Sercial Killer

Vesle og bratte Távora-Varosa – omtrent der Douro blir til Beira eller omvendt – kan takka Cisterciensar-munkane for dei første vingardane i området. Her veks druene 500 meter over havet, og sjølv varme dagar om sumaren kan ikkje kompensera for kalde netter, noko som gjer at dei ofte strevar med å bli ordentleg modne. Om noko vin skal bli bra her så må det vera musserande.

Malvasia Fina er hovuddrua saman med det vanlege kaoset av portugisiske drueslag. Som eit ledd i satsinga på boblevin er mykje tradisjonelt byta ut med Chardonnay og Pinot Noir. Her har Murganheira sidan 60-talet laga musserande vin på sjampanjemetoden

Murganheira Super Reserva Bruto Espumante 2013

Blanding av Sercial (ikkje madeiradrua), Malvasia Fina og Tinta Roriz (Tempranillo). Sjampanjemetode, fem års lagring etter andregongsgjæringa.

Intens duft av gjærbakst og gule eple frå nyopna flaske. Får selskap i glaset av rista mandlar, vanilje, honning og ørlite kvit pepar. Fin snute.

Kremete anslag med fyldig munnkjensle. Midtparti med modne, gule eple, søte pærer og honningmelon. Lang, men litt tynn og pistrete avslutning med bakte eple og honningsødme.


Herleg vin å sniffa på. Artig og vellaga med reine smakar, men som dessverre mista rennefarten rett før målgang – med berre litt meir syre i avslutninga så hadde dette vore tipp-topp. Fungerte fint saman med iberisk gris og bølgjene i Praia das Maçãs. Uansett eit godt supermarknadkjøp til 120 kroner.

Kjelder:
http://murganheira.com

Leave a Reply