Weingut Günther Steinmetz

Stefan Steinmetz er 41 år gamal og har 20 års røynsle med saccharomyces og stål på familiebruket Weingut Günther Steinmetz i Brauneberg. Han lagar framifrå vin og er ein dyktig vinmakar. Dei siste åra har han også teke over ein del bratte og arbeidskrevjande vinmarker. Det er altså ein del investeringar som krev jamnleg inntekt. Og det kan vere vanskeleg å få til i Mosel. Han er difor ikkje heilt klar for å gå fullt ut økologisk i vinmarkene.

Botrytis og tørr vin

Eg var innom vingarden nokre dagar etter innhaustinga 2019 var ferdig. Stefan kunne fortelje om eit vanskeleg år, truleg vert det berre 30% av mengden vin han fekk i fjor. Men trass i regn og innpåsliten botrytis både her og der, har han også i år fått i hus friske druer til tørre vinar.

Breiskuldra

Med 13 hektar har Stefan ein svær portefølje. 2018 gav mykje vin også. Eg smakte hovudsakleg vinar i den tørre stilen, frå midten og toppen av kvalitetshierarkiet. Stefan har ein vinmakingsfilosofi som er å la vinen gjære seg ferdig, utan for mykje tukling. Då kan det vere at vinen avsluttar før trocken-grensa. Det er fint at det finst vinprodusentar som er litt meir avslappa til dette. Og som klarer å selje vin i ulike prisklassar utan at det står korkje «Trocken» eller noko prädikat på etiketten. 2018 var varmt og rikt, og «GG»-vinane til Steinmetz har alkoholnivå på 13-13,5% og nokre har litt restsukker også. Lågt utbytte og vinmarker med sørleg eksponering gjev potensiale for svære vinar. Stefan har difor ingen skalkontakt, for å bevare friskheit.

Smakinga byrja med nokre riesling-vinar frå den rimelegare enden, og her vert det nytta skrukork. Dette er vanlig i både Mosel og mange andre regionar. Skrukork er rimelegare enn naturkork av god kvalitet. Stefan er litt ambivalent til skrukork, for vinane får ikkje så god utvikling.

Mellomskiktet

Brauneberg Riesling 2018 luktar fruktig, litt søtleg av tutti frutti, eple og fersken. Ein lett og frisk Mosel riesling. Dhroner Hofberg Riesling 2018 kjem frå den delen av vinmarka som ligg på vestsida av elva, og altså ikkje inne i sidedalen Dhron. Vinen byr på seg sjølv og luktar stein og eple. Nesten tørr, men rund, behagelig og smakar av mogen gule eple. I Wintrich har Steinmetz parsellar i to vinmarker. Vestvende Wintricher Ohligsberg Riesling 2018 er definert og fin på lukt med søtleg fersken og eple, og syrleg steinpreg. Moderat men interessant syrespel og god konsentrasjon. Wintricher Geierslay Riesling Sur Lie 2018 kjem frå ei vinmark som ligg på veg inn i ein sidedal og med sørleg eksponering. Frisk eplearoma, og noko som går i retning våt leire. Litt tight på smak, gjev ikkje så mykje av seg sjølv, men med artig prikkete syre. Alte Reben Riesling 2018 kjem frå Veldenser Grafschafter Sonnenberg, ei austvend vinmark i Mülheim. Vinen luktar friske raude eple, men smaken er noko meir prega av eit varmt år. Søte eple og ein litt bitter ettersmak.

Storkarane

Så var det tid for «GG». GW står for Grosser Wintricher, GP for Grosser Piesporter og så vidare. Dette er Steinmetz sin måte å gjere det på. Wintricher Geierslay Riesling GW 2018 er ein svær vin. Litt lukka og vanskeleg å få heilt på gli. Heilstøypt, rund og pen vin. Smakar tørt, men med ein liten søtleg fruktsnert. Litt varme i ettersmaken. Piesporter Goldtröpfchen Riesling GP 2018 har frisk og syrleg eplelukt og litt vanilje. Rund, fruktig og mogne eple på smak. På vestsida av elva for Dhron, ligg ein del av Dhroner Hofberg. Ho har både austleg eksponering, men svingar inn i ein sidedal der skråninga vender mot sør. Her ligg Dhroner Grosser Hengelberg, som Steinmetz overtok frå Weingut Dünnweg i 2018. Dhroner Grosser Hengelberg Riesling Monopollage 2018 har ei forfina, søtleg lukt av mogne gule eple og crisp, litt røykaktig skifer. Nesten tørr vin med mykje fruktsødme. Vinen har ein del struktur og ei syre som dukkar opp etter kvart. Får lyst på meir, og dette var den mest vellukka av dei store vinane. Dhroner Hofberg Riesling GD 2018 er ein big boy på 13,5% alkohol og 20 g/l rs. Det luktar digert og imponerande. Open og tilgjengelig med eple og vanilje. I munnen er vinen fenolisk, feit og rund. Tørr og med bra struktur. Blir kanskje bra med litt lagring. Neumagener Rosengärtchen er også ei ganske ny vinmark i beltet på Stefan. Vanskelig tilkomst, mykje arbeid og låg avkastning, men Stefan er nøgd med kvaliteten. Neumagener Rosengärtchen Riesling von der Terrassen 2018 har dette krydra og søtlege eple-og-skifer-cocktail-preget som riesling frå raud skifer av og til får. Søtleg og rund som dei fleste 2018-vinane, men med ein fin syrleg snert. Lang krydra ettersmak.

Spätburgunder

Det som overraska mest var pinot noir-vinane til Weingut Günther Steinmetz. Dei er lyse og friske og har moderate alkoholnivå, 11.5-12%. Stefan nyttar stilkar i gjæringskaret og moderat ekstraksjon. I Tyskland er det derimot populært med såkalla “heated mesh”, der druene etter knusing vert varma opp mot kokepunktet. Då vert celleveggane brotne ned og meir farge og tannin kan ekstraherast. Dette kan også fjerne grøne tonar i vinen. Dette gjev mørkare pinot noir-vinar, og er ein stil mange likar. Eg er ikkje like begeistra. Dei fleste pinot noir-vinstokkane i Mosel er unge. Frå 1971 til 1985 var det forbode å ha pinot noir i vinmarkene, og hadde du gøymd unna noko mista du støtta til evt restrukturering, eller til vedlikehald av murar. Steinmetz lagar seks ulike pinot noir-tappingar. Ein del av druematerialet vart planta av far Günther. Det er både franske og tyske kloner. Stefan har også planta andre raudvinsdruer som dornfelder, merlot og i fjor også syrah.

Pen pinot

Kestener Paulinsberg Pinot Noir 2017 er svært lys raud, bleikare enn dei fleste burgundvinar. Luktar lekkert av burgundsk pinot-frukt, og krydder. Lett og elegant i munnen med grei syre og lite tannin. Fin fruktsødme og litt krydderpreg og snev av fat i ettersmaken. Dhroner Hofberg Pinot Noir 2017 har meir konsentrasjon, men er lys på farge. Fin lukt av nype og bringebær, og eit diskret fatpreg. Vinen smakar syrleg og fruktig fersk pinot noir, med balansert syre og lette tannin. Kestener Herrenberg Pinot Noir 2017 har 11,5% alkohol og lys raud farge. Fin søtleg kant på det raude fruktpreget. Strukturert vin, og noko preg av eik. Laktiske yoghurt-aktige aroma og mogne bringebær. Liten brent tone i ettersmaken. Mülheimer Sonnenlay Pinot Noir 2016 er den pinot-vinen til Steinmetz som treng lengst tid, og denne er vert lansert sist. 2017-utgåva er enno ikkje lagt ut for sal. Framleis med lys farge, men litt mørkare enn dei tre andre eg smakte. Lekker sursøt nase med nype, bringebær og fatkrydder. Fin struktur, men vinen er noko lukka og utilgjengelig å smake no.

Fossil og sukker

Eg smakte også nokre prädikat-vinar og ein tørr riesling som Stefan lagar med druer frå Martin Gerlach i Terrassen-Mosel. Katteneser Steinchen Liquid Fossil Riesling 2018 er nok ein svær riesling, men på nasen avslører den at her kan det nok skje spanande saker om vinen får lagre på seg litt slankare figur og syra får kome i framgrunnen. Preg av sursøte friske eple og regn på svaberg. Tørr, stor og litt feit riesling på smak. Spanande vin med både sitrus, eple og mineralpreg i smaken. Frå vinmarka er det funne mykje fossil frå gamle sjødyr. Dhroner Grosser Hengelberg Riesling Spätlese 2018 er ein vellukka spätlese frå 2018. Frisk, epleprega og lang. Brauneberger Juffer-Sonnenuhr Riesling Auslese 2018 var eg ikkje like begeistra for. Vinen har fått gode kritikkar, men eg tykkjer her manglar kompleksitet og syre. Vinen er laga utan botrytiserte druer. Litt vel rund og snill. Brauneberger Mandelgraben Riesling Eiswein 2018 vart plukka 21. januar 2019, med om lag 30% botrytis. Rik, konsentrert, feit og herlig vin.

Ein tanke på “Weingut Günther Steinmetz

Leave a Reply