The Chinese Way

Suksessen til Cabernet Sauvignon er enorm, er for alltid knytt til Bordeaux, og drua er omtykt både hjå vinsamlarar og meir tilfeldige vindrikkarar. Det er etter alt å dømme fleire årsaker til dette: drua gjev ein tydeleg og gjenkjenneleg smak på vinen, og har ein klassisk stil som er lett å forstå sjølv utan lang erfaring.

For produsentane er det ei takknemleg drue som sjeldan lagar trøbbel så lenge ho får litt ekstra varme. På minussida har kanskje Cabernet Sauvignon vore så ettertrakta at drua har som kolonist spreidd seg og konkurrert ut stadeigne slag rundtom i verda. Ikkje verst for ei tilfeldig krysning mellom Cabernet Franc og Sauvignon Blanc…
No vil også Kina vera med – Greatwall er største vinprodusent i landet, og har lansert ein Cabernet Sauvignon på den norske marknaden.

Helan-fjellet i Ningxia var den første offisielle appellasjonen i Kina. Kort vekstsesong og kalde netter har fungert bra for Riesling og Chardonnay. Korleis vil det gå for varmekjære Cabernet Sauvignon?

 Greatwall Cabernet Sauvignon 2016

Solbær, blåplommer, muskat og nellik frå nyopna flaske. Duft av sykkelslange skjemmer litt. Gummipreget lufter fort av seg og vik plassen for grøn paprika og fennikel. Ikkje ubehageleg å sniffe på, men endar kanskje litt mykje på den grøne sida.

Saftig anslag, lett midtparti med plommer og morell. Overraskande lang og rein avslutning med ei spiss ripssyre parallelt med fyldigare morellsmak.

Heilt grei, om enn litt kjedeleg vin som fungerte bra til hjorteburger. Eg hadde lave forventningar, så vinen overpresterte i så måte – heilt ok kjøp til 170,-

Musikkbonus: Michael Hutchence – Mystify

Det er fort gjort å gløyma kor store INXS var for tretti år sidan. No er det komen ein fersk dokumentar om det altfor korte livet til vokalist Michael Hutchence. Saman med filmen er det sloppe ei plate litt utanom det vanlege.

I staden for ein Greatest Hits har produsent og tidlegare manager for bandet, Chris M. Murphy, laga noko som er ei meir stream-of-consciousness-samling av sjeldne studioopptak, konsertlyd, intervjusnuttar og uvanlege variantar av kjend musikk.

Høgdepunktet er nok studio-opptaket der Hutchence instruerer Ray Charles sine vokallinjer på Please (You Got That …) med nesten sjenert respekt. Ei stilig, men kaotisk utgjeving som nok er mest for dei som allereie er fans av INXS.

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
http://en.people.cn
Div Wikipedia
http://www.cofco.com
www.vinetum.com
http://inxs.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *