Topp 42/43 Anselma Langhe Nebbiolo 2019

Når eg snøgt blar igjennom biletearkivet på mobiltelefonen ser at det er eit skifte for 12-13 år sidan. Før det, så dukkar det opp mange flasker frå Bourgogne, medan seinare har majoriteten av raudvinsflasker flytta seg til Piemonte. Det har gått frå pinot til nebbiolo.  Alle desse åra med nebbiolo frå Langhe, Barolo, Barbaresco, Gattinara og Valtelinna har gjeve meg mykje glede. Men det er … Les meir Topp 42/43 Anselma Langhe Nebbiolo 2019

Chardonnay med dialekt

Eg har for kort tid sidan vore igjennom fire chardonnay-vinar, alle ganske så ulike, og frå ulike verdshjørne. Men korleis best skildre vinane? Kvar for seg er dei alle fire typiske i sin god-kvalitets-chardonnay-med-noko-eikelagring-stil, men likevel er dei ganske så distinkte i kvar sin retning. Faktisk gjer det kanskje best meining å skildre dei mot kvarandre, og då utan å bruke for mykje av fruktkorg-adjektiva, … Les meir Chardonnay med dialekt

Cloudwalkers?

Stå utanfor og kritisere, eller bli med og forsøke å forandre frå innsida. Dette er eit dilemma som vi kan støyte på i våre liv. I politikken, samfunnet eller arbeidslivet er det fleire måtar å oppnå endring. I det sentralstyrte Frankrike kan det verke som eit uoverstigeleg hinder å forsøke å riste i lokale AOC-reglement- og styresmakter. Er det rart det finst naturvin? Natur eller … Les meir Cloudwalkers?

Mens vi venter på Gaunoux

Med i praksis stengde grenser er det trøkk på Vinmonopolet sine nettsider, og då vinen eg hadde bestilt vart utsett for cancel culture og ikkje levert, antok eg det var Skynet avd. Vectura som hadde rota det til. Lett overraska oppdaga eg etter kvart at flaska levde som ein slags Schrödingers Chardonnay på lokalpolet mitt, både kansellert og i butikken på ein gong.

Les meir «Mens vi venter på Gaunoux»

Pinot Noirs Mange Ansikter

I 1975 ble Decanter født. I 1976 ble jeg født. I 1995 kjøpte jeg mine første utgaver og der stod det skrevet: «Bordeaux er for de seriøse filosofene og Bourgogne er for livsnyterne.» (Fritt sitert og oversatt etter hukommelsen.) Det var første gang jeg ble introdusert for pinot noir i skrevet form, og første gang jeg lærte ordet «hedonist», men det var klart for meg: … Les meir Pinot Noirs Mange Ansikter

Jean-Paul Thévenet Morgon Vieilles Vignes 2015

I Morgon (men ikkje i dag) har vinane frå gamay-drua ein tendens til å bli meir intense enn i resten av Beaujolais – og det var her Jean-Paul Thévenet – tredje generasjons odelsgut på bruket – bestemte seg for å gjeninnføra meir tradisjonell praksis, og å laga ein annan stil enn masseprodusert, kommersiell vin. Som ein firedel av Gang of Four etablerte han biodynamiske prinsipp … Les meir Jean-Paul Thévenet Morgon Vieilles Vignes 2015