Nattverden

Skjærtorsdag. Det siste måltidet. Dramaet i påska er i gang. Det jødiske påskemåltid vert til nattverden. Vin er blod, brød er lekam. Offerlammet gjev seg sjølv, så vi kan gå fri. Og dei seks orda som skal bli så viktige for utbreiinga av vindyrking i Europa; “Gjer dette til minne om meg”. Merete seier at romarane var viktige for utbreiinga av vinkulturen, men etterfølgjarane til … Les meir Nattverden

Tour de France 2019 – 5. etappe – Route de vin Alsace

På den femte etappen vert det klatring i Vosges. To 3. kategori- og to 2. kategori-klatringar skal forserast, før det flatar ut rett før målgang i Colmar. No er det på tide å vise kven som fortener den prikkete klatretrøya. For dei som jaktar den grøne trøya, er det innlagt ein spurt nord i Alsace, rett før byen Barr. Etappen er lagd slik at romantiske … Les meir Tour de France 2019 – 5. etappe – Route de vin Alsace

Vind i håret, Windsbuhl

Når vi tenkjer på omgrepet terroir, er det kanskje det som er i og under jorda vi fyrst tenkjer på. Geologien, dei ulike tidsepokane som har størkna, avsett eller omforma massar til nye lag med granitt, basalt, kalkstein, skifer eller leire. Og korleis desse sjikta under det øverste topplaget kan påverke smak og struktur på den ferdige vinen. Dei lærde stridast om korleis Chablis kan smake østers, … Les meir Vind i håret, Windsbuhl

Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015

Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015 Det er ikkje kvar dag at vinar i basisutvalet blir kvoterte, men før mars-sleppet fekk Zind-Humbrecht så mykje merksemd at Vinmonopolet såg seg nøydt til å setja ei grense på maks 3 flasker per bestilling. Vekkerklokke og geografi var til stor hjelp, men kva no..? Umiddelbar tilgjengeleg duft frå nyopna flaske; sylta sitron, noko som enten er søte eple … Les meir Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015