Tsarine Premium Brut N.V.

Tsarine Premium Brut N.V.

Budsjettsjampanje med utspring i Maison Chanoine, nest eldst i Champagne – grunnlagd i 1730 – og eit hus som gjorde seg feit på tsar-russland si besettelse for franske bobler. Flaska er designa som ei hylling til russisk arkitektur og kjem i ein glorete tinnboks, noko som – ikkje uventa – trigger eigne fordomar mot dillete vedheng…

“The Pinot Noir grape provides the back-bone of our wine, the Pinot Meunier lending softness and fruit aromas, while the Chardonnay grape imparts delicacy and elegance. This is the spirit of the Tsarine range. “
Isabelle Tellier, Champagne Tsarine Wine – Maker.

 

Markant epleduft følgjer korken ut av flaska. Raude eple, lime, finbakst, litt gjær, kalk, ørlite vanilje. Delikat snute, tydeleg og rett fram vin.

Fyldig anslag, fruktig midtparti med søtlege raude eple og limeskal. Glir over i ein lett bitter ettersmak med grapefrukt og kjørvel. Idet eg er i ferd med å konkludera med at eg sakner litt syre i ei ellers lang avslutning kjem frisk sitron snikande. Balansert vin med godt integrerte smakar som glir saumlaust over i kvarandre.

Anna av Russland visste kva ho gjorde – overraskande god sjampanje, nedsatt pris og røverkjøp til 270,- Det ser ut som det er framleis mogleg å bestilla i nettbutikken til polet.

 

Musikalsk bonus:

I 2014 sto Kate Bush på scena med eigen musikk for første gong sidan 1979. I 2016 vart dette ein trippel cd som lét fantastisk! Og som i skrivande stund er mogleg å bestilla på Amazon for under hundrelappen inkludert porto.

Kjelder:

tsarine.com
diverse wikipedia

 

Ein tanke på “Tsarine Premium Brut N.V.

Leave a Reply