Zweigelt 100 år!

Jaudå, det kan godt vere at framtid tilhøyrer piwis*, men enn så lenge regjerer pinot noir og chardonnay kloden med mjuk hand og smakfull suksess. Verdas mest populære druesortar ligg godt sementert, men innimellom dukkar det opp nokre nykomarar som klarer å bite seg fast. Mine damer og herrar, ta godt imot: zweigelt! Akseptert og elska Zweigelt feirar altså 100 år, og grunnane til eit … Les meir Zweigelt 100 år!

Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020