Sublim sangiovese

Kva er det beste uttrykket av sangiovese? Og er det berre ein retning der vi kan finne det beste? Eller kan det tenkjast at det er finst ulike inkarnasjonar av vin på sangiovese som kvar for seg kan bli ein stor vin? Slike ting kvernar i hovudet etter ei smaking av tre årgangar med det som mange reknar som noko av det største ein kan få til av denne populære italienske drua, nemleg IGT Toscana Soldera Case Basse frå Montalcino.

Stor sangiovese

Og kva er stor vin? Finst det objektive estetiske mål på det, eller har røynde vindrikkarar sine sterke subjektive preferansar som i somme tilfelle kan gå på kryss av etablerte sanningar og inforstått hierarki? Ja, no vart det mange spørsmål her, men eg trur vi må spørje og undre oss, og ta del i dialogen om forskjellige vinar for betre å forstå dei. Eg har dei siste to åra dukka litt meir ned i sangiovese, og forsøkt å kome denne underdogen i vinverda litt meir under huda.

Du kan mellom anna lese det eg har skrive her, her eller her. Og her skriv eg om ein Brunello som ein gong gjekk over streken.

Størst heime

Sangiovese er stor i Italia, den største i areal med knappe 70 000 hektar, men har i liten grad klart å skape seg namn i utlandet. Det finst faktisk 2319 ha sangiovese i Argentina, men kan du nemne namnet på ein argentinsk sangiovese-vin? Nei, ikkje eg heller. Korsika har 1319 ha og California 789 ha, men elles er det sparsomt med sangiovese-stokkar rundt om i vinverda. Ein skulle og tru at det med så mykje areal i heimlandet, var fleire vinar som kunne bli store og skapte hysteri, samlemani og høge prisar, men det er like mykje «Super-Tuscans» på cabernet og merlot som tek merksemda i kjerneområdet Toscana.

Måteleg kvalitet?

Er det kanskje slik at sangiovese ikkje har potensialet til å verkeleg skine? At ho ikkje kan bli vin som har ein brusande balanse eller viser vekststad og terroir på ein transparent og tydeleg måte? Jau, det meiner eg, men det har kanskje ikkje vore fokuset hjå dei som har laga vinen. Dei har kanskje ein filosofi om å lage drikkevenlege vinar som tek vare på den lyse fargen og den friske kirsebærfrukta. Og forsøk med kraftig ekstrahering og ny eik har til dels vore litt rart og framandgjerande.

Ulike kriterier

Det er kanskje instinktivt å tenkje at stor vin betyr meir av alt, men ofte er det ikkje slik. Og må vi nytte dei same kriteria for kva som er stor vin på alle vinar? Det er for eksempel vanleg å tenkje at dei beste vinar må vere vinar som kan eller bør lagrast og utviklast over mange år i kjellaren. Men slett ikkje alle vinar er slik. Det går an å lage fantastisk god vin som leverer, rett ut frå tapping. Til og med klassisk kvalitetsvin. Ein tøff struktur som langsamt skal slipast ned i kjellaren treng det heller ikkje vere for at vi skal kunne nyte ein fullkomen vin i fulle drag.

Mor frå sør

Druesorten sangiovese er ei kryssing av ciliegiolo x calabrese di montenuovo. Fyrstnemde er ein toskansk sort, medan calabrese di montenuovo kjem frå det sørlege Italia. Ein trudde kanskje sorten var utrydda, men nokre få planter vart funne nær Napoli. Sangiovese har mange synonym og mange ulike kloner. Det er forenkla inndeling i to greiner: sangiovese grosso, som særleg vert nytta i Montalcino, og sangiovese piccolo.

Strengt og stort

Frå å vere mykje skrinn og tannlaus kvardagsvin, har betre kloner, lægre avkasting, betre jordbruk og global oppvarming ført til at både i Chianti og Montalcino når vinen fort 14-14,5% alkohol i gode år. Nokre gonger går det fint, men sangiovese vert kanskje meir interessant når mogninga er meir i grenseland, slik vi kjenner det frå gode utgåver av pinot noir. Brunello di Montalcino har det lengste langringsregimet av italienske raudvinar, med minimum to år i eikefat, og tidlegaste salstidspunkt 1. januar det femte året etter innhausting. Det er slett ikkje all vin frå Montalcino som kjem ut av dette med stil, og i nokre tilfelle kan Rosso di Montalcino vere vel så interessant vin.

Høgde og breidde

Montalcino ligg litt lengre sør enn Chianti Classico, og druene vert noko meir mogne her. Men innan DOCG Brunello di Montalcino er det stor variasjon i høgde over havet og soleksponering, noko som igjen gjev vin med ulik profil. Ei smaking for nokre år tilbake av fleire frå årgang 2004, viste ein del vinar som var slitne og som tydeleg ikkje hadde godt av minst to år på fat. Samtidig er det absolutt vinar frå området som har ein oppbygning som gjer at dei kan kome ut av eit lengre kjellaropphald med balanse mellom struktur og frukt.

Case Basse

Gianfranco og Graziella Soldera kjøpte eigedomen Case Basse ved Tavernelle i 1972, som då var utan vinmarker. Planting av vinmark byrja, medan oliventre og skog fekk stå. Totalt er det ti ha vinmark som gjev druer til vinen. Det var sidan starten eit mål om mest mogleg naturleg balanse i økosystemet og ikkje noko kjemiske sprøytemiddel har blitt brukt. Kona Graziella sin interesse for blomar har resultert i ein botanisk hage på to ha, og saman med den kringliggjande skogen gjev det eit rikt insekt- og dyreliv.

Kunnskap

Gianfranco lytta til både naturen og vitskapen. Ønologen Giulio Gambelli var konsulent i mange år, og Massimo Vincenzini med fleire frå univeritetet i Firenze har drive med ulike studier av vinmarka, klimaendringane si påverking, men særskild på mikrobiologien i den spontane gjæringa og samansetjinga i vinen. Kjellaren ligg 14 meter under jorda, og held konstant 13 grader. Gianfranco var svært oppteken av detaljar og punkt som kunne betrast. Han var kritisk til consorziet, og frå årgang 2006 var han ikkje lenger med i DOCG Brunello di Montalcino. Vinen er no IGT Toscana, utan at det har så mykje å seie for salet.

Med 10 ha kunne det fint blitt 50-60 000 flasker med normalt utbytte, men årsproduksjonen ligg i gjennomsnitt på 15 000 flasker. I vanskelege år med behov for streng seleksjon, kan det kome ned i berre 6000 flasker. Vêrstasjonar rundt om i vinmarka registrerer data kvart 10. minutt. Monica fortalde at dei ikkje klypper toppskota på plantene, men trimmar og binder dei opp så det blir ein paraply mot for mykje sol eller regn.

The vines will learn and adapt, they are more clever than us. – Monica Soldera

Når druene kjem inn, vert dei avstilka, før dei går ut på eit sorteringsbord. Alle druer som ikkje er perfekte, vert forkasta. Druene går intakte i store gjæringskar, og vinen startar gjæringa spontant, utan noko tilsetjing eller oppvarming. Vincenzini sine studier av gjærstammar har vist at det er stor genetisk variasjon. I løpet av seks ågangar vart det teke 145 prøver, og heile 50 ulike typar saccharomyces cerevisiae vart påvist.

We can not completely understand everything. – Monica Soldera

Lys og lett og stor

Korleis smakte så vinen? Gianfranco har designa eigne glas, og desse vart nytta til dei tre vinane. Alle tre viser nært slektskap med kvarandre, trass i at årgangane hadde svært ulikt vær og veksttilhøve. 2014 er ein generelt sett svakare årgang i heile Toscana, men denne vinen har alt du kan drøyme om. Alle tre er lyseraude og transparente i fargen, om lag som ein litt eldre burgunder. Det er klart at 44 månader i store botti tek litt av fargen.

Tre årgangar glede

2014 luktar som noko skjørt, syrleg og raudt. Veldig rein frukt med friske kirsebær og litt krydder. Over i munnen er vinen behageleg, fullkomen enkel å nyte. Veldig smooth på veg rundt i munnen, trass i at her er integritet og struktur. Men det held seg i bakgrunnen. Det verkar ikkje som det er behov for å lagre dette noko meir, sjølv om det truleg vil skje andre og spanande ting med meir utvikling.

2015 var ein svært enkel årgang for vinbønder i Toscana. Denne har litt av dei same aromakomponentane som 2014, men med eit kledeleg snev av granateple. Smaken har ein litt søtare fruktprofil i starten, før syra kjem på banen. Litt nebbiolo-aktig aromatikk, men elegant og mjuk som ein pinot noir.

2018 er tydeleg yngre og friskare både i farge og lukt. Dei raude bæra er ferskare, søtare og med litt større intensitet. Kirsebæra er meir mogne her, og det er tydeleg at det er ein rik årgang. Vinen er heilstøypt og med ein nerve og konsentrasjon som held ting på plass. Men alt dette kjem eigentleg i bakgrunnen.

For alle tre vinane har ein slik svevande kjensle av at han utfordrar naturkreftene. Alt fell på plass, og ingenting stikk seg ut. Noko slikt er det svært sjeldan at eg opplever. Ein smak av Ligér-Belair La Romanée 2010 smakt i 2013 var sist eg fekk denne kjensla av .. nær perfeksjon. 2018 kjem for sal på spesialbutikkane sitt Italia-slepp til hausten. Prisen blir 4990 kr. Totalt vart det tappa 11 500 flasker av 2018.

Verd prisen?

Med ein slik prislapp kjem naturleg nok spørsmålet om vinen er verd prisen. Tja, for meg er dette for mykje for kva vin som helst. Eg kan ha stor glede av vin til 500 kr, og i sjeldne svake augneblinkar har eg vel lagt vin i handlekorga med prislapp på opp mot 1000-1500 kr. Men det er rikeleg med menneske som sit på tjukke lommebøker, og då er jo dette ein svært flott vin, som med tanke på det låge utbyttet, den begrensa produksjonen, det store og nøyaktige arbeidet som blir gjort i vinmark og kjellar, og den relative kvaliteten, kanskje er verd det. Om du er usikker på kor godt du likar sangiovese og Brunello di Montalcino, så finst det rimelegare vinar å prøve fyrst. Men det har vore ein solid prisauke i Montalcino òg. Andre supre Brunello er Fonterenza, Stella di Campalto, Le Ragnaie og Poggio di Sotto.

*Vinane vart smakt i samband med ein middag med representantar frå importøren, og Monica Soldera og Paola Banchi frå produsenten.

Leave a Reply