Ti år skilnad, ein kveld i lag: Clusel-Roch Côte-Rôtie

Ein gong i 2009, det må vel ha vore då for vinar frå 2007 var komne i sal, har eg bite meg merkje i at Jean-Paul Jamet hadde ytra seg svært positivt om årgang 2007 i Rhône. Eg gjekk difor avgarde og kjøpte litt Hermitage og Côte-Rôtie. Ein oppsummering på Cellartracker viser at det er den årgangen eg har fleste flasker frå Rhône-dalen. Med åra har eg nok blitt litt meir forsiktig med å ta alt stjerner seier for god fisk. Kunnskap og erkjenning er som vin, det er noko som tek tid å utvikle.

Kjellaren inneheld nokre flasker frå produsenten Clusel-Roch frå 2007. Eg hugsar ikkje kven som var importør, men vinane forsvann ut av polet sitt sortement etter 2010-årgangen. No var dei tilbake, og det var 2017 som var aktuell årgang. Då blir det eit høve til å grave fram 2007-utgåva for ein liten samanlikning. Ei par andre slike finn du her og her.

Appellation Côte-Rôtie har vore gjennom ein veldig vekst dei siste 50 åra. I 1971 var det berre 70 hektar (ha) vinmarker i produksjon. I 1989 var talet kome opp i 135. No byrja det å ta seg opp, for i 2000 var det 205 ha. I 2005 var det 230, og i dag seier John Livingstone-Learmonth at talet er 310 ha. Med andre ord er det mykje unge vinstokkar, og mykje nyplanting på platået over skråningane, der tilhøva er mindre gode. Det er prisane og interessa for den raude syrah-vinen, som igjen gjer det interessant for yngre krefter å ta opp minigravaren og rydde nytt land.

Côte-Rôtie er den nordlegaste av dei tre store raude frå nord i Rhône-dalen. Desse to vinane eg smakte viser tydeleg at det er vin som spelar på strenger vi finn lengre nord, og mindre likskapar med dei rike og fyldige vinane frå Hermitage. Det er lov å blande inn opp til 20% av den grøne drua viognier. Vinane vert tradisjonelt lagra i piece (228 l) eller større fat, ofte ein kombinasjon av nye og brukte fat. Det er ulike måtar å lage vinen på så både mindre fyldige og strenge vinar med god syre, lever side om side med meir joviale vinar med meir ekstrahert frukt og tydelegare eik i aromabilete.

Clusel-Roch vart formelt oppretta i 1989, men Gilbert Clusel hadde arbeidd med faren René sine vinmarker frå 1977, då han var ferdig med studia. Frå 1980 leigde han ein 0,25 ha parsell i vinmarka Viallière. Faren pensjonerte seg i 1987, og Gilbert fekk med ein bit av Grandes Places. I dag rår domainet over 5,5 ha i Côte-Rôtie, 0,5 ha i Condrieu, og 3 ha i Côteaux du Lyonnaise. Vinmarkene har vore sertifisert økologiske sidan 2002.

Clusel-Roch har laga ein Côte-Rôtie Classique og ein enkeltvinmark Les Grandes Places sidan starten. Classique skifta namn til Les Schistes frå 2016. Druene til denne vinen kjem frå vinmarker rundt landsbyen Verenay, nord for Ampuis. 96% syrah og 4% viognier. Vinen ligg om lag to år på 228-liters fat, der 15% er nye. Årsproduksjonen ligg på 12-15 tusen flasker. Frå 2004 har det vore laga små mengder Côte-Rôtie frå unge vinstokkar med namnet La Petit Feuille. Frå 2009 har det òg kome ein enkeltvinmarksvin frå La Viallière.

Clusel-Roch Côte-Rôtie Les Schistes 2017

Transparent og granatraud. Lysare enn eg hadde tenkt. Fin avstemt lukt, med vare nyansar sursøte mørke bær. Noko typisk kvit-pepar òg. Så vidt noko eik å spore i bakgrunnen. Ganske open, og med eit friskt og lett preg. I munnen er vinen middels fyldig. Det er sursøt bærsmak, og tanninane er moderate i mengde men faste. Eit litt friskt og grønt preg som truleg kjem av heile klasar/stilkar i gjæringskaret. Noko tretørring og eik i ettersmaken. Godt potensiale, rein og lekker stil. Dette er ungt, så 6-10 år i kjellaren gjer nok susen for dei som likar meir mogningsaroma i syrah-en sin. Dekantert i vid karaffel i to timar. Smakt frå Vinum Riedel Bordeaux. 13% alkohol. Kostar 449,90 våren 2020.

2017 i Côte-Rôtie var tørt og varmt, litt i same gate som 2009, 2010 og 2015. Det var svært god bløming, noko som gav jamnt over høg avkasting. Basert på denne vinen tykkjer eg allikevel her er mykje friskheit. Det kan også ha med at Clusel-Roch nyttar stilkar i gjæringa.

Clusel-Roch Côte-Rôtie Classique 2007

Transparent mørk mursteinsraud med lyseraud kant. Ein del sediment i flaska. Dekantert over i ein smal karaffel. Oh la la, her luktar det slaktarforretning. Velhengd rått kjøt, og ein del går mot viltkjøt og rype. Også denne lukta av fryste bringebær som er opptinte. Utvikla preg og det luktar syrlig, om det er lov å seie. Mogen vin på smak. Utvikla, litt tørre tannin. Behagelig, pen syre. Det smakar av syrleg kjøt, bær og noko krydder frå eik. God vin, men det er ikkje mykje stuffing her. Smal og elegant kan vere ein eufemisme for skrinn og vinglete. Det kjem nok an på preferanse og referanse, kva du fell ned på. Eg ville ikkje lagra dette mykje lenger. 12,5% alkohol. Kosta 380 kr i 2013. Smakt frå Riedel Vinum Burgundy.

Med ein fersk 2017 i glaset ved sida av, er det lettare å forstå kvifor ein 13 år gamal Côte-Rôtie smakar slik. Dette er ikkje svære vinar. Det er meir som små fugleungar, slik gode raude frå Cote d’Or er det. Min fremste autoritet på Rhône, John Livingstone-Learmonth seier mellom anna om 2007 i Côte-Rôtie, at det var ein del ” fragile wines”. Det var ein lang vekstsesong, 120-130 dagar frå bløming til hausting. Ein haglskur i juni gav ein del problem, nokon mista druer, andre valde å fjerne stilkar før maserasjon. August var fuktig, men nordavinden, La Bise, tørka opp og hjelpte til med konsentrasjonen i september. Det er med andre ord vinar som kanskje bør hentast fram frå kjellaren, og ikkje bli liggjande for lenge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *