Ti år skilnad, ein kveld i lag: Borgogno Barolo

Vin med lang lagring har noko ved seg. Det er litt ekstra gjævt å opne mogne flasker som ein kanskje har lagra i eigen kjellar i årevis. Men gamle vinar vert ikkje alltid den store opplevinga ein drøymde om. Som ung og uerfaren vinkjøpar, handla eg nokre vinar som eg trudde skulle bli fantastiske etter 10-15 år. Dei fleste tålte ikkje tida, og det hadde vore meir lærerikt å smakt dei ferske. Men det finst vintypar som kan gje store opplevingar etter sakte utvikling i kjellarmørkret. Ei perfekt flaske Giuseppe Mascarello Monprivato 1974 gav gåsehud og ny tru på langtidslagring. Men det skal nemnast at på same smaking var det mange slitne flasker med eldre Barolo som ikkje innfridde.

Ei flaske med Borgogno Barolo Riserva 1996 dukka opp i kjellaren. Då 2006-årgangen også var tilgjengelig på polet, vart det ein sjanse å prøve dei mot kvarandre. Giuseppe Borgogno & Figili er ein tradisjonell produsent med røter heilt tilbake til 1761. Alle vinmarken til Barolo ligg i Barolo kommune. Dei trur på det gamle credo i Barolo; at ein blanding av fleire vinmarker gjev betre og meir harmonisk vin. Riserva er ein miks av Cannubi, Fossati og Liste. Vinmakingen er tradisjonell med lang gjæring i store tankar. Forsiktig overpumping, forsiktig pressing. Fem år i botte av slavonsk eik. Sidan flaskelagra hjå produsenten i nokre år. Er det litt lang tid i fat for druematerialet? Kanskje funkar det i eit superår med rik frukt, men eg lurer på om det ikkje tek luven av vinen i år utan det robuste frukttrøkket. Tannin er ein stor og viktig bestanddel i ein nebbiolo-vin frå Piemonte, men det finst mange måtar å handskast med dei. Sjølv om dei ulike stilane har sine tilhengarar, er det berikande at det finst forskjellige måtar å lage vinen på.

Om du vil lese litt meir om historia til Borgogno, er det meir i denne tidlegare artikkelen.

Giacomo Borgogno & Figili Barolo Riserva 1996

Vinen er lys oransjebrun. Transparent, sjølvsagt. Aromamessig er her mykje flott tørka sopp. Frå den store runde klokka til Riedel Burgundy-glaset stig det også opp tørka kjøt og syrlige raude bær. Som så ofte frå nebbiolo frå Piemonte, er det haust i glaset. Nedbrytning, bruning, falma fargar og til sist død. Syrlig vin i munnen. Smak av sopp og syrlige raude bær. Nedslipte tannin. Nasen er nok best på denne. Det kan virke som 96 har likheiter med syskenbarnet i Burgund. Høg syre og litt skrinn frukt. Denne ville eg ikkje lagra lenger. 13% alkohol. Truleg kjøpt i 2006, for litt under 400 kr.

Giacomo Borgogno & Figili Barolo Riserva 2006

Transparent og lys burgunderfarga vin. God fruktig lukt, med tørka sopp, søte bær og eit balsamisk preg. I munnen er det ein avslipen og pen Barolo med bra frukt framleis. Søte og syrlige raude bær på smak. Gode, nedslipte tannin og litt tørring i ettersmaken. Fin Barolo, men manglar litt kompleksitet til prisen. 14% alkohol. Kjøpt hausten 2017 for ca 560 kr.

3 tankar på “Ti år skilnad, ein kveld i lag: Borgogno Barolo

Leave a Reply