Scarpa Rouchet Briccorosa 2011

Rouchet, Ruchè eller Rouché – om ikkje det kjæraste bornet med mange namn i Piemonte – så har i det minste drua gått frå attgløymd plante til eigen DOC. Med berre 50 hektar Ruchè i verda blir det eksklusiv vin – men blir det god vin?



Hjå Scarpa i Monferrato er hovudutvalet sjølvsagt Barolo og Barbaresco på mest mogleg tradisjonelt vis, men dei lagar også vin av Brachetto, og altså Rouchet. Kjellaren er nok diger, for dei kan tilby vinar attende til 1962.


Scarpa Rouchet Briccorosa 2011

100% Ruchè. Handplukka druer, økologiske prinsipp, 12 månader på stål, 12 månader i flaske før sal.

Nydeleg duft frå nyopna flaske. Hageroser og mandel, men veldig stum i munnen. Får ein times strafferunde på karaffel før vi smakar på ordentleg.

Framleis veldig aromatisk. Roser, anis, mynte, morell og blomstereng, men også eit haustleg lauvpreg kjempar om merksemda – lett å utsetja første slurk for berre eitt sniff til. Kompleks og behageleg snute.

Litt lufting har gjort godt. Mjukt anslag med ørlite sødme som glir inn eit midtparti med morell, kirsebær, lakris og svart pepar. Konsentrert i ein slags røff eleganse. Noko grønt og bittert urteaktig – kjørvel? – rusker det litt til, kjem og går i glaset. Fin lengde med hermetiserte kirsebær og lyse ripstonar i avslutninga.

Artig vin – meir spanande snute enn smak, men likevel gøy med «ny» drue. Tanniner byggjer seg nesten umerkeleg opp og kjem i eit bakhaldsangrep i tredje glaset – men er lett å parere med eit stykke lam. 14 prosent alkohol er ikkje merkbart på anna måte enn at eg spelar Phil Collins tidlegare på kvelden enn vanleg.

Musikkbonus: Diverse Artistar – Worldwide – 30 Years of Real World Music

“When we look back now over our catalogue we realise how lucky we were to be working with so many of the world’s great artists.” (Peter Gabriel)

Tenk at Real World – verdsmusikk-labelen til Peter Gabriel – er blitt 30 år. Undervegs har det etter kvart blitt nærare 250 plater, og då er det dristig å feire med ein enkel cd med 19 låtar. Eg misunner ikkje dei som har måtta gjere utvalet..

Der førre feiring – Real World 25 – gjekk litt i kulissane til dei meir ukjende spora (og hadde 3 cdar å boltra seg på), så er dette skamlaust kommersielt. Her er Papa Wemba, Les Amazones d’Afrique, The Gloaming, Nusrat Fateh Ali Khan, Afro Celt og det meste av headlinerar frå dei største verdsmusikkfestivalane.

Musikken kjem frå Tanzania, Kina, Irland, Papua og ei røys andre stader  – det meste kjem utan skarpe kantar og er ekstremt lett å like. Eit kvikt og prisgunstig innblikk i kor fantastisk musikk verda har å by på.

Kjelder:
https://scarpawine.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://realworldrecords.com/
Diverse Wikipedia

Leave a Reply