Tre dropar av gull

Piesporter Goldtröpfchen er ei vinmark innanfor Grosslage Michelsberg i Mittel-Mosel. Men kven bryr seg om dei ulike Grosslage i Tyskland? Av alle vanskelige, rare, dysfunksjonelle og umoderne moment innan tysk vinlovverk, er Grosslage det aller minst interessante. Om dei la det ned i dag, ville det ikkje kome ei sjel i gravferda. Ok, då var det unnagjort. Goldtröpfchen er 65,4 hektar og forma som eit amfi på nordsida av elva, der byen Piesport ligg på sørsida. Vinmarka har difor eksponering mot søraust, sør og sørvest.

Restrukturering

Jordsmonnet består av devon-skifer og lag med steinete leire. Somme stader er det ein del toppjord. Vinmarka gjennomgjekk Flurbereinigung mellom 1990 og 1993. Dette er eit arbeid med å byggje opp nye støttemurar for å hindre erosjon, betre tilkomstvegar, nyplante vinmarker som har gamle og uproduktive vinstokkar, og restrukturere parsellar slik at dei vert enklare å utnytte for eigarane. I Goldtröpfchen var alle vegane tidlegare samla i ein nedkøyrsel til busetjinga ved elva, noko som gjorde at det kunne bli ein flaum rundt husa ved mykje regn.

Sol og regn

Vinmarka strekk seg frå 115 til 267 meter over havet. Det vil seie frå elva og eit godt stykke opp i bakken. Det er til dels bratt. I åsen over Goldtröpfchen ligg Gärtchen, Günterslay, Falkenberg og Grafenberg. Goldtröpfchen nyt 1567 soltimar i året. Men innslaget av leire i jorda er med på å halde på noko av regnet. Det er difor mindre problem med tørke enn i mange andre veldrenerte vinmarker med skifergrunn.

Unge gutar

Det er ein heil drøss ulike weingut som eig ein liten eller større lut av Goldtröpfchen. Til dømes Grans-Fassian, St. Urbans Hof, Reinhold Haart, Lothar Kettern, Ansgar Clüsserath, Schloss Lieser og Reichsgraf von Kesselstadt. Men då eg oppdaga at eg hadde tre tørre Goldtröpfchen frå tre ulike produsentar i 2016-årgangen, måtte det ein samanliknande test til. Alle tre er relativt unge karar, som har fått meir eller mindre høg status dei siste åra. Julian Haart er raskt blitt ein kioskveltar på nyheitsslepp på polet. Andreas Adam har stor fanskare i mange land og liten allokasjon til det riesling-elskande landet i nord. Det meste har difor blitt seld til HORECA eller på spesialutvalet. Stefan Steinmetz tok over etter pappa Günther i 2000, og har heva kvalitet og omdømme.

Her kan du lese meir om vin frå Steinmetz.

Marknad og temperatur

Det er klart at marknaden spelar ei rolle. Ein vinmakar har vin å selje. Vin er levebrødet. Då hender det nok at ein del vin må tilpassast eit marknadssegment eller forventningane til ein agent eller importør. Etter nokre år oppstår det gjerne faste kundegrupper som kjøper same vin år etter år. Men kva om naturen ikkje spelar på lag? Mosel har, i allefall i perioden før effekten av global oppvarming slo inn på 1990-talet, vore dynamisk når det gjeld kva vinar som vart produsert. Det var ikkje alle år det vart auslese. Nokre år vart det mest tørr vin, andre år rikeleg med spätlese. No verkar det som om det er meir forutseieleg kva vinar som vert tappa og lagd i portefølgjen. Om det er marknadstilpassing eller grunna meir stabile mogningstilhøve, veit eg ikkje. Men det er nok også på grunn av tilsetjing av gjær. Fleire produsentar nemner at for dei vinane som skal verte tørre nok til å kome inn under trocken, så må dei bruke ein tilsett gjærkultur. Sponti blir ikkje alltid slik som dei ønskjer, eller passar ikkje inn i produktportefølgjen. Då er det kult med dei som er litt freerider, for å sitere Peter Stormare sin karakter Tommen i filmen Switch frå 2007.

Å ikkje bruke korkje trocken eller eit prädikat på etiketten, er kan hende dumt eller modig. Men det kan også bety at vinmakaren meiner det er andre ord på etiketten som er viktigare å framheve. Det som betyr noko er Goldtröpfchen. Om vinen har 4, 6, 8, 10, eller 15 g/l restsukker betyr ikkje så mykje, om vinen er i balanse. Og i Mosel finst balanse i både sentrum og ytterpunkt. Men om ein nyttar ordet trocken, skaper det forventningar. Kanskje er det ikkje dei forventningane vinmarka Goldtröpfchen leverer best på? Viss vinmakaren meiner at ei spontangjæring av Goldtröpfchen gjev ei meir ærleg, god og/eller interessant uttrykk for vinmarka, og resultatet er ein vin med 10 g/l restsukker, kan ikkje trocken stå på etiketten. Let it be, sa The Beatles. Kast kategoriane, seier Håvard (40) frå Førde.

Jasså? Du vil heller lese om noko som ikkje er så tørt? Heine fortel den triste historia om den halvtørre tyske vinen sitt dårlige rykte.

Her kjem tre Goldtröpfchen frå 2016. To av dei har ikkje trocken på etiketten. Dei er også utan noko prädikat-nemning, og klassifisert som QbA i det tyske vinlovverket. Som sikkert såg greit ut på papiret i 1971, men som sidan har produsert mengder med grå hår og hovudrysting. Finst det noko likheiter mellom dei tre vinane? Vel, eg hadde sett føre meg at Goldtröpfchen, som den solfangaren ho er, skulle gje vin med meir av ei tropisk og søtleg frukt og kanskje meir rikheit. Men det kan også vere at dei tre ønskjer å lage vin med litt meir spenst, og difor likar å hauste druene på eit tidspunkt då balansen ligg litt i det “friske” laget. Julian Haart, Andreas Adam og Stefan Steinmetz er også til stades i vinmarka heile året. Dei har ikkje ein tilsett vinmarksansvarlig, slik fleire produsentar over ein viss storleik har.

Günther Steinmetz Goldtröpfchen Riesling “GP” 2016

Strågul. Fin litt oljete vin i glaset. Ekspressiv og fruktig, med gule og raude friske eple. Eit lite mineralsk bakteppe på det heile. Noko utvikla i munnen. Feit og fyldig, men tørr. Ein sjarmør. Leverer frå fyrste slurk. Fin fruktsødme. Gode eplesmakar. Djup og god i smaken. Leskande og fruktig finish. 12% alkohol. Kr. 289,50. Denne vart stilt til rådvelde av importøren.

Julian Haart Goldtröpfchen Riesling 2016

Lys strågul. Smal og tilknappa på lukt. Gule eple pluss noko metallisk, og litt røyk og skifer. Bra fylde og fin konsentrasjon. Ikkje så kompleks no, men med mykje innestengd energi. På dag tre har vinen opna seg opp noko, og det er kome ei fin frukt med fokus på eple og fersken. Framstår som litt tørrare enn Steinmetz. Her vil eg tilrå noko lagring for å få fram det beste i vinen. 12,5% alkohol. Kjøpt i Danmark i 2018 for ≈ 387 kroner.

Sak om feinherb-aktig vin frå Julian Haart

A.J. Adam Goldtröpfchen Riesling Trocken 2016

Lys strågul. Noko tilknappa. Det luktar mogne gule eple, sitrongras og fersken. I munnen er vinen lett men konsentrert. Ganske rik men tørr. Fin mogen og integrert syre. Det smakar av eple og stein. Mykje potensial. På dag tre har har vinen fått ei herlig lukt av kvit fersken, og smaken har både lagt seg ut og loddar djupt. Denne også bør nok lagrast noko meir. Er einaste av desse tre som nyttar “Trocken” på etiketten, sjølv om dei to andre også truleg er innafor maks 9 g/l restsukker. 12,5% alkohol. Kostar 430 kroner på spesialutvalet til Vinmonopolet.

Ein tanke på “Tre dropar av gull

Leave a Reply