Stjerner over Betlehem?

5 kilometer utanfor Betlehem har Cremisan – med oppstart frå den italienske misjonæren Antonio Belloni, som brukte inntekta til barnevernsarbeid  – laga vin sidan 1885. I dag går framleis deler av overskotet til solidaritetsarbeid i regionen.

Cremisan Wine Estate Dabouki 2020

Betlehem, Palestina. 100 % Dabouki.

Banan, tropisk nektar og noko blomstrete jasmin-aktig. Med litt tid i glaset kjem lime snikande. Behagelege og reine – om enn litt forsiktige –  duftar.

Lett munnkjensle som vinn fylde inn i eit midtparti med  aprikos, honning og eit urtebittert kjørvelstikk. Anstendig lengde med hermetisert fersken i avslutninga.

Rein og velsmakande – men litt kjedeleg – vin som lovar meir på snute enn han ga på tunga. Fungerte bra til eit stykke pretensiøst anretta torsk, knappe 250,- er heilt grei pris.

-Men, tenkjer du nok no. Kan han smaka palestinsk vin utan å ha med drua Ahmar Derani – eller Baladi, om du vil?

Cremisan Wine Estate Baladi 2018

Betlehem, Palestina. 100 % Baladi. Bestilte 2020, fekk 2018.

Kraftig duft frå nyopna flaske. Modne boysenbær og solbær, krydderskuff med ekstra muskat, litt tyttebær. Lettare blomstertonar og jordbær bakom. Går frå powerhouse til ganske så elegant etter nokre minutt i glaset.

Fruktig anslag inn i eit fyldig midtparti der syrleg bringebær og søtlegare jordbær sloss om merksemda saman med morell. Lang avslutning med litt kaffibønner og mørk sjokolade saman med frukta.

Dette var godt og annleis. Eigentleg litt søtare enn eg burde væra komfortabel med, men blir fint balansert av syra. Fungerte bra til behari-kebab, og grei pris til knappe trehundrelappen. 

Musikkbonus: Handel – Brockes-Passion (Academy of Ancient Music)

Vi går inn i tida tida for innstiftinga av Nattverden som ikkje er oss, og tida for musikken som følgjer Jesu liding. Det er ikkje til å koma frå at Brockes-pasjonen har levd litt i skuggen av Bach sine påske-pasjonar, men i 2019 – til 300års-jubileet for Händel sin premiere – var Academy of Ancient Music, leia av Richard Egarr, ferdig med å rekonstruera det urettferdig oversette verket med ein over to timar lang langfredagkonsert, som igjen vart til ein cd-boks med haugar av ekstraspor og alternative arrangement, pluss ei 220-siders bok.

Der Bach observerer frå distanse, er tekstane frå Barthold Brockes ubehageleg direkte – fylt med blod, skuldkjensle og tortur – medan Händel, som den sirkusdirektøren han var, pøser på med ni solistar som deler over førti ariar. Likevel – og dette er ei småleg, men likevel relevant innvending – alt er så overveldande vakkert uansett kor brutale tekstane er.

Uansett er Bach sitt påskemonopol over.  Elisabeth Watts sine overjordisk vakre bidrag og Cody Quattlebaum som sårbare Jesus er verd heile boksen i seg sjølv. Legg til ei innspeling så teknisk bra at det kjennes ut som musikarane sit i stova, så er dette er too hot to Händel.         

Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://aam.co.uk/
https://www.cremisanwine.com/

Leave a Reply