Ei flaske, fransk fallitt.

Kan kunsten verdsetjast utan relasjon til kunstnaren? Spørsmålet gneg oss når vi vert konfrontert til dømes med bøker av Hamsun eller musikk av Michael Jackson. Hamsun var venleg innstilt til Tyskland før og under andre verdskrig, og vart dømd for landssvik. Krigen sette djupe spor i Noreg, og enno er det problematisk for mange å lese Hamsun. Romanane hans er utan tvil klassiske, men mannen stod for haldningar som vi ikkje liker. Jackson vart i 1993 anklaga for å ha forgripe seg på born, men saka vart henlagd. I 2005 måtte han i retten for nye anklager om seksuell mishandling, men vart frikjend. NRK sender no den omstridde dokumentarfilmen Leaving Neverland, der to menn som no er i trettiåra, seier at Jackson forgreip seg på dei då dei var barn. NRK hadde også planar om å fjerne musikken til Michael Jackson frå spelelistene til radiokanalane i to veker.

Det finst fleire måtar å selje vin på. Trenden dei siste åra er hardt arbeid og transparens. Sjølv i vindistrikt med stolt historie og tradisjon for å gjere som ein alltid har gjort, skjønar både unge vinmakarar og store selskap at konsumenten ønskjer å få greie på kvar druene kjem frå, kva som skjer i kjellaren og kva hunden til familien heiter. Funfacts ja, men også for å finne ut om det finst samanheng mellom det vinmakaren fortel og vinen i glaset. Med hardt arbeid meiner eg å gå vekk frå lettvindte løysingar. Bort med skadelige sprøytemiddel. Sunne druer og mindre vinmaking. Kjenne jorda og vinstokken i staden for å korrigere feil med ensym og dyr eik. Transparens betyr at du fortel kva du gjer. Kvar druene kjem frå, kva du puttar i gjæringskaret og kor mykje SO2 du tilset. Kan du stå for det du har brukt arbeidstimar på å lage, kan du også fortelje det, anten på baketiketten, nettsida eller på foretaket sin app. Alternativet er å fortelje ei god historie. Bruke myter, drive marknadsføring, sende rundt unge jenter med prikkfri hud og innlærde frasar. Dette plar henge saman med storleiken på operasjonen. Ein mindre produsent har gjerne større kontroll over heile prosessen. Kjenner vinmarkene inn og ut. Men det betyr ikkje at det ikkje går an å drive stort og samtidig drive reint og etterretteleg.

Det vinområdet i verda som år etter år har tappa mest kognitiv dissonans, er Champagne. Her går høgt utbytte, hushaldsavfall som kompost og produksjon i fabrikkstorleik, hand i hand med kvalitet, glansbilete av grøne vinmarker og eksklusivitet.

Robert Parker skriv i sin introduksjon om korleis han skårar vin, mellom anna dette; The ratings reflect an independent, critical look at the wines. Neither price nor the reputation of the producer/grower affect the rating in any manner. Han skriv også at han helst smakar halvblindt i peer group, altså mot fleire vinar i same kategori/type/appellasjon. Men prisen har ingen ting å seie for poenga. Men at dyre vinar ikkje er verd prisen, bør ein påpeike. For om ein vin gjev deg lyst til å gaule ut “95 poeng!”, så må det vere meir i glaset enn rein hedonisme. Eller? Kva med berekraft, miljøpåverking, transparens, informasjon, historie, terroirpreg eller anstendig løn til dei som har vore med å plukka druene og laga vinen?

Prisen på vin er i stor grad styrt av tilbod og etterspurnad. Eksklusiv vin, altså vin som er produsert i liten skala og det er stor interesse for, vil gjerne verte dyr. Og prisen reflekterer ikkje alltid kostnaden med å lage han. Vin som er laga i større skala har ein økonomisk fordelen av storleik. Maskiner og utstyr kan nyttast på større mengder druer og vin, og innkjøpsprisen kan fordelast på fleire flasker. Ein liten produsent som nyttar pressa til 50 000 kg druer, brukar lengre tid på å betale ned det pressa kostar, enn ein produsent som har 400 000 kg gjennom same pressa. Ein stor produsent som kjøper inn 20 ståltankar får meir rabatt enn ein liten som berre kjøper ein ståltank. Ein stor produsent kan difor konkurrere på pris og selje vinen rimelegare enn mindre produsentar. Når dette ikkje alltid er tilfelle, er det gjerne fordi ein produsent ønskjer å framstille vinen som meir eksklusiv ved å setje opp prisen. Dersom prisen er tilstrekkelig høg, kan vinen tiltrekke seg ein type kundar som er ute etter det den norsk-amerikanske økonomen Thorstein Veblen kalla prangande forbruk. Dette skildra han i boka Theory of the Leisure Class, frå 1899. I staden for å dekke eit behov, handlar somme dyre og luksuriøse ting for å vise velstand og få auka sosial status.

Vinen Dom Perignon har ein pris som plasserer han i ein eksklusiv klubb. Ved å prisen vinen til 1399,90 ekskluderer Moët et Chandon mange frå å smake han. Det er jo trist, for det er nok mange arbeidarar i Dom Perignon-operasjonen som er stolt over arbeidet og produktet. Sidan produksjonen er ganske stor, er det mulig å distribuere vinen over heile verda. Akkurat kor stor, vil ikkje Möet et Chandon ut med, men kvalifisert gjetting frå internasjonale vinskribentar tyder på ein stad mellom tre og fire millionar flasker. Den store produksjonen gjer at prisen kunne vore pressa ned, heller enn opp. Men Moët et Chandon ønskjer nok at Dom Perignon skal vere eit produkt som får Veblen-effekten, det vil seie at etterspurnaden aukar når prisen aukar. For vininteresserte verda rundt som har begrensa å rutte med, er dette dårlig nytt. Dei er primært interessert i finne ut om innhaldet i flaska er godt.

Bak Dom Perignon finn vi selskapet LVMH. Og bak LVMH står Bernard Arnault, Europas rikaste mann og den tredje rikaste mannen i verda. Desse finansielle musklane nyttar Arnault til å la Dom Perignon liggje om lag åtte år på botnfallet før degorgering. 2008 har også fått liggje eitt års tid etter degorgering før lansering no i februar. Dette er flott. Men for han er nok det å selje fire millionar flasker Dom Perignon, berre eit spel. Men Arnault spelar med eigne kort i ermet. Og som vi veit; dersom nokon juksar i kortspel, vert medspelarane sure. For å selje alle desse millionar flaskene, driv LVMH og latar som dei er utseld. Sidan slepp dei fleire flasker på marknaden. Ettersom dei ikkje vil ut med kor mange flasker som vert laga, klarer dei å skape inntrykk av at vinen er sjeldan, for å drive opp interessa. Om vinen verkeleg er så god, så klarer vel LVMH å selje han på ærlig vis?

Som gjengen i Frankrike med gule refleksvestar, kjenner eg på avmakt. Så då sparkar eg oppover. Og den største spelaren i Champagne er Moët et Chandon. Men med stor makt kjem stort ansvar, som det heiter. Og når du siktar mot toppen, må du vise deg tilliten verdig. Huset rår over 1150 hektar vinmarker, og har parsellar i alle 17 grand cru-kommunar og 32 av 44 premier cru-kommunar. I tillegg har dei kontraktar med småbønder som leverer druer. Det betyr at muligheiten for kontroll og tilgang på topp druematerial er god. Og dei beste druene går vel til DP. Dom Perignon består av 95 % grand cru-druer og 5 % premier cru, seier dei som har fått innsikt. Men sjølv i landsbyar med grand cru-status er det gode og mindre gode vinmarker. Er det sikkert at det ikkje finst deler av det enorme tilfanget av druer, som kunne blitt ein betre vin, åleine eller saman med andre mindre batch-ar? Skal ikkje ein prestisje-cuvée skumme fløyten? For det er vel kvaliteten som gjer at ein prestisje-cuvée kostar mykje meir enn ein NV eller vintage-cuvée frå same hus?

Ein høg pris er med på å skape forventning. Oftast om kvalitet, men av og til også om prestisje og luksus. Prisen kan også plassere vinen i ein kategori der dei som lagar han meiner han høyrer heime. Men ein høg pris er også med på å ekskludere. Med ein pris på 1400 kroner er det lite truleg at eg kjem til å smake mange årgangar med Dom Perignon. Vel, the proof of the pudding is in the eating. Er då DP ein overprisa luksusvin for folk med for mykje pengar, eller forsvarer han at proletarar skal ta ekstrajobb for å få råd til ei flaske?

Dom Perignon 2008 Brut

Vinen er lys strågul. Det er gode lukter av kaffi, brødskorpe og gule eple. Ganske elegant på lukt, og med god intensitet. På smak: litt svær vin no. Dette vil nok endre seg med litt lagring. Eg finn smakar av nedfallseple, kaffi og autolyse. Ok konsentrasjon, litt grov og tung på noverande tidpunkt. Ein ny test dagen etter avslører eit løft og syra balanserer vinen betre. Ein liten bittertone i ettersmaken. God vin, men for dyr. 12,5 % alkohol, 5 g/l dosage. Smakt heime, frå Riedel Vinum Riesling-glas. Takk til LVMH/Very Agency som stilte ei flaske til rådvelde for ein fattig vinskribent.

4 tankar på “Ei flaske, fransk fallitt.

Leave a Reply