To kule frå nebbiolo-land

Når vi har turnert moter og trendar frå 60,70,80 og 90-talet nokre gonger, så er det alltid nokon som går grundigare til verks. Tilbake til røtene, lissom. Ja, altså heilt tilbake. Sjå berre på kor hipt old school qvervi-vin er blitt frå California til Alentejo. Slik ur-vinmaking med base i georgisk fleire tusen år gamal vinkultur skaper bølgjer i vinverda, og pengar i kassa på vinbarar i San Francisco og København.

Endringar i tida

Læresetninga om at Barolo er ein vin som må liggje minst ti år for å kunne drikkast er for lengst passé. Om det er klima, vinmarksarbeid, amerikanske kundar, eller ein ny generasjon med handa på rotorfermentaren, ja det spørsmålet er ope for diskusjon. Men det finst framleis Barolo som blir meir harmonisk og som har ein tøff tanninstruktur som treng tid. Og gleda ved å smake slik vin som er slipt ned og har kome ut av kjellartid med frukt og balanse i godt hald, den er stor.

Lite og dyrt

Liten produksjon, behov eller evne til lang flaskelagring og høge prisar fører ofte til at vin som var meint å skape glede rundt bordet, blir eit objekt for spekulasjon, og handel mellom rike peronar. Dette ser vi i aukande grad i kjernen av nebbiolo-land, sjølv om det enno er gode flasker å få til middelklasse-prisar. Vin på nebbiolo har ein fortent plass mellom dei store vinane i verda. Men det er lite nebbiolo utanfor kjerneområda i Piemonte og Lombardia. Sjølv i Piemonte står nebbiolo for berre om lag 8% av vinmarksarealet. Totalt er det 4886 hektar i Italia, og utanfor er det berre mindre planting i Australia, California og Argentina og Chile.

Utan tyngde?

Samanlikna med andre viktige raudvinsdruer som pinot noir, cabernet sauvignon, merlot, syrah og garnacha, har ikkje nebbiolo klart å slå seg opp og fram i nokon særleg utstrekning. Kanskje er det fordi Italia er ein ung nasjon, som før samlinga i 1861, mangla ei sentralmakt og tyngdepunkt som verda rundt kunne få auge på. Anno 2023 er det i alle høve mange rundt om i vindrikkande heimar som ser mot den nordvestlege delen av støvellandet.

Tider, teknologi, infrastruktur og trendar har vore med på å forme nebbiolo-vin frå Piemonte i mange hundre år. Her kan du lese meir om dette, i ein artikkel om modernisme og tradisjon i Barolo.

No har eg i det siste smakt to svært ulike uttrykk av nebbiolo. Ein polert og tradisjonell men mogen Barolo, og ein blodfersk Langhe Nebbiolo som er så old school at han er frå lenge før Italia var eitt land.

Dosio Barolo Fossati 2008

Med 15 år på baken har vinen enno ein sunn raudfarge, men med ein brun kant. Det luktar utvikla nebbiolo. Framleis ein sunn og rik frukt, med litt jordlege sopparoma og noko gamalt treverk. Balansert og utvikla vin med nedslipte og lett tørrande tannin. Raude bær, skogbotn og jern. Etter eit par timar open, vert frukta noko mørkare. På ingen måte over toppen, men for meg treng ikkje slik vin bli eldre. No er det ein god balanse mellom vitalitet og alderdom. Jaudå, 762 kr er mykje pengar for vin, men her får du ein strålande Barolo frå enkeltvinmark og med alder. Det ser det ut til at fleire vil ha, og då vert prisen deretter. Er du nyfiken på kva litt utvikla nebbiolo kan vere er dette verd å smake på.

Dosio held til i Serradenari, heilt sørvest i kommunen La Morra, på grensa til kommunen Barolo. Vinmarka Fossati er òg delt mellom desse to kommunane. Dosio sin parsell ligg med søraustlege eksponering, på Barolo-sida av grensa, om lag 450 meter over havet. Dette er ganske høgt i Barolo. Druene er avstilka, knust og gjæra med skal i 50-60 dagar med overpumping i temperaturkontrollerte tankar. Vidare mogning i store fat i 18 månader.

Dette er ein av få tilgjengelege Piemonte-vinar frå 2008. Alessandro Masnaghetti skårar årgangen med fem av fem stjerner i boka si Barolo MGA Vol II, det same som 2001 og 2016. Året gav litt problematisk ver på våren men ein god sommar og tenleg haust med litt nedbør når det var behov. Det vart sein innhaustingsstart.

G.D. Vajra Claré J.C. Langhe Nebbiolo 2022

Lys og transparent burgundfarga. Litt halvfunky og bringebærprega i starten. Ein slags nebbiolo nouveau. Det er ei fin og rein, fruktig lukt av syrlege raude bær, lett krydra med sopp og lakrisrot. Frisk og lett perlande vin på tunga, iallefall det fyrste glaset. Lett stil med mykje syrlege bær i smaken. Men du blir litt lurt, for 14% og nokre snikande nebbe-tanninar kjem på deg etter kvart. Artig vin! Men 260 kr er litt for dyrt til at det blir ein “terrassevin innkjøpt i mengder”. På den andre sida er god Cru Beaujolais om lag i dette prisnivået.

Her er vi på verkeleg historisk grunn, med ei oppskrift på vinmaking frå 1600-talet. “J.C.” i namnet på vinen kjem frå Jefferson og Corti. Darrell Corti er ein vinhandlar i Sacramento og ven av Aldo Vajra, som viste eit sitat frå Thomas Jefferson der han skrytte av ein vin frå Piemonte: “It is about as sweet as the silky Madeira, as astringent on the palate as Bordeaux, and as brisk as Champagne. It is a pleasing wine.” 

Druene kjem frå yngre vinstokkar hjå Vajra, truleg i Barolo. Om lag 20% av druene går fyrst i gjæringskaret som heile klasar. Så følgjer resten som er avstilka og knust. Dette gjev truleg ein liten maceration carbonique, i starten. Vinen ligg berre fem dagar med skalet, før han vert silt av og held fram gjæring i lukka ståltank. Dette skal då gje eit forsiktig uttrekk av farge og tannin for å gje ein lett og fruktig vin, nesten som ein mørk rosé. I den lukka ståltanken blir det fanga litt CO2, som då gjer vinen ei antydning av frizzante ved opning.

Fyrste årgang var 2014, og diverse internett-opplysningar kan tyde på at det i starten var ein litt anleis tilnærming. Det kan sjå ut som vinen vart tappa på flasker før all gjæringa var ferdig, om lag som ein pet-nat light, og med noko meir restsukker. Denne 2022-utgåva er opplyst på polet sine sider med 3 g/l restsukker, altså heilt tørr.

Jefferson si skildring av ein vin som var “as sweet as the silky madeira” tyder nok på at 1700-talet sin smak for det søte, spelte inn i slik vin på den tida. Om Vajra har “feiga ut” og laga ein meir “vanlig” Langhe Nebbiolo, utan restsukker og flaskegjæring, på grunn av konsistens eller kommersielle hensyn, ja det kan vi berre lure på.

Ein tanke på “To kule frå nebbiolo-land

Leave a Reply