolin og Rishabh Seen på sitar i ei låt som ville fått Mahavishnu til å ta inn på øvingshotell… Nitti minutt med musikk utan eit einaste svakt punkt og ei ny favorittplate i 2019!

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://bryanbeller.com/

Ein tanke på “Roddolo Dolcetto d’Alba Superiore 2013

Leave a Reply