Kult eller kalkun #3 – altså, aligoté?

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Marc Soyard? Nei, det hadde ikkje eg heller. Renessanse Jaudå, eg kan likegodt berre innrømme det med ein gong: eg har ikkje fått med meg … Les meir Kult eller kalkun #3 – altså, aligoté?

Bugey Wonderland

Du veit du som vinregion har litt pr-arbeid framfor deg når sjølv franskmennene trur du høyrer til Savoie. Like fullt har Bugey – klemt inn mellom Jura, Savoie og Rhone, med Lyon og Beaujolais i vest – sin eigen ferske AOC heilt sør i Jura-fjella. Druebruken syner pragmatisk nærleik til fleire regionar – Chardonnay, Gamay og Pinot Noir frå Burgund-sida, Mondeuse, Altesse og Jacquère frå dei alpine naboane. Topografisk har dei mykje til felles med Savoie, kan dei laga like god vin?

Les meir «Bugey Wonderland»