Diverre er det slik at prisen på vin gjer det vanskeleg å berre drikke det ein drøymer om. I det minste for ganske mange av oss. Stigande prisar på både vin og andre varer vi treng for å leve, gjer at nokre av oss må vurdere om vi må gå ned i pris på det vi skal helle i Zalto-glaset. Er det mogleg å drikke godt utan å pantsette bunadssølvet? Kan ein få eit glimt av herlegdomen i ein appellation eller vinstil, sjølv i edrueleg prisleie? Nei, vi får sjå då.
3 vinar til ulik pris
Tanken var å finne tre vinar frå same område og årgang, men til ulik pris. Det er naturlegvis slik at tre vinar frå same område kan ha svært ulik drikkehorisont. Kanskje vil den dyraste og presumptivt beste vinen vere lukka og meir utilgjengeleg enn ein rimeleg vin. Eg fann meg tre vinar frå Saint-Joseph i nordre del av Rhône, alle frå 2018. Ideelt sett skulle dei hatt noko meir alder, men det var jo òg eit poeng at det er vin som finst tilgjengeleg på polet no. Og då er det lite eldre Rhône-vin å få.
Passe spreidd
Saint-Joseph er kanskje ikkje så homogent, men det er i det minste eindruevin frå ein appellation som kan drikkast relativt ung. Det er òg ganske god variasjon i pris, utan at dei dyraste er utanfor rekkevidde. Det finst ikkje rimeleg Côte-Rôtie, Cornas eller Hermitage. Og i Crozes-Hermitage er prisvindauge mindre: frå 200-400 kr.
Appellation Saint-Joseph
Appellation Saint-Joseph vart danna i 1956, og ligg på vestsida av elva Rhône hovudsakleg i departementet Ardéche. Heilt nord der appellationen overlappar med Condrieu, ligg vinmarkene i departementet Loire. I starten var det knapt hundre hektar (ha), og vinmarkene låg i seks landsbyar rett vest og litt sør for Tain l’Hermitage. I 1969 vart appellationen utvida til å omfatte 25 landsbyar. Dagens vinmarksareal er 1370 ha, altså litt mindre enn Crozes-Hermitage (1650 ha) på hi sida av elva. Dei “tre store” er mykje mindre, Côte-Rôtie (310 ha), Cornas (145 ha), Hermitage (135 ha).
I tillegg til raudvin på syrah, kan Saint-Joseph vere ein kvitvin på marsanne og/eller roussanne. Den raude kan innehalde opp til 10% kvite druer (marsanne/roussanne). For tida er fordelinga på produksjonen 87 % raudvin og 13% kvit. Grunnen i Saint-Joseph er hovudsakleg granitt frå Massif Central, men ein del vinmarker ligg nede på flata ved elva og oppe på platået over skråninga, og her er det noko meir fruktbar jord med meir leire og sand. Vinmarkene er i hovudsak aust eller søraustvende, men nokre elvedalar frå vest skaper stader med rein sørvend eksponering. Det vil vere om lag ei vekes forskjell i mogning av druene frå dei betre sørlege vinmarkene og til dei lengst mot nord.
Folkets meining
Eg ville finne ut kva folk tykte om desse tre Saint-Joseph-vinane, utan å kjenne opphav og pris. Ville dei smake prisforskjellen? Av dei årgangane som var tilgjengeleg på polet, var det greit å ta 2018, ettersom det kanskje er den av 2017, 2018, 2019 og 2020 som var tidlegast drikkeklar. Då fann eg òg vinar med godt spenn i pris. Den rimelegast Saint-Joseph var frå 2018 og kosta 200 kr. Den dyraste kosta nesten 800, og så fann eg ein midt i.
Spørsmål og svar
Eg tok med dei tre flaskene til vingjengen, serverte dei blindt med opplysning om at dei tre vinane hadde noko med kvarandre å gjere, at dei kom frå same årgang, og at dei var i tre prisklassar. Dei byrja å å lukte og smake for å finne ut kva det var. Eit par var ganske tidleg på syrah, men vin nr 2 (Guigal) lurte nokre i retning Rioja. Før eg avslørte opphavet, ville eg at dei skulle tippe prisen på dei tre vinane, og sei nokre ord om kva dei likte ved dei. Det var kanskje ikkje så lett utan å vite kvar vinane kom frå. Deltakarane var ganske forsiktige i sine prisanslag. Ingen tippa meir enn 400 kr på Guigal sin dyre eikesminke. Kanskje var tankane i Rioja på ein gran reserva laga i store opplag.
Pris og kvalitet
Vin nr 3 som var Ogier til 200 kr, var det fleire som tippa til rett pris eller litt meir. Vin nr 1 som var Villard til 375 kr, hadde dei fleste tippa til rundt 250 kr, så eit stykke unna. Desse tre vinane viser ein ganske stor spennvidde i uttrykket til syrah i Saint-Joseph. Ein typisk “negociant-vin” i lett stil, ein røff og kantete, og ein ambisiøs overeika vin som vil sjå bra ut i auksjonskatalogar. Sjølv om området er stort har det eit godt potensial i granitthaldige vinmarker, særskild i det opprinnelege kjerneområdet rundt Tournon. Det er mykje vin å få tak i til under 400 kr, som er om lag der dei rimelegaste frå Cornas og Hermitage ligg i pris.
Vinane
Maison Ogier Saint-Joseph Baligant 2018, kr 199,90
Ung lillaraud, transparent og ikkje så djup farge. Noko meir utvikla enn dei to andre vinane. Moderat intensitet på lukta. Friske, nyknuste skogsbær, noko fruktsødme, rått kjøt og pepar. Juicy og pen frukt, lette og polerte tanninar. Middels fylde og fin balanse mellom syre og frukt. Bra vin for pengane, men manglar noko stuffing og meir av dei særtrekka frå syrah og granitt. Var klart mest tilgjengeleg av desse tre.
Huset har røter tilbake til 1859, og vart etablert i Chateauneuf-du-Pape. Dei produserer vin frå eigne og innkjøpte druer med forskjellige etikettar. Total årsproduksjon er ca 9 millionar flasker, frå både nord og sør i Rhônedalen. Vinen har gjennomgått lang maserasjon og 12 mnd mogning på brukte foudres.
Francois Villard Saint-Joseph Mairlant 2018, kr 375,90
Djup, tett lillaraud farge. God intensitet. Det luktar ein varm sommar. Søte bær, røyk og medisinskåp. Typisk ung, rå syrah med rått bacon. Smaken går i same retning med fersk syrah-frukt. Sursøt smak av krekling og bjørnebær. Bra syre og litt tørrande tannin. Vinen vart opna og smakt, og korken sett i flaska, før eg seinare på kvelden møtte resten av gjengen. Utover kvelden var det som vinen lukka seg og fekk meir jordlege aroma mot potet og rødbete. Denne vil nok gje meir med noko lagring.
Vinen hadde Diam 30-kork, så vinmakaren har i det minste tru på at dette kan lagre godt. I hovudsak heile klasar vert gjæra i stål og tre i 12 dagar. Vinen ligg i brukte fat i 18 månader før tapping. Villard har ei fortid som kokk, og han starta opp vinkarrieren i Condrieu i 1991 med eigne og innkjøpte druer. Etter eit par år hadde han òg fått Côte-Rôtie og Saint-Joseph i porteføljen. No rår domainet over 42 ha vinmarker, og Crozes-Hermitage, Saint Peray og Cornas er komen til. Vinmarkene hans i Saint-Joseph ligg ved dei nordlege landsbyane Limony, Félines og St-Pierre-de-Boeuf. Vinstokkane er i snitt 30 år gamle. Ein del er planta i tradisjonelle terrassar og med gobelet-oppbinding.
E. Guigal Saint-Joseph Vignes de l’Hospice 2018, kr 794,00
Fargen er fersk, tett lillaraud. Det ligg ein søt eim av ny eik over det heile. Vinen er elles ganske ung enno, med rå potet og mørke bær. Vinen får ein og ein halv time på karaffel, for å prøve å få fram meir. Ganske smooth vin i munnen. Pen syre og fint bærpreg. Men det blir litt for polert. Den ville sida av syrah frå Nord-Rhône er ikkje her. Veldig tydeleg eik i ettersmaken med smør og brend eikeflis. Ein slant dagen derpå viser litt meir av vinen, då har det kome fram noko mørk bærlikør og lakris. Men det må då vere mogleg å lage ein “stor” vin frå Saint-Joseph utan å begrave druematerialet i så mykje ny eik. Kanskje fungerer det på Hermitage og Côte-Rotie. Men dette er over the top. Det er tydeleg at målgruppa er heilt andre enn folk som er glad i syrah frå Nord-Rhône.
100% syrah, etter gjæring vert vinen mogna på 100% ny eik (228 l) i 30 månader. Guigal er godt kjend, og ein av dei største gravitasjonsfelta i heile Rhône-dalen. Med sete i Ampuis i Côte-Rôtie, og etter kvart med ein portefølje som dekker dei fleste appellationar i nord og sør. I Saint-Joseph lagar Guigal fem vinar. Ein raud og ein kvit er utan vinmarksnamn, og så er det ein raud og ein kvit frå vinmarka “Saint-Joseph” som går under namnet Lieu Dit. Vignes de l’Hospice er ein raud Saint-Joseph frå vinmarker som tidlegare har vore i De Vallouit og J. L. Grippat sitt eige. Fyrste årgang med Guigal sin etikett var 1999. Vinmarka ligg rett bak byen Tournon, er aust og søraustvend, terrassert og totalt på 2,3 ha.