Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

Vermentino finns over det meste av Indre Middelhav. Det er antakeleg same sort som Pigato og Favorita på fastlandet, og Rolle i Provence, men det er på Sardinia og Korsika drua har funne ein ordentleg heim. På Sardinia har drua fått ein eigen appellasjon og blir brukt i øyas einaste DOCG Vermentino di Gallura. Nordaust på Sardinia ligg Vigne Surrau som dyrkar Cannonau, Carignano, Muristellu, … Les meir Surrau Branu Vermentino di Gallura 2018

Simpsons already did it

Vi veit etter kvart at britane kan laga musserande vin, vil dei også kunne hevda seg på den boblefrie marknaden? I Kent har ekteparet Simpsons satt seg føre å laga stille vin med eigne druer – planta i 2014 og utover dei neste åra. Sidan 2016 har dei produsert musserande vin på sjampanjemetoden, pluss Pinot Noir, og Pinot Meunier vinifisert som kvit! Og altså Chardonnay som vi skal smaka i kveld.

Les meir “Simpsons already did it”

Les Grandes Vignes Groslot 2018

Stakkars Groslot, ikkje berre gjort narr av og nedvurdert av Oz Clarke og Jancis Robinson, men har offisielt mista namnet sitt til Grolleau Noir, og fysisk plass til fordel for andre druer i Loire. Mest brukt til i rosevinar frå Anjou, men hallo – burde ikkje ei drue som lagar vinar med lav alkohol og høg syre passa perfekt i dagens vinmarknad?

Les meir “Les Grandes Vignes Groslot 2018”

Moment of Silence

Pieter Walser, drop-out og surfeboms som byrja å laga vin på gøy, som har hatt meir kontakt med politiet enn med naboane, som syns det er mindre stress å laga 30 ulike vinar årleg fordi då har han fleire bein å stå på om noko ikkje blir så bra han skulle ønskje. Som syns det er mindre arbeid å kjøpa og hente druer frå meir enn 60 druebønder, enn å dyrka sjølv. Og som gjer alt dette kun med ein assistent i staben.

Les meir “Moment of Silence”

Oreste Buzio Grignolino del Monferrato Casalese 2018

Noko må ein jo ha å drikka på medan Nebbioloen modnar. Unge, friske Grignolino  – antakeleg ei genuin Piemonte-drue som – med eit lite og pussig unntak i California – knapt eksisterer nokon annan stad i verda. Trass lav etterspurnad og status har drua to DOCer i Piemonte – «vår» vin kjem frå den med det tøffaste namnet: Grignolino del Monferrato Casalese. Ikkje ei drue som folk står i kø for, men i ei verd der konsumentane etterspør stadig lettare vinar er det kanskje plass for Grignolino likevel?

Les meir “Oreste Buzio Grignolino del Monferrato Casalese 2018”

Pardevalles Prieto Picudo Rosado 2018

Prieto Picudo er ikkje akkurat kvardagskost sjølv om ho er ei av dei viktigaste druene rundt León, nordvest i Spania. Det kan sjølvsagt ha noko med at Tierra de León ikkje akkurat er vindistriktet som får mest merksemd… Området  ligg rundt 800 meter over havet og må takla høge dagtemperaturar og kalde netter. Den hardføre drua er unik i den forstand at ho samstundes har … Les meir Pardevalles Prieto Picudo Rosado 2018