Ti år skilnad, ein kveld i lag: Cornas

Eit rop om hjelp frå ein Syrah-trengande psykolog, resulterte i ein kveld med to spanande vinar. Ein fersk og ein mogen. Same vin, men frå to generasjonar. Onkelen og nevøen. Dei sit på ei granittblokk og tygg fåmælt på eit strå med bjørnebær.

Cornas er ein appellasjon på Rhônen si vestre breidd. Cornas er kanskje ein søvnig småby, men rett over elva ligg Valence med 65 000 innbyggjarar. Cornas ligg i austenden av Massif Central. Det betyr mykje granitt under vinstokkane. Her er det 125 hektar, som ligg trekt unna den kalde nordavinden, og dermed mognar druene raskare og vinen får meir bass enn til dømes ein Côte-Rôtie. Vinane er kjende for å vere litt grovare og mindre elegante enn dei to andre musketerane i nord, Côte-Rôtie og Hermitage. Men her finst mange stilar. Modernistar, gamle finsnikkarar, rotekoppar og yngre krefter med eleganse og rein frukt på cv-en.

Vincent Paris byrja så smått å lage vin som 23-åring i 1997, men det var fyrst i 2001 at han fekk eigne lokale. Eller fekk og fekk, han bygde det sjølv. I Cornas rår Vincent over 4,5 hektar. Til vinen Granit 60, er det til dels gamle vinstokkar frå tre ulike vinmarker. Mesteparten kjem frå ei vinmark kalla Patou, planta i 1948, som er rik på granitt og noko glimmerskifer. Her er det sørvendt og varmt og det er god mogning.

Etter hausting vert noko av druene avstilka, 30-70% alt etter årgangen.  Fyrst ei veke kaldmaserasjon før 2-3 vekers gjæring med naturleg gjær. Vinen får så 18 månader mogning på 225 liters eikefat som er 2-8 år gamle. Klaring men ikkje filtrering før tapping. Lite SO2, då Vincent ønskjer drikkeklare vinar.

 

Vincent Paris Cornas Granit 60 2004

Utvikla raudfarge med lys kant og litt uklar. Dekantert, men det var litt finkorna “sky” i glaset. Vinen luktar syrlige raude bær og litt sopp og gamalt treverk. Pen utvikla vin i munnen. Han virkar mogen, men vital. Er nok ikkje ein årgang som vil lagre så lenge. Her er framleis bra med frukt, men den er nedslipt og syrligare no. Milde sandaktige tanniner. Det er verd å lagre god Syrah.

Vincent Paris Cornas Granit 60 2014

Blåraud farge. Bra trøkk i det ortonasale sniffet, med prega av kjølig frukt. Blåbær, litt røyk og bacon. Kjølig og elegant fruktpreg på smak, med mørke bær. Unge, massive men mjuke tanninar. Dekantert i vid karaffel og held seg upåvirka utover kvelden. Ein slant dagen etter er like fresh. Vil nok lagre fint i ti år, men er ingen skam å drikke no.

Ein tanke på “Ti år skilnad, ein kveld i lag: Cornas

Leave a Reply