Smått og godt?

Ei påske er over. Ei ny påske med strenge restriksjonar. Med sterke formaningar om å halde seg til eigen kohort, unngå å treffe andre menneske og reising. Allikevel held resten av vinpressa på premisset om at påske=pappvin. Kva som har gjort at det behov for å teste og promotere ein salskategori som allereie står for 60% av volumet av vin som blir seld på polet, forstår eg ikkje. Påska er ei høgtid, mange har fri eller tek seg fri for å vere med familie og vener heime eller på hytta. Det er tid for å hyggje seg. Med tid til å lage god mat og drikke god vin.

Men om du allereie drikk noko middels frå bag-in-boks dei andre 51 helgene i året, kvifor ikkje prøve noko anna enn endå ein middels bag-in-boks? Og om vinen har fått terningkast 6 i VG, er det ikkje sikkert at du likar han allikevel. Då har du tre liter vin å drikke opp som du eigentleg ikkje har lyst på. Og grunna restriksjonar på besøk, har du denne påska endå færre som kan hjelpe deg å drikke opp desse tre liter med vin som du ikkje synest var så god.

Javisst er mange av polkundane vanedyr med fobi mot å prøve nye ting. Men denne gjentekne melodien om at vin skal kome i praktisk firkanta emballasje og i einingar på tre liter er ikkje anna enn ei oppskrift på alkoholisme. Kva med å gå hin vegen? Kvar blir det av halvflaskene? Skal du finne ut om du likar tørr tysk riesling eller Chablis er det litt rart å gå for tre liter fyrste gongen. Kva om det ikkje fell i smak? Kva skal du gjere med dei resterande 2,9 liter som er att i boksen? Nei, får trøkke det ned då, blir jo full av dette òg!

Halvflasker er utbreidd til søt vin. Men for tørr kvitvin og raudvin er det ikkje mykje å skryte av på polet. Ein del 37,5 cl halvflasker finst med musserande vin, hovudsakleg cava og cremant, i tillegg til 21 varelinjer med Champagne på 37,5 cl. Felles for det meste av halvflaskene, anten det er musserande, raud eller kvit vin, er at literprisen er svært mykje høgre enn for heilflaske av same type. Det er 92 varelinjer med raudvin, og mykje av dette er enkel, kommersiell vin, og difor ikkje aktuelt for meg å prøve. Champagne er relativt dyrt, og sidan kvaliteten på halvflasker er noko lågare enn for heilflasker, får dette heller bli eit prosjekt for ein seinare artikkel.

Men finst det vin på halvflaske som ser så interessant ut at eg ville kjøpt det? For meg som likar å prøve ut nye vinar, vert det tynne utvalet fort eit problem. Og når prisen for ei halvflaske er så mykje høgre enn for heilflaskene, så vert nok dette eit kortvarig prosjekt. La Mission Haut-Brion og Pavillon Rouge til Ch. Margaux freistar jo, men med årgang 2018 og pris på høvesvis 2750,- og 1695,- for halvflaske, blir det fort uaktuelt. Ridge Estate Cabernet Sauvignon 2017 (369,-) kunne eg ha kjøpt, men han er for tida utseld. Ch. Musar 2003 har eg smakt før. Eg var litt skuffa, så den kom ikkje med her. Går vi lenger ned i pris, så finn vi Côtes du Rhône frå Guigal (104,50) og Barolo Bussia frå Fratelli Giacosa (187,90), men desse har eg smakt før i samband med artikkel i Sogn Avis, og dei var ikkje så gode at den ekstra prisen for halvflaske var verd eit gjenkjøp. Barolo 2016 frå Scavino (289,90) ville eg gjerne hatt med, men den vinen var for tida utseld. Ch. Monbrison 2011 (241,40) hadde òg vore aktuell, men vinen må kjøpast på Skøyen. Fontodi Chianti Classico 2017 (147,90) var òg utseld då eg skulle gjere mi bestilling.

Eg endå opp med tre raude og to kvite. Fire vart bestillt og ein stod i hylla på mitt lokale pol. Og her kjem ei utfordring til polet som går på deira alkoholpolitiske verkemiddel; fleire tenderar på halvflasker, og då må prisen meir samsvare med prisen på heilflasker. For det finst mange fleire produsentar som tappar halvflasker enn det som finst i basis- og bestillingsutvalet til Vinmonopolet i dag. I BU har ikkje Vinmonopolet så mykje dei skulle sagt. Her må dei berre selje vinen til den prisen importøren sjølv set, pluss polet sine utgifter og statens avgifter. Men gjennom ein tender kan dei leggje føring for kva som skal vere salsprisen på ein vin basisutvalet. Ja, eg veit at bag-in-boks er mange importørar og polet si mjølkeku. Men no når taxfree, grensehandel og vin frå reiser er praktisk talt null, har Vinmonopolet alle tiders sjanse til å ta i bruk verktøy frå måtehalds-kassen. Her kan nok større utval betre eksponering halvflasker i utsala vere noko å tenkje på.

Utvalet på halvflasker er altså for dårleg. Det er klart at kostnaden for produsenten med å tappe på det litt ukurante formatet 37,5 cl er noko høgre enn for 75 cl. Men det er lov å prøve. Vinmonopolet er trass alt ein så stor kunde, at det vil kunne bli eit volum av halvflasker som kunne vore lønsamt for både produsent og importør. På Systembolaget kan du (om du som les dette er i Sverige), kjøpe ei 37,5 cl flaske med Scavino Langhe Nebbiolo til 99 SEK. Heilflaska av same vin kostar 219 SEK. Om Vinmonopolet har forsking som viser at fleire halvflasker og lågare pris på halvflasker fører til meir alkoholkonsum, så skal eg heller slette denne artikkelen. Fram til då meiner eg polet og importørane har noko å jobbe med.

Georg Breuer Rüdesheim Estate 2019

Ei frisk lukt med mogne eple og steinstøv stig frå glaset. Slik riesling-lukt set i gong forventning og salivering. I munnen vert ikkje alt oppfylt. 12% alkohol og 7,3 g/l restsukker indikerer ganske mogne druer, men det er vel ikkje dei beste vinmarkene som er med her. Ein enkel, frisk og neste tørr vin med rein eplekarakter. Middels konsentrasjon. Fin representant for Rheingau, men 156,90 for halvflaske er litt over kva eg vil betale. Literpris på halvflaske: 418,40, literpris på heilflaske: 311,87.

René Lequin-Colin Bourgogne Côte d´Or Chardonnay 2019

Fin Bourgogne-typisk lukt med gule eple, litt eik, flint og salt østers. Ganske djup og med pen intensitet. Smaken har bra fylde. Det verkar å vere fint moge druemateriale, for her er bra rik kjensle. Litt eikekrydder, mogne eple og salt mineralsk touch. Bra konsentrasjon til prisen på 117,40 for halvflaske. Literpris halvflaske: 313,07, literpris heilflaske: 260,40.

Ch. Lynch-Moussas 2009

Tett, mørk granatraud med noko bruning. Kjøtfull lukt, som avslører ein rik årgang. Mørke bær, både søte og syrlege, er det fyrste som slår meg. Sidan kjem nougat, grafitt og treverk. Lovande. Mykje frukt også i munnen, før tanninane kjem og reinsar opp. Tørr og balansert, trass i ein del rik frukt. Mørke bær, eikekrydder og sjokolade. Flott munnkjensle, og vinen fadar sakte ut med nougat og avslipen raud bærfrukt. God å drikke no, men toler fint 3-8 år til i kjellarmørket. Denne kunne eg tenkt meg å kjøpe igjen. Vinen kostar 359,90 for halvflaske. Det er no ingen heilflaske av same årgang. Literpris halvflaske: 959,73, literpris på heilflaske med årgang 2007/2014/2016: 862,- til 877,-

David Duband Morey-Saint-Denis 2017

Lett parfymert pinot med fiol, eik og litt “mørk” fruktprofil. Noko bringebær og jordbær kjem etter kvart. Treng litt lufting for å opne seg. Smaksrik, litt tretørr vin med ok syre og parfymert pinot-smak og noko eikepreg. Kjem seg med luft. Ein test på dag to viser ein litt meir open vin, men enno treng vinen nokre år på å få ut potensialet. Denne kostar 409,90, noko som gjev ein literpris på 1093,07, medan heilflaska gjev ein literpris på 906,53. Er vel litt for dyr til at eg kjem til å prøve igjen. Men fint at importøren til Duband har teke inn fleire cuvée-ar i halvflaske.

Domaine du Vieux Lazaret Chateauneuf-du-Pape 2016

Mørk granatraud med lilla i. Nesten transparent. Juicy og ganske fersk lukt av syrlege mørke bær, vanilje og jordbær. Litt tilbakehalden på nasen. Fersk og strukturert vin med fin syre og ein del alkoholvarme. Mørk frukt, litt stilk. Bringebær og bjørnebær dominerer. Ok vin til grei pris. 161,90 for halvflaske som gjev literpris på 431,73. Heilflaska er i basisutvalet, så det er vel mogleg at det finst fleire ulike årgangar på ulike pol rundtom i landet. Det står oppgjeve 2018, med ein literpris på 359,87.

Leave a Reply