Wine with altitude

Bukettraube – etter kvart som innhaldet i flaska forsvinn vert det meir og meir morosamt å sei namnet  høgt – er mellom dei svært sjeldne drueslaga. I utgangspunktet er Bukettraube den første krysninga i moderne tid og er halvt Silvaner og halvt Trollinger. Opphavleg  frå Tyskland, men der var ho sårbar for mjøldogg og modna seint – visstnok skal det finnast litt beplantning i Alsace, men det er i Sør-Afrika ho har funne den siste tilfluktsstaden. I dag er det berre knapt 77 hektar med drua igjen i verda.

Oppi fjella i Cederberg, tre timar nord for Cape Town, driv David Nieuwoudt som 5. generasjon på bruket. Vingarden ligg over 1000 meter – høgst i Western Cape – har varme dagar, kalde netter, mykje vind og eit tørt klima som vernar mot druesjukdomar. Innimellom naturvernengasjement, bærekraftprosjekt, utdanningshjelp og leopardteljing lagar dei eit breitt spekter av vin frå stort sett kjende kvite og raude druer. Og altså Bukettraube…

Nattverden smakar Cartology HER

Cederberg Bukettraube 2016

100% Bukettraube

Behageleg snute frå nyopna flaske. Blomstereng, aprikos og bivoks. Med tid i glaset kjem gule eple listande. Ørlite treverk langt, langt baki. Enkle, reine duftar.

Meir eksentrisk vin frå Sør-Afrika HER

Søt honning i anslaget som glir saumlaust inn i eit midtparti med sitrondrops, pære og sylta sitron. Litt (for) heit munnkjensle når temperaturen stig i glaset, men akkurat når vinnen er i ferd med å bli emmen så kicker ei herleg sitronsyre inn og følgjer vinen ut i ei avslutning med anstendig lengde.

Gøy vin som nesten forsvarar ein pris rett over 250,- og som nok mest kan samanliknast med ein feinherb riesling – tenk deg ein Johannisberger mellom rotlack  og grünlack ein stad. Ropar etter spicy mat, og fungerte veldig bra til yoghurtmarinert kylling med Nattverden sin heimelagde currypasta. Tippar vinen også fungerer med fruktdessert eller blåmuggost.

Oppskrift på heimelaga currypasta HER

Sting – My Songs

“I’m constantly tinkering and I’m always wanting to make the songs as contemporary as they can possible be, because I think they are good songs,” Sting tells Billboard. “Sometimes songs are identified by the technology they were recorded with — recording techniques, the sound of synthesizers or the drum sound. They all date a song, so we just want to re-contemporize the stuff.”

For eitt år sidan kom Sting med plate saman med – av alle ting – Shaggy, noko som fungerte mykje betre enn det umiddelbart høyres ut som. No er Sting attende med ei slags coverplate med eigne songar, som fungerer akkurat like dårleg som det umiddelbart høyres ut som…

Ideen ser ut til å ville gjera gamle hits tilgjengeleg for eit yngre publikum, spørsmålet er om han berre ender med å sprøyte botox inn i låtar som opphaveg var meir enn gode nok.

Sting sin eigen vin (og betre musikk) HER

Noko er spelt inn på nytt, noko har fått skifta ut trommer eller vokal, men beheldt ‘skjelettet’ av songen. Det verste er for så vidt når han berre har endra på små detaljar og det berre lét feil – sånn sett blir Earth, Wind & Fire på diskotek-versjonen av Set Them Free faktisk spanande.  

Verdas mest misforståtte låt (kanskje etter We are the Champions) Every Breath You Take får eit slags nytt liv – at Sting må anstrenga stemma meir i vaksen alder gjev truverde til den creepy stalkeren, pønkeversjonen av Demolition Man er veldig tøff, men herifrå går det nedover. Fields of Gold og Shape of my Heart er øydelagd for alltid, det same er Fragile. Englishman in New York har bytta ut Manu Katché med ei gampete trommemaskin og fjollete lydeffektar.

Innimellom kjem det nokre livespor som reddar dagen – om vi klarar å halda Sting på scena og i vinåkeren,  og borte frå studio så går det kanskje bra til slutt…

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Div wikipedia
www.cederbergwine.com
www.sting.com
www.billboard.com




Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *