Wag the DOCG

Ah, Piemonte. I jaget etter Barolo og Barbaresco er det fort gjort å gløyme at desse berre utgjer 3 prosent av produksjonen i regionen. Gnitne vestlendingar vil antakeleg sjå til Langhe, Monferrato eller Alba for betre kjøp, medan dei aller særaste tusler innover i retning Alpane for å sjå om det skjer noko gøy der.

For meg som – oftare enn eg likar å innrømme – må dobbelsjekka kva som er drue og kva som er distrikt i Italia, tar eg det som ein siger at DOCGen Erbaluce di Caluso i hovudsak dyrkar Erbaluce. I den grad nokon i det heile tatt har høyrd om drua (eller for den del distriktet), omtalt første gong i 1606, så er det nok for søt ‘rosin’-vin der druene får tørke på loftet fram til vårparten. Som om det ikkje var nok lagar Caluserane musserande på same drue, og ein tørr kvitvin som vi skal smake i kveld.

Sjølv med fleire hundre års familietradisjon i vin & sånn, søkte Bruno Giacometto seg til IT-verda. Då han likevel returnerte frå Olivetti for å overta bruket i 2001 hadde han midlar nok til ei kraftig oppgradering av garden, og etter kvart ei pågåande overgang til økologisk drift.

Giacometto Erbaluce di Caluso 2018

100% Erbaluce, handplukka og –selekterte druer. Kaldmaserasjon før fermentering på ståltankar.

Tilgjengeleg snute frå nyopna flaske. Nydelege, fyldige sitrontonar, blomstereng, pære og salt sjøkant. Gule eple og mandel med tid i glaset. Tydeleg, detaljert og behageleg duft utan å bli prangande.

Pilsbittert anslag, slankt (men med ei litt oljete munnkjensle) midtparti med all-things sitrus frå sitron, via appelsin til bittert grapefruktsting. Lang og nøttefyldig avslutning.

Artig vin – smålåten, men samstundes insisterande med ei avslutning som aldri heilt forsvinn – sjølv om eg  personleg skulle ønske litt meir syre, så tar meg sjølv i å smatte på urter, krydder og nøtter mellom kvar slurk. Fungerte fint til sjømatpasta, bra kjøp og ein annleis vin til 230,-

Musikkbonus: Toy Matinee – Toy Matinee

Antakeleg verdas beste band ingen utanfor Sambandsstatane har høyrd om – førestill deg ei blanding av Beatles, Steely Dan, Tears for Fears og Yes… Etter å ha produsert Madonna på slutten av åttitalet var Patrick Leonard gullguten til Warner Brothers og hadde fritt leide til å laga sitt eige band. Med på laget kom Guy Pratt (Pink Floyd, Michael Jackson), multi-instrumentalist og wonderboy Kevin Gilbert, Brian MacLeod (Sheryl Crow, Roger Waters) og Tim Pierce (Crowded House, Alice Cooper), pluss vokalgjesting frå Julian Lennon.

Art-pop med allsongvers og prog-sidesprang. På overflata er det catchy melodiar og wohooo-koring, under overflata er det komplekse nerde-detaljar (til dømes 2:35-bridgen på Last Plane Out der bass og basstromme er i perfekt samspel, men aldri repeterer mønsteret) og ekte menneske som speler ekstremt komplekse ting.

Høgdepunkt? Satiriske Last Plane Out – antakeleg verdas første og mest fengande låt om global oppvarming, Traveling Wilburys møter Dali i Turn it on Salvador, medan Queen of Misery går så nådelaust bak Madonna-myta (altså artisten) at det gjer vondt.


Eigentleg er det ikkje eit svakt spor på plata, og – gøyast av alt – det høyrest ut som eit ‘ordentleg’ band som speler ordentlege instrument,  og ikkje ei produsert plate. Ei gløymd utgjeving frå 1990 som framleis lét frisk og aktuell i dag.      

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
http://www.giacometto.com/
Diverse Wikipedia
Liner Notes

Ein tanke på “Wag the DOCG

Leave a Reply