Vinha Paz Colheita 2015

António Canto Moniz vart kirurg i Porto, men lot hjartet liggja igjen i Silgueiros i Dão. Her har familiegarden haldt det gåande i fem generasjonar. På tidleg nittital fann António ut at han også ville laga vin, og satsa seriøst med god hjelp frå Dão-legenda Magalhães Coelho.

Vinha Paz Colheita 2015

Dão, Portugal. 50 % touriga nacional, 30 % tinta roriz, 15 % alfrocheiro og 5 % jaen. Handplukka og fottråkka druer, modna på fransk eik.

Kraftig duft. Blåplommer, boysenbær, kakaopulver og hengt vilt, parfymert med blomar og jordbær medan mynte og litt kanel ligg bakom. Vin på vandring – mykje som skjer.

Mjuk og fyldig munnkjensle. Smooth midtparti med plommer, morell, rips og litt solbær som glir over i ein bit mjølkesjokolade, før bringebær overtar i ei lang og frisk avslutning.

 Morosam vin og skummelt lett å like. Lett rufsete snute, men desto meir elegant i munnen. Litt tanniner lagar meir struktur enn snerp, og eit stykke lammelår hentar fram lakris og fiol i vinen. Trur flaska kosta rundtom 250,- i si tid, noko som er eit latterleg godt kjøp.

Musikkbonus: Art of Noise – Noise in the city

Det tok tretti år før Art of Noise sjølv fekk med seg at eigen 1986-konsert i Tokyo vart profesjonelt spelt inn og sendt på japansk radio. Dei fekk ein cd-r i hende frå ein japansk journalist, likte det dei høyrde, spora opp mastertapen, miksa på nytt, og har sloppe konsertplate i 2021.

Fullt band og ekstra vokalistar, ekstraordinært keyboard-spel frå Anne Dudley, etos om at alle lydar frå scena skal spelast av nokon (Ikkje verdas enklaste tilnærming frå eit band som i studio var kjent for å bokstavleg talt lima saman låtar med spoleband, tape og tapetkniv). Jamt over veldig tøft.

Kjelder:
http://www.vinhapaz.pt/
https://theartofnoiseonline.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

Leave a Reply