Vellukka Experiment

Trass den mørke fargen er prokupac tradisjonelt mest brukt til rosévin eller i raud blend med meir populistiske druer. Sjølv om drua er vanleg i det tidlegare Jugoslavia, er den hardføre sorten, som fint tåler temperaturar ned mot minus atten gradar, knapt kjend utanfor Serbia, Kosovo og Nord-Makedonia. I Serbia kjem ein ny generasjon med småskala vinprodusentar ut av garasjane sine – og Radovan Djordjevic hjå Podrum Čokot vil gjerne syna at prokupac kan fungera åleine som raudvin.  

Les meir “Vellukka Experiment”

Ti år skilnad, ein kveld i lag: Clusel-Roch Côte-Rôtie

Ein gong i 2009, det må vel ha vore då for vinar frå 2007 var komne i sal, har eg bite meg merkje i at Jean-Paul Jamet hadde ytra seg svært positivt om årgang 2007 i Rhône. Eg gjekk difor avgarde og kjøpte litt Hermitage og Côte-Rôtie. Ein oppsummering på Cellartracker viser at det er den årgangen eg har fleste flasker frå Rhône-dalen. Med åra … Les meir Ti år skilnad, ein kveld i lag: Clusel-Roch Côte-Rôtie

Joyce of life

«Two gallons is a great deal of wine, even for two paisanos. Spiritually the jugs maybe graduated thus: Just below the shoulder of the first bottle, serious and concentrated conversation. Two inches farther down, sweetly sad memory. Three inches more, thoughts of old and satisfactory loves. An inch, thoughts of bitter loves. Bottom of the first jug, general and undirected sadness. Shoulder of the second jug, black, unholy despondency. Two fingers down, a song of death or longing. A thumb, every other song each one knows. The graduations stop here, for the trail splits and there is no certainty. From this point anything can happen.»

Les meir “Joyce of life”

J.B. Becker Wallufer Walkenberg Riesling Kabinett Trocken 2017

Rheingaus tøffaste mustasje er trygt festa til Hans-Joseph Becker som kompromisslaust tar hand om tradisjonen frå  bestefar Jean Baptiste. Vinhuset J.B. Becker er nyleg sertifisert økologisk, men dette er slik dei alltid har drive garden berre at no er det dokumentert. Samstundes var dei i forkant – eigentleg altfor tidleg ute – med å laga tørr riesling.

Les meir “J.B. Becker Wallufer Walkenberg Riesling Kabinett Trocken 2017”

Krásná hora Blanc de Noir Brut Nature 2017

Både Morten og eg har prøvd oss på Krasna Hora før, men at dei hadde ein musserande lagd med sjampanjemetoden har gått under radaren min. I eit land mest kjend for øl og dram, heldt vingjengen seg i Moravia, søraust i Tsjekkia – her gjev eit kjøleg klima lang vekstsesong og forhåpentlegvis druer med mykje konsentrasjon.

Les meir “Krásná hora Blanc de Noir Brut Nature 2017”