Yohan Lardy Gamay Poppy 2018

På årets hittil varmaste dag søkte eg tilflukt på kjølerommet til Valkendorf-polet fram til eigen kjernetemperatur var nede i medium rare igjen. Eg kunne jo ikkje gå tomhendt derifrå, så eg fekk med meg ei flaske Gamay som visstnok skulle gje mykje drikkeglede til prisen.

Yohan er femtegenerasjons Lardy i Beaujolais og har produsert under eige namn sidan 2012. I åkeren jobbar han for hand, og hevdar at han korkje treng bruka insekt- eller ugrasmiddel. Intensjonen er å produsera så høg druekvalitet at han treng å involvera seg minst mogleg i prosessen fram til ferdig produkt.

Yohan Lardy Gamay Poppy 2018

100% Gamay, 60 år gamle vinstokkar, handplukka druer, lavintervensjon, økologiske prinsipp, spontanfermentering, usvovla, 10 månader på fat.

Litt skitten og småfunky snute utan at det gjer noko, hermetiserte kirsebær, blomstereng og svart pepar.

Friskt anslag, meir syrleg enn duften indikerar. Midparti med mengder av friske bringebær og kirsebær. Søtlege krydder langt baki. Solid lengde med blåplommer og jordbær som fader langsamt ut.

Skummelt lettdrikkeleg og forfriskande vin frå ‘Les Michelons’ i Moulin-a-Vent som fungerte veldig bra til eit stykke gris. Veldig bra kjøp til 170,-

Div. Artister – NOW That’s What I Call Music 3 (2019 reissue)

Ingen vil vel protestera mot at dei historisk to beste åra for musikk var 1876 og 1984. Spesielt 1984…


Dette året kunne NOW-serien (no for første gong på CD) henta hit etter hit utan å kjenna at noko berre var fyllmateriale. Her kjem FGTH med Two Tribes, Wham med Wake Me Up Before You Go Go, her er Time After Time og I Won’t Let The Sun Go Down On Me, pluss ein haug med andre låtar. På den meir alternative sida er det også plass til Propaganda og David Sylvian.  

Dessverre er det eit snev av latskap – eller i beste fall likesæle – over prosjektet. Ein ting er at Gary Glitter (dømd for grove seksuelle overgrep) og Bob Marley – One Love/People Get Ready (dei fekk ikkje rettane frå familien) manglar, men etter kvart som NOW anno 2019 har fått løyve til å gje ut låtane så har dei henta – liten nerdepause: Det som var unikt med den originale NOW-serien var at dei samla single-versjonane eller sjeldnare miksar av låtane – LP-versjonane i staden for å vera tru mot den opphavlege utgjevinga. Uansett eit herleg pubertetsnostalgisk gjenhør…

Kjelder:
www.superdeluxeedition.com
http://www.yohan-lardy.com/

Ein tanke på “Yohan Lardy Gamay Poppy 2018

Leave a Reply