Pinot of no Return

Méthode ancestrale – eller berre Méthode som dei kalla det i 1550 – er den eldste formen for musserande vinlaging ein kjenner til, der ikkje heilt ferdig fermentert vin blir tappa på flaske og dannar bobler i siste innspurt av gjæringa. Antakeleg oppsto det utilsikta ved at gjæringa stoppa når det vart kald vinter og livna til att då våren kom. I dag kan vinbønder tilsynelatande gje kontrollen frå seg til naturen, men samstundes ha ein styring over temperatur og prosess som ikkje var mogleg for tidlegare generasjonar. Om metoden er blitt enklare å hanskas med, er likevel ein heil del overlaten til slumpelukka og flaskevariasjon.

Les meir “Pinot of no Return”

Vini d’Ischia Biancolella

Stakkars Ischia. Med strategisk plassering utanfor Napoli, har den vesle øya vore mobbeoffer for små og store makter gjennom nokre tusen år, i tillegg til vulkanutbrot og generell piratverksemd. Byta mot Capri av Keiser Augustus, teken av herulerane, så av austgotarar, så av romarane igjen, så arabarar, tyskarar, normannarar, pisanarar, franskmenn, engelskmenn og ein heil del andre i ymse rekkefølgje.

Les meir “Vini d’Ischia Biancolella”