“Menneske er berre heilt menneske når det leikar.”
Friedrich von Schiller
Eg har 99 versjonar av historia, men sanninga er ikkje ei. Den tynne, men innhaldsrike boka Stiløvingar av Raymond Queneau (1947), som eg har i Ragnar Hovland si norske omsetjing (1996), har lege der som ein potensiell inspirasjon til å arrangere ei smaking av nokre vinar. Når så ein gjeng kameratar skulle kome på selskap, var det på tide å opne flaskene og sjå kva andre meinte om dette. Litt leik med vin i jula.
Det finst mange grunnar til littertur. Nokre har ein trøblete barndom å prosessere, andre eit fadermord å utføre, og så er det mange med ei god historie å fortelje. Raymond Queneau var inspirert av matematikken, og var med å danne Oulipo, ei forening med hovudsakleg fransktalande forfattarar som “arbeidde med potensiell litteratur”, der begrensingar og formlar vart nytta som inspirasjon til skrivinga.

I vinverdas mest brukte begrep, terroir, er det jo nett begrensinga som er litt av poenget. Kva finst av eigenskapar og likskapar innanfor eit avgrensa geografisk område planta med vinstokkar, og kan dette smakast i ferdige vinar frå ulike produsentar eller på tvers av årgangar? Men òg innanfor porteføljen til ein produsent kan ein gjere seg opp ei meining om skilnader i terroir.
Diverre er det ikkje så mange stader at det vert laga mange ulike vinar av samme produsent frå same avgrensa geografiske område. Men vi har då Mosel, der riesling-drua kan haustast med ulik grad av mogning og likevel vere interessant og smakfull i fleire variantar. Eg har vore inne på dette tidlegare med tre tørre Molitor-vinar. (Og no lagar Molitor ein GG-riesling i tillegg til tre ulike tørre rieslingar frå Zeltinger Sonnenuhr!)

Ein som gjer det er Markus Molitor, og i 2016 kan det sjå ut som han laga ni ulike vinar frå vinmarka Zeltinger Sonnenuhr, alle på riesling sjølvsagt. Molitor held på prädikats-nemning, og lagar rieslingar i tørr, feinherb, og med klassisk prädikatsødme, som får ulik farge på kapselen. Kvit er tørr, grøn er feinherb og gull er søt. Zeltinger Sonnenuhr er på om lag 23 hektar, til dels bratt og vender mot sørvest.

Frå Zeltinger Sonnenuhr plar Molitor lage kabinett med kvit og gull, spätlese med kvit og gull og så auslese i kvit, grøn og gull. I 2016 vart det auslese med kvit og gullkapsel med to **, og auslese kvit, grøn og gull med tre ***. Stjernene er ein eigen kvalitetsrangering som Molitor har brukt sidan 1997.
Med så mange vinar frå ei vinmark, så vert ein jo nygjerrig på kva som er det mest interessante uttrykket frå Zeltinger Sonnenuhr. Vinmarka har tidlegare vist at ho har godt potensiale, med gode flasker frå både Joh. Jos. Prüm, Selbach-Oster og Molitor.

I 2018 kjøpte eg inn tre ulike flasker frå Zeltinger Sonnenuhr frå Molitor i 2016-årgang, med tanke på framtidig smaking. Eg valde meg ein kabinett, ein spätlese og ein auslese. Den gongen var prisane ganske gunstige, medan dei siste åra har prisen på auslese gått ein del opp. Vinane vart smakt i rekkefølje etter restsukkernivå, i staden for stigande prädikat.
Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Spätlese Tørr 2016
Lys strågul farge, som indikerer at her har korken fungert. Lukta er ganske rik og sødmefull med utvikla eplefrukt, lett krydra med noko mineralsk. Samtidig er det noko som vert oppfatta som vibrerande friskt og syrleg, og som skaper salivering. Tørr, men ikkje fanatisk. Medium fylde og litt spinkel konsentrasjon som gjer seg gjeldande i midtpartiet. Smakar av syrlege raude eple, lime og urter. Ein vellukka vin, og eit godt kjøp til 250 kr i 2018. 11% alkohol.
Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Auslese *** Feinherb 2016
Lys strågul denne òg. Lett kandisert syrespel, karamelliserte eple i ein luftig og lett stil. Med nokre timars opning og gjensmaking av vinen seinare på kvelden, har det utvikla seg endå meir aroma av lime, surblad, epleskrell og honningmelon. Frisk vin, med ein moderat feinherb-sødme. Litt mjuk og “snill” vin, men kjem seg altså nokre hakk med luft. Saman med eit koldtbord med ein del sursøte smakar og grava og røykt kjøt og fisk, kjem vinen endå meir til sin rett. 650 kr kosta denne, men eg tykkjer ikkje den forsvarer så stor prisskilnad mot spätlese-vinen. 11% alkohol.
Markus Molitor Zeltinger Sonnenuhr Riesling Kabinett 2016
Lys strågul farge. Mjuk, lett utvikla riesling-aroma med mogne eple, karameliserte eple og noko litt ureint som går mot oksiderte eple. I munnen er vinen utvikla, mjuk og grei med litt manglande konsentrasjon. Det smakar av raude eple, lime, mango og nedfallseple. Tradisjonell kabinett-alkohol på 7,5 %, og restsukkeret på om lag 50 g/l er ganske nedtona. Eg vil tru denne vinen hadde litt meir “edge” i ung alder, og denne viser at ikkje all riesling treng eller bør lagrast. Både spätlese- og auslesevinen har fått nye fasettar.
I boka Stiløvingar får vi den same korte historia om ein bussreisande som observerer noko to gonger på ein dag, servert i 99 ulike stilar. Resultatet er svært underhaldande, og samtidig får vi gjennom så mange måtar å fortelje historia på, ein rikare innsikt i innhaldet. Med fleire ulike tappingar av ei vinmark, kan ein kanskje forstå litt meir om kva som er “bodskapen”.
Akkurat i dette tilfelle, viser kanskje eksperimentet eit par små innsikter om Mosel: at riesling-drua har mange moglege innhaustingstidspunkt, og at slike ting som logistikk gjer det naudsynt å ikkje hauste alt på same mogningsnivå. I dette tilfellet tykte eg at Molitor fekk til den tørre varianten best, medan eg har hatt står glede av ein feinherb-vin frå same vinmark frå kjellaren til Selbach-Oster.
