Vinum Mosellanum Omni Tempore Sanum

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. […] Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.
(Evangeliet etter Johannes)

Det er skjærtorsdag og dagen då den Nattverden som ikkje er oss vart innstifta – planen var å markera med riesling frå Jesuitengarten eller Himmelreich, men der var det tomt i kjellaren, gitt. Dermed blir det eit verdsleg hopp i Badstuben i staden.

I konkurransen om verdas lengste vin-namn skal vi denne gongen til Bernkastel i hjartet av Mosel. 11 generasjonar inn i Thanisch-familien er det no Sofia som styrer bruket som slekta har drive sidan 1636.

Weingut Wwe Dr H Thanisch Bernkasteler Badstube Riesling Kabinett Feinherb 2017

100% Riesling, spontanfermentering,generell intensjon om å halda alkoholnivået lavt, lagring på over 40 år gamle fat.

Kun våt skifer frå nyopna flaske – får raskt honning- og aprikostonar i glaset, men ikkje noko kraftnase å snakka om. Ganske umiddelbar på tunga, fin miks av honningsødme og spiss sitron. Får likevel ein times strafferunde på karaffel før vi smakar på ordentleg…

Ting har skjedd… Flintstein, pære, Granny Smith, bivoks og honning. Smålåten snute. Reint, men forsiktig duftbilete

Desto meir trøkk i munn. Lett kaotisk. Fersken, grønt epleskrell, syrleg eple, ananas, søt honning og ei heftig (og litt kantete) sitronsyre som balanserer sødmen og vel så det. Fin lengde.

Ung vin som likevel sjarmerte meg veldig, og som antakeleg berre blir betre av eit par år i kjellaren. Ikkje spesielt kompleks, men reine smakar og enorm drikkeglede etter eit par timar med lufting. Ikkje optimal til røykelaks, men perfekt til Sate Babi med peanøttsaus og Nattverden sin currypasta. Til berre 250 sølvpengar vurderer eg påskeferieavbrot og eit raid til næraste Spesialpol for påfyll…

Christian Wallumrød Ensemble – A Year From Easter

Om du berre skal høyre ei Urban Medieval-plate denne påsken, så må det bli A Year From Easter. Så vidt eg veit den første ensemble-plata Wallumrød komponerte med dei spesifikke musikarane i tankane. Som vanleg blandar Christian Wallumrød middelaldermusikk med jazz, folkemusikk og samtid til noko særeige og mystisk. Musikken er dyster, men likevel håpefull.

Arve Henriksen sin trompet leiar tankane til Japan og norsk høgfjell på ein gong, medan Nils Økland krydrar med fele og hardingfele. Per Oddvar Johansen er så varleg integrert at ein knapt merker at det er perkusjon der, men kjem inn akkurat når han trengs.

Wallumrød sjølv spelar piano (pluss Harmonium og Toy Piano) med soloar som balanserer akkurat midt mellom rare og fine melodiar, medan bandet i heilskap tar folkemusikk eit steg vidare. Meditasjonsmusikk som irriterer på ein positiv måte…

Kjelder:
Bibelen
https://www.thanisch.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
www.ecmrecords.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *