Terroir? Boda Furmint 2008

Dersom eit tre fell i skogen og ingen er der og høyrer det; lagar det då lyd? Dette filosofiske underlaget kan vi ha om skal omtale vinar frå nye område, eller nygamle og gamalnye vinstilar frå den gamle verda. Har ein vin eit særpreg, eller terroir, om det ikkje finst ei viss mengde menneske som stadig smakar, vurderer og samtalar om vin frå det aktuelle terroiret? Og når nokon bryt nytt land og forsøker å kreiste ut gull or ny grauwacke, der det ikkje finst tilstrekkeleg samanlikningsgrunnlag; kan det finnast ein konge på haugen utan ein berm å skilje seg ut frå?

Tokaj i Ungarn har ein historie som eit vinområde som er gunstig for å lage søt vin. Det var anerkjend og hylla over heile verda på ei tid då sukker og søte ting var meir verdsett og luksuriøst enn det er i dag. Søt vin var hot. I 2019 er det ein annan skål. Det er nok noko i uttrykket om at Tokaji er verdskjend, i Ungarn. Prisane for Aszu-vinen er for låge for å vere berekraftige i det lange løp, og for høge for heimemarknaden.

Kanskje er ikkje statsminister Viktor Urbán sin xenofobi noko sjakktrekk for å selje Tokaji-vinen ute i verda heller. I staden held han sitt eige folk nede med slaveliknande lover om tvungen ubetalt overtid.

Zoltan Demeter kjem frå byen Sátoraljaújhely, som ligg heilt nord i appellasjonen Tokaj-Hegyalja på grensa til Slovakia. I utkanten av byen ligg fleire vinmarker, mellom anna Boda, som familien til Zoltan har laga vin frå heilt sidan han vart fødd i 1966. Vinstokkane er over 100 år gamle. Ein parsell på 0,3 hektar planta med furmint gjev nokre hundre flasker vin kvart år. Vinmarka vender mot aust, og det er ein del kjøligare her nord, enn ved byane Tokaj og Mád.

Ein liten CV og oppsummering av vinmarksarealet til Zoltan Demeter skreiv eg i 2017, då eg var i nasegrus glede over ein furmint 2007 frå vinmarka Kakas ved Bodrogkeresztúr. Denne, saman med ein Szepsy Tokaji Furmint 2009 smakt i 2018, viser at tørr Tokaji furmint kan ha eit lagrings- og utviklingspotensiale.

Her kjem tre smaksnotat på same vin, med nokre års mellomrom. Vinen var kjøpt i England i 2013 til 170 kroner flaska, noko som må vere eit godt kjøp. Tilsvarande vin i 2017-årgang går no for dryge €48 i Ungarn. Vinen er gjæra i ståltank og mogna på eikefat. 12 % alkohol. Totalt 492 flasker vart tappa av 2008-årgangen. Det vert ikkje mykje samtale av ein vin som er produsert i så liten skala, men Chris Kissack (Winedoctor) har smakt vinen i desember 2011 og gav eit smaksnotat med fine ord og 16,5 av 20 poeng.

Zoltan Demeter Tokaji Furmint Boda 2008
Lys farge. Tilbakehalden og tight på lukt. Kvede, høy og sitrus på smak, med noko underliggjande eik. God, men ikkje det fyrverkeriet eg hadde håpa på. (30.08.14)

Zoltan Demeter Tokaji Furmint Boda 2008
Lys gyllen farge. Feit, salt og vulkansk nase! Ikkje veldig fruktig eller syrleg, men herlig likavel. Mineralsk, krydra og rik vin med noko urter på smak. Syra kjem snikande etter kvart. Drikk godt no, usikker på om vinen treng meir tid. (18.11.16)

Zoltan Demeter Tokaji Furmint Boda 2008
Strågul farge. Lekker, litt feit lukt med kjølig gul frukt. Lag på lag med mogen sitron, røyk og flint. I munnen er det ein smooth vin med frisk syre oppå ein brei base av gul frukt. Det er også ei prikkande røyk-mineralsk kjensle. Eit snev av oksiderte eple fortel om kvar vinen er på veg. Ok, kanskje var vinen betre i 2016, i allefall noko rundare og med meir vulkansk terroir i framgrunnen. No er vinen slankare og meir lineær. Heilt greit det også. Framleis drikkande etter elleve år. (01.12.19)

Leave a Reply