Sa du verkeleg weissgipfler? Kva med falkensteiner eller dreimänner? Neidå, kjært barn har mange namn, og dette er ein artikkel om grüner veltliner, Austerrike si viktigaste drue, planta på 14 296 hektar, som er eit par fotballbaner unna å vere ein tredjedel av totalt vinmarksareal i landet. Og i Wachau står ho for 64%, mot riesling på 18% og zweigelt på 4,3%.
Wachau på si side er det nest minste av underdistrikta i Niederösterrreich, med 1285 ha, men kan til gjengjeld smykke seg med UNESCO-status og det (truleg) høgste renoméet. Vinmarkene ligg i hovudsak på nordsida av Donau mellom Melk og Krems, og bratte terrasserte skråningar, god soleksponering og skrinn men tenleg jord gjev særskild grüner veltliner- og rieslingvinane ein djupne og nerve som gjer dei verd å rekne med mellom dei flottaste kvitvinane.
Kooperativet Domäne Wachau rår over heile 440 ha vinmarker til saman, noko som utgjer ein tredjedel av alt. Fleire av dei andre mindre produsentane eig relativt små parsellar i dei gjævaste vinmarkene, og det er difor kanskje ikkje så rart at utvalet i Noreg er mindre frå Wachau enn frå Kamptal og Kremstal.
Elvedalen som Donau har skrapa ut og skapt det som i dag er Wachau, består av mykje metamorfe bergartar som gneiss, amfibolitt, marmor med innslag av kvart, medan vinmarkene nede på flata ved elva står i djupe lag med grusmassar som elva har ført med seg. Varierande lag med løss ligg særleg over dei austvende vinmarkene. Terrassane som er bygde frå middeladeren og framover, gjer at det vert mogleg å halde på meir humus og leire.

Klimaet har kalde vintrar og varme somrar, og kjølig vind frå nord skaper stor skilnad i natt- og dagtemperatur i vekstsesongen. Det er ganske lite nedbør, gjennomsnittleg 537 mm i året. Den porøse jorda og underlaget gjer at regnvatnet som kjem drenerer fort, særleg i dei bratte vinmarkene. Dette kan skape problem, særleg for grüner veltliner som ikkje toler tørke. Somme stader er det bygd ut dryppvatning som vert nytta når det er behov.
Eg har smakt tre grüner-vinar frå Wachau. Ein har druemateriale frå den vestlege Spitzer Graben, ein kjem frå det sentrale Wachau, rundt Wösendorf og Joching, medan den siste har druer frå både Spitzer Graben, Wösendorf, Weissenkirchen og heilt aust i Unterloiben.

Alle tre er frå 2023-årgangen, som har gjeve vinar med solid frukt. Det var sein bløming, og det vart ganske seint før alle druene var i hus, nokre held på med innhaustinga til fyrste veka i november. Nokre haglbyger i slutten av august i det sentrale Wachau og i Mautern, gjorde ein del skade. Det vart naudsynt å tynne i dei øydelagde klasane før innhaustinga kunne byrje. Men sol og godt ver seinare, gjorde til at skadene ikkje vart så store.
Weinhofmeisteri Mathias Hirtzberger Greif Grüner Veltliner Smaragd 2023
Fruktig, relativt rik lukt som går mot grapefrukt, appelsin, steinfrukt og kvit pepar. Hint av vanilje og tid på fat. Framstår ganske stor og kompakt. I munnen har vinen smooth og flott tekstur. Syra er tilstrekkeleg, men gjev rom for brei, gul frukt med gule plomme, honningmelon og noko urter. Vinen treng kanskje eit år eller to på å stramme seg opp.
Druer frå vinmarkene Postaller (Joching), Gaisberg, Kollmütz og Hochrain (Wösendorf). 13% alkohol, 1,5 g/l restsukker, 4,8 g/l syre. Naturkork. Prisen er 469,90. Kanskje litt høg for kvaliteten. Men om du likar stilen, er dette godt laga. Smakt frå Riedel Performance Riesling.

Veyder-Malberg Liebedich Grüner Veltliner 2023
Strågul. Krydra og kvit pepar-dominert nase. Hint av vanilje, steinfrukt og skrella rotgrønsaker. Kjennest lett og luftig ut. Leskande, middels fyldig grüner med både frukt-interesse og noko meir. Støttande syre, men det er meir fenolisk rikdom og flott tekstur som held vinen oppe og interessant. Smakar mot steinfrukt og grapefrukt. Rein stil. Blir det endå meir spanande med 2-5 års lagring? Eg er nysgjerrig…
Druer frå Bruck, Schön (Spitzer Graben), Hochrain (Wösendorf), Buschenberg (Weissenkirchen), Loibenberg, Kreutles (Unterloiben). 12,5% alkohol, 1,0 g/l restsukker, 5,0 g/l syre. Skrukork. Forsvarer 369,90 kr, dette er flott vin til prisen. Smakt frå Riedel Performance Riesling.
Morten skreiv om ein Veyder-Malberg riesling her.
Högl Spitzer Graben Terrassen Grüner Veltliner Federspiel 2023
Lys strågul. Frisk frukt som går mot eple, kvit steinfrukt og kvit pepar. Rein, lett og uanstrengt i lukta. Dette lovar godt. På smak er dette ein frisk men solid grüner, med flott konsentrasjon og reinheit i frukta. Open, elegant og ber preg av å kome frå kjøligare vinmarker. Gule eple, steinfrukt og urter. Glir lett ned.
Druer frå Brandstatt, Setzacker (Elsarn), Bruck og Schön (Viessling) i Spitzer Graben. 12,5 % alkohol, <3 g/l restsukker, 6,2 g/l syre. Skrukork. Flott Wachau grüner til 299,00 kr. Smakt frå Riedel Performance Riesling.
