Simpsons already did it

Vi veit etter kvart at britane kan laga musserande vin, vil dei også kunne hevda seg på den boblefrie marknaden? I Kent har ekteparet Simpsons satt seg føre å laga stille vin med eigne druer – planta i 2014 og utover dei neste åra. Sidan 2016 har dei produsert musserande vin på sjampanjemetoden, pluss Pinot Noir, og Pinot Meunier vinifisert som kvit! Og altså Chardonnay som vi skal smaka i kveld.

Simpsons Gravel Castle Chardonnay 2018

Skarp sitronduft og smågodthylle frå nyopna flaske, grønt urtekaos som saman med søt rambutan og moden ananas blir litt for voldsamt pan-franskasiatisk til å vera behageleg. Meir umiddelbar smak: Frisk sitron og syrlege, grøne eple. Får ein times strafferunde på karaffel før smakinga startar på ordentleg…

Har funne roen etter luftetid. Lys pæreduft, nyslått gras, gule eple og litt tropisk nektar. Ørlite syntetisk raud smågodt-fisk utan at det gjer noko.

Crispt anslag, lubbent midtparti – har vokse på seg fylde med tid. Gule eple, frisk ananas, nesten sjampanjeaktig kritt, gul frukt som varer og varer i ei lang avslutning. Med tid i glaset kjem sylta sitron med nydelege søt-syrlege tonar.

Kul vin, som trengte litt tid før han byrja å synge reint, og eit nytt døme på at England kan vera eit spanande tilfang i vinverda. Draumeparing med Fish ‘n’ Chips og eit toppers kjøp til 220,-

Musikkbonus: Mats Öberg – Frankly

Frank Zappa som pianoimprovisasjon? Spike Jones møter Edgar Varèse i klaverkamp? Den svenske keyboardisten Mats Öberg har alltid vore ein Zappa-fan. Han opptrådde med Frank sjølv i Gøteborg i 1988 og var ein del av bandet under Zappa’s Universe på tidleg nittital. Heilt i det stille har han pusla med solopiano-arrangement av Zappa-låter – ikkje ulikt det Mike Keneally gjorde med Steve Vai på Piano Reductions – og har no sloppe ein cd på verdas minste plateselskap – mogleg det er frykt for advokatar i Sambandsstatane som er grunngjevinga for å halda ein lav profil – skal du ha skiva må du senda ein epost til Annells  Songs og betale 130,- via Paypal, så kjem ho i posten.

Om konseptet er noko heimelaga, så er eg likevel bergtatt av det nydelege frontcoveret lenge før eg får i gong musikken. Musikalsk ligg det innafor ein slags Keith Jarrett-tradisjon: ta eit stykke kjend musikk, rist på det og sjå kor det endar. Det eg prøver å sei er at Öberg ikkje er særleg tru mot originalane. Her er improvisasjonane så leikande at det gjerne matchar Zappa sine eigne soloar.

For all del – han presenterer melodiane så det ikkje er noko tvil kva vi høyrer på før han startar å utforska harmonikk og rytme – akkurat når ein er på veg i coveret for å minnast på kva han eigentleg driv med, så finn han snev av opphavet igjen før nye dykk i musikken.

Undervegs lagar han jazzballade av Inca Roads og The Black Page. King Kong kunne vore henta ut frå Chick Corea sin katalog med eit heftig melodisk driv, medan Zoot Allures blir nærast impresjonistisk.

Der Zappa var ein samtidskomponist som tvihaldt på melodiske forløp og snåle rytmar, verkar Öberg mest opptatt av å improvisera seg inn i klangane. Ei plate som er meisterleg satt saman og kjem til å forbli lenge i spelaren hjå meg.    

Kjelder:
https://simpsonswine.com/

Ein tanke på “Simpsons already did it

Leave a Reply