
De 10 beste filmene fra 2022, inkludert vinpakke
Vin & films offisielle liste over de 10 beste filmene fra 2022, med vinanbefalinger. Les meir De 10 beste filmene fra 2022, inkludert vinpakke
Vin & films offisielle liste over de 10 beste filmene fra 2022, med vinanbefalinger. Les meir De 10 beste filmene fra 2022, inkludert vinpakke
There is a land called Crete, in the midst of the wine-dark sea, a fair, rich land, begirt with water,
and therein are many men, past counting, and ninety cities.
Ah, britiske bobler. Der til dømes Hambledon vart starta av ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet, er det noko meir edrueleg med ekteparet Simpson, som – etter ein tjuvstart i Languedoc – etablerte seg i Kent i 2012. Her har dei på rekordtid fått til ikkje berre musserande, men også stille vinar, både kvitt og raudt.
Les meir “Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018”Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus-vegkryssa i historia, forsøkt utsletta av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon etter at Sovjetunionen rota til jordbruket deira. Zorah Voskì var mellom favorittane eg smakte i 2020, men hadde ein pris over 350,- Kan meir budsjettorienterte vinar gje drikkeglede?
Les meir “Ved foten av Ararat”Bulgaria er eit av desse landa som tevlar om å ha verdas eldste vinproduksjon, og har gjennom heile historia vore eit storpolitisk vegkryss. På sitt mektigaste gjennom 600-talet kvalifiserer dei til å bli hugsa som det storbulgarske riket, i moderne tid har prosessen frå brutal sovjetsatelitt til demokrati vore strevsam. Vinindustrien – som først kollapsa under angrep frå phylloxera, vart kollektivisert under kommunismen, kollapsa igjen økonomisk på nittitalet etter å ha vore ein av verdas største eksportørar. Det meste var blitt enkel bordvin for den russiske (og norske) marknaden før Gorbatsjov sin anti-alkoholkampanje råka knallhardt. I dag er produksjonen langsamt på veg opp igjen i ei blanding av lokale og internasjonale drueslag.
Les meir “Slav to the Rhythm”“Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.“
Les meir “Blant sultanar og okseauge”Nordaust i Hellas er det lett å sjå at det ikkje berre er norske fylkeskommunar som må kompromissa på namneval. Der ligg periferien ‘Aust-Makedonía og Thráki’, og inni der – heilt nord, oppunder fjella mot Bulgaria – ligg Dráma, ein liten region som trass høg kvalitet i vinproduksjonen enno ikkje har fått sin eigen opphavs-appellasjon. Her har Nikos Karatzas – med vinstudiar frå Bordeaux i lomma … Les meir Vin-Dráma
Når ein skal ramsa opp tyske vinregionar, så er neppe Ahr først på tunga. Det vesle området rett nord for Mosel som – noko kontraintuitivt – antakeleg er verdas nordlegaste (og brattaste) spesialisert på raudvin, og då spätburgunder, eller pinot noir om du vil…
Les meir “Ærleg Ahrbeid”Jura er ikke lengre en godt bevart hemmelighet, og prisene er heller slett ikke like hyggelige som for bare fem år siden. I dag må man fort opp i 300 kroner + for en flaske ung Jura. Følger man med på slippene på Vinmonopolet kan man likevel nå og da få med seg en liten perle. Forrige uke dukket Fumey Chatelain fra Arbois opp. En … Les meir Hipp hipp Jura!
Med i praksis stengde grenser er det trøkk på Vinmonopolet sine nettsider, og då vinen eg hadde bestilt vart utsett for cancel culture og ikkje levert, antok eg det var Skynet avd. Vectura som hadde rota det til. Lett overraska oppdaga eg etter kvart at flaska levde som ein slags Schrödingers Chardonnay på lokalpolet mitt, både kansellert og i butikken på ein gong.
Ah, Piemonte. I jaget etter Barolo og Barbaresco er det fort gjort å gløyme at desse berre utgjer 3 prosent av produksjonen i regionen. Gnitne vestlendingar vil antakeleg sjå til Langhe, Monferrato eller Alba for betre kjøp, medan dei aller særaste tusler innover i retning Alpane for å sjå om det skjer noko gøy der.
Les meir “Wag the DOCG”Det nærmar seg Kristi Himmelferdsdag og ei årleg påminning om for ein dramaturgisk meister Jesus var. Han verka noko irritabel i den siste tida før himmelferda. Om han var lei dumme spørsmål frå læresveinane, eller om tanken på å måtta flytta heimatt gjorde han meir edgy, veit vi ikkje.
Les meir “Ascension Seeking”Stakkars Oeillade Noire har vore (u)kjend i snart 500 år, og står neppe framfor noko stort gjennombrot i nær framtid. Ei gamal drue frå Provence som har eit omstridt slektskap til Cinsaut, enn så lenge. Lettmodna og produktiv plante som må haldast aktivt i sjakk med nedskjering for å ikkje overdriva drueveksten, og som trivst på høgare markar som ikkje høver for Cinsaut. I tillegg er Oeillade ei drue som har klart å levera vin med relativt lavt alkoholnivå trass aukande temperaturar i sør-Frankrike.
Les meir “Dom. Navarre d’Oeillades 2018”På drikkefronten er det ikkje tvil om at Tsjekkia er mest forbunde med bitterdram og øl, men nokre særingar driv også med vin. I Mähren, der 96% prosent av tsjekkisk vin vert produsert, veit ein at romarane oppfordra til drueplanting i år 278. Franske munkar planta druer her på 1200-talet, og Krasna Hora har i stor grad satsa på druer med fransk opphav.
Les meir “Don’t Take Your Love To Town”Vermentino finns over det meste av Indre Middelhav. Det er antakeleg same sort som Pigato og Favorita på fastlandet, og Rolle i Provence, men det er på Sardinia og Korsika drua har funne ein ordentleg heim. På Sardinia har drua fått ein eigen appellasjon og blir brukt i øyas einaste DOCG Vermentino di Gallura. Nordaust på Sardinia ligg Vigne Surrau som dyrkar Cannonau, Carignano, Muristellu, … Les meir Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018