Nattverdens vinbingo 2024

Ja, så er eit nytt år framfor oss. 52 helger, 156 dagar med r, eller korleis du no legg opp til å få konsumert alle dei 65 flaskene med kvit Burgund som kanskje er oksiderte.. Neidå, livet er fint, glaset er halvfullt og framtida full av vindruer du enno ikkje har oppdaga. Kanskje blir 2024 året du fyrste gong smakar ein plavac mali, pelaverga eller … Les meir Nattverdens vinbingo 2024

Bobler frå Balkan

Om nokon ber deg ramsa opp dei store vinlanda i Europa er Romania neppe høgt på lista. Likevel har dei største vindruedyrkearealet i Aust-Europa og snuser på ditto femteplass for heile Europa. I riktig gamle dagar var søte Cotnari meir omtykt enn Tokaji og dei kan i tillegg skryta på seg ei vindrikkande befolkning – få prosent av produksjonen forlèt landet. Elles er nyare vinhistorie det vanlege: hardt råka av phylloxera på slutten av 1800-talet, gjenplanting av populistiske drueslag i staden for dei tradisjonelle.

Les meir “Bobler frå Balkan”